knutvaage1
VERDSPREMIERE PÅ BOREALIS: – Eg kjenner meg heldig som får lov til å breia meg ut med ein heil konsert, seier Knut Vaage om bestillingsverket «Hybrid Spetakkel», som får verdspremiere på Borealisfestivalen i slutten av neste veke. (Foto: Roy Bjørge)

– Radiobølgjene kjem til oss med spor av stjernestøv i seg

Del artikkelen i Sosial medier

– Kan du tenke deg kor sterkt det er for meg å få sitje og halde på med slikt? spør samtidskomponisten Knut Vaage, som sidan tidleg 90-tal har skapt fantasifull musikk der ideane nærast fløymer over i eit uttrykk som kan vere alt frå rein støy til lidenskapeleg, leikent og melodisk. Laurdag 7. mars har han premiere på eit heilt nytt verk under årets Borealis-festival.

Knut Vaage er opphavleg frå Sunde sør i Kvinnherad, men har budd heile sitt vaksne liv i Bergen. Han tok utdanning som pianist og komponist ved Griegakademiet i Bergen, og var initiativtakar til konsertserien Avgarde – som har vore ein viktig møteplass for samtidskomponistar, musikarar og publikum like sidan starten i 2006.

– Bestefar hadde streva på garden heile livet, og no hadde han nokre korte år igjen – så han skreiv mange fine barnebøker og diktbøker seint i livet.

Me opnar med å snakke litt om oppveksten hans, og då går det ikkje lang tid før han nemner farfaren, som var forfattaren Ragnvald Vaage (1889-1966). Den første cd-plata frå Knut Vaage, Eg strøyer mine songar ut (Albedo, 1993), var faktisk ein songsyklus basert på ti av farfarens dikt – opphavleg laga til ei framføring i Baroniet i Rosendal i 1991.

FARFAR VAR FORFATTAR

– Eg hugsar han berre så vidt, for eg var berre seks år då han døydde, fortel han.

– Bestefar var litt sånn fjern, for han var oppteken av dikta sine. Han hadde streva på garden heile livet, og no hadde han nokre korte år igjen – så han skreiv mange fine barnebøker og diktbøker seint i livet.

knutvaage5 Khairos Foto Erik Berg 009
ALLE DØYR PÅ SLUTTEN. – Hovudpersonen treffer kjærleiken ute på oljeplattforma, men heile verda går under før dei får sjanse til å kyssa kvarandre, seier Knut Vaage om operaen «Khairos», som blei framførd på operaen i Bjørvika i 2013. På biletet ser vi korleis sivilisasjonen går under i ein stor blowout, samtidig som befolkninga har ein stor fest med konfettikanon. Musikk: Knut Vaage, libretto: Torgeir Rebolledo Pedersen. (Foto: Erik Berg)

Ragnvald Vaage sin produksjon omfattar både diktsamlingar, barnebøker, romanar, forteljingar og noveller. Han skreiv også artiklar og reiste rundt til ungdomslaga som folketalar i grundtvigsk and, der han mellom anna kjempa for folkeretten, bondekulturen og nynorsken.

– Han var faktisk ein av dei kjende kunstnarane, og var ven med både Geirr Tveitt, Olav H. Hauge og Johannes Heggland, fortel Vaage.

– Når eg som barn traff eldre menneske, og dei fekk høyre at eg var barnebarnet hans, fekk eg alltid spesialbehandling.

– Var foreldra dine også kunstnarar?

– Eg flytta til Bergen for å jobba som bygningstømrar. Eigentleg så er ikkje det faget så ulikt det eg held på med no. Eg driv framleis og konstruerar ting.

– Nei, dei var bønder. Far min var lokalhistorikar, og skreiv tre bygdebøker. Han var ein bokas mann. Eg hugsar at han alltid sat i stolen sin etter ein lang dag på garden. Han streva og jobba aleine, og så sat han i stolen og ville gjerne sjå litt fjernsyn og lesa ei god bok før han tok kveld. Som regel klarte han ingen av delane. Så sat han der og sov då, med boka i fanget og fjernsynet på.

ER UTDANNA BYGNINGSTØMRAR

Knut Vaage er yngst i ein søskenflokk på fem brør. Den eldste av dei heiter Lars Amund Vaage, og er, til likskap med bestefaren, ein kjend norsk forfattar. Sjølv har Knut Vaage altså teke utdanning som komponist og pianist, men karriera hans byrja i eit anna fag.

[PostBlock id=552]

– Eg flytta til Bergen for å jobba som bygningstømrar, fortel han.

– Eigentleg så er ikkje det faget så ulikt det eg held på med no. Eg driv framleis og konstruerar ting.

– Også som tømrar?

– Eg har gjort ganske mykje på eigne hus opp gjennom åra, sjølv om eg helst leiger inn handverkarar.

– Korleis set du opp ein lettvegg? spør eg, mest ut frå eigeninteresse.

– Det kan eg fortelja deg. Du har bunnsville og toppsville med stender imellom. Så må du ha gipsplater på innsida og utsida, med isolasjon i mellom. Og så må du ikkje gløyma elektrisiteten. Hvis du treng dør og vindauga, så må du hugsa på det også. Og så skal det vera beint.

– Du har bunnsville og toppsville med stender imellom. Så må du ha gipsplater på innsida og utsida, med isolasjon i mellom. Og så må du ikkje gløyma elektrisiteten. Hvis du treng dør og vindauga, så må du hugsa på det også. Og så skal det vera beint.

– Har du jobba som tømrar?

– Ja, fram til eg var 20 år. Då tok eg fagbrev – og så skifta eg over til musikken. Eg var heilt kicka på musikk frå før, så eg valde feil då eg balte meg inn på yrkesskulen. Eg kjende korleis fingrane stivna, så til slutt sa eg berre opp jobben, fortel han.

– Det som skjedde var at eg traff Karl Seglem (saksofonist og bukkehornist, journ. komm.) på ein kafé. Han var òg nett komen til byen, og hadde hatt ein annonse i avisa der han søkte etter nokon å spela med.

– Då me møttes, hadde me kvar vår avis under armen, som var ein måte å møta kvarandre ute på byen før mobiltelefonens tid.

TOK FRI FOR Å ØVA

Møteplassen var ein sein kveld på nattklubben på Hotell Norge. Det er vel rett å seie at dei to «fant tonen», for like etterpå gjekk dei saman om bandet Ictus – oppkalla etter ein Carla Bley-låt og med tre andre musikarar om bord (Gunnar Nordgård, Rolf Prestø og Geir Egil Svinnset) i tillegg til Vaage og Seglem.

– Dette var frilansarar, så me øvde på dagtid i Hulen. Eg måtte ta fri frå jobben for å vera med, så eg sa opp, og tok i staden litt småjobbar for å leva.

Samstundes tok han kontakt med ein lærar på det dåverande Bergen Musikkonservatorium (no Griegakademiet) og byrja å øva seg på å spela klassisk musikk for å koma inn der.

– Me kalte det for «Konsen». Eg øvde for meg sjølv i nokre månader, og så kom eg inn der då. På klassisk piano. Det var nesten eit lite mirakel at eg kom inn. Dei andre studentane hadde øvd i årevis.

– Det var vel ikkje så mykje jazz der den gongen?

– Nei, jazz var heilt forbode. Eg gjekk jo ikkje der for å spela jazz. Det gjorde eg på fritida. Eg gjekk der for å læra meg teknikk, for eg hadde så hardt anslag med desse stive tømrarfingrane mine.

MØTTE SAMTIDSMUSIKKEN

– Eg øvde for meg sjølv i nokre månader, og så kom eg inn der då. På klassisk piano. Det var nesten eit lite mirakel at eg kom inn. Dei andre studentane hadde øvd i årevis.

På konservatoriet fekk han også læra om nyare musikkhistorie og samtidsmusikk.

– Eg var den einaste eleven i klassen som likte det. Eg tente på det som eit fly – så eg begynte å komponera med ein gong eg kom inn der.

– Kva komponistar blei du gjort kjend med?

– Det var Alban Berg, György Ligeti, Karlheinz Stockhausen og John Cage; heile pakken. Alt dette var heilt fantastisk, det opna opp ei heilt ny verd for meg. Eg var fullstendig altetande, og tenkte aldri på at det kunne vera eit problem å halde på med å lage slik musikk. Eg var jo vant til å lage musikk og spela i band – så for meg var det ein heilt naturleg ting.

knutvaage3
HEIMELAGA INSTRUMENT: – Eg kallar den for «gipano», seier Knut Vaage om ein gamal øydelagd gitar som han har sett pianostrengar og ulike ting på. (Foto: Roy Bjørge)

– Kva med Olivier Messiaen? Fant du inspirasjon i verka hans?

– Å ja. Han hadde ein svært avansert komposisjonsteknikk – han skreiv eigne lærebøker der du kan læra deg hans stil. I tillegg reiste han rundt i verda og skreiv ned fuglesongar, som han sidan brukte i musikken sin.

– Har du brukt fuglesong sjølv?

– Eg har laga eit orkesterverk som heiter «Skjulte songar», som eg byrja å skrive på ein maidag i 2005 medan eg var på hytta mi i Sunnhordland. Det første eg gjorde var å stå der og høyre på fuglane. Så gjekk eg inn til pianoet og skreiv ned dei ulike fuglane eg høyrde rundt omkring, og brukte dette som råmateriale til orkesterstykket, fortel han.

– Det er aldri blitt utgitt, men Stavanger symfoniorkester har spelt det på radioen. Dei hadde ein dirigent som jobba voldsomt med det. Han ville ikkje snakke med meg, han var så konsentrert. Men etterpå hadde han lyst å gjera det igjen, men det har ikkje blitt noko meir.

– Det var med piccolo og fløyter?

– Tek du eit lite tema og repeterar det med ujevn rytme imellom, så blir det fugl. Så har du desse fantastiske solistane slik som svarttrosten, som utbroderar meir.

– Ja, eg gjorde jo disse fuglevariasjonane i lyse instrument, men eg forvandla dei også slik at dei forsvant ned i kontrafagotten. Det var det med skjulte songar i alle moglege aspekt – det gjaldt ikkje berre den naturalistiske fuglen, men også alle aspekt av det å skjula ein song. Tek du eit lite tema og repeterar det med ujevn rytme imellom, så blir det fugl. Så har du desse fantastiske solistane slik som svarttrosten, som utbroderar meir.

– Dei kommuniserar jo. Fuglesong er ei form for kommunikasjon, kommenterar eg, og spør om han også brukar fuglelydar i «Hybrid Spetakkel» – som får premiere på Borealis-festivalen på slutten av neste veke.

– Eg har eit ganske godt forhold til å bruke fuglesong i musikk, men det er ikkje noko av det i Borealis-verket.

BESTILLINGSVERK TIL BOREALIS

– Det er eit bestillingsverk?

– Ja, frå BIT20-ensemblet. Eg har jobba saman med cellisten John Ehde frå København i tre år i forskningsprosjektet «(Un-)Settling Sites and Styles». «Hybrid Spetakkel» oppsummerar forskninga vår. Me har hatt eit komponist/utøvar-samarbeid, fortel han.

knutvaage6
INTERVJU MED FRANSK TV: Den franske tvkanalen Pro Arte sende opptak av Knut Vaages opera «Veslefrikk» (med libretto av Torgeir Rebolledo Pedersen) då den blei framførd på den ungarske operakonkurransen Armel i 2010. – Eg blei tildelt publikumsprisen, men regissøren stakk av med den. Han berre tok den og så gjekk han. Han gjorde også operaen om til ein tragedie, og det var veldig mot mi vilje. Så me var ikkje gode vener på slutten der, seier Knut Vaage. (Skjermfoto frå Dunatelevision/Youtube)

– Verket kjem også som ei krone på verket i ein lang serie som eg har gjort saman med lydkunstnaren Thorolf Thuestad. Eg og han har jobba saman sidan 2003 – og produsert enormt mange spenstige ting. Me har utvikla ein teknikk for å laga ein musikk som er basert på akustiske instrument og elektronikk – eit lydbilete som ligg i hybridlandskap. Det er difor verket har fått namnet «Hybrid Spetakkel». Du kan seie at det er ein meditasjon over mennesket sitt forhold til elektronikk, seier han, og held opp mobilen sin.

– Me har alltid med oss denne her. Det blir ein slik hybridsituasjon der me er avhengige av teknologi – og det påverkar korleis me lever liva våre, legg han til, samstundes som han understrekar at verket ikkje held opp nokon peikefinger mot tilhøyrarane.

– Det er meir ein leik med dei ulike verkemidla. Me har hatt ein workshop der me har gjort opptak av ulike lydar, og så har eg komponert på desse meir slik dei gjer det i popmusikk. I staden for å komponera ved å skriva notar, slik eg er vant til, så set eg lydane saman «live» på same måten som DJar. Thorolf og eg kjenner kvarandre så godt at me kan leika med det.

– Kva vil du seie til dei lesarane som kanskje vil tru at dette er for avansert og vanskeleg – og umogleg å få noko glede ut av?

– Eg vil seie at eg er eit bevis på det motsette. Det er ikkje vanskeleg, det er veldig lett. Eg har spelt inn mykje av dette sjølv, seier han.

– Eg har brukt alle moglege lydar som eg har samla inn over tre år. Eg gjev gjerne lydane eit poetisk namn. Når eg seier «vindlandskap» til Thorolf så veit han kva eg snakkar om.

– Dersom eg manglar ein lyd, spelar eg ein lyd frå pianoet inn på eit videokamera med transducer-mikrofonar – slike små klumpar som du kan setje på bordet og gjere om til ein høgtalar.

– Denne rare lyden kan eg så putta inn i datamaskina. Då har eg eit opptak som eg kan visa til Thorolf. Eg har brukt alle moglege lydar som eg har samla inn over tre år. Eg gjev gjerne lydane eit poetisk namn. Når eg seier «vindlandskap» til Thorolf så veit han kva eg snakkar om.

SPOR AV STJERNESTØV

– Korleis dreg du inn musikarane i BIT20-ensemblet då?

– Det er dei som er lydkjelda. Alle lydane frå musikarane. Eg pressar dei til yttergrensene av det dei held på med – dei sit kanskje og slår på trompeten eller skrapar litt på cellostrengane – og så går det inn i datamaskina – og så blir det plutseleg eit utstrakt lydbilete som ligg der som ein klangfarge.

– Men dei blir altså bearbeida live, både med avansert elektronikk frå Thorolf Thuestad og ved hjelp av transducer. Eg skreiv ut partituret for to dagar sidan, seier han, og legg ein stor bunke A3-ark på bordet framom oss – noko utskjemd med kaffiflekkar.

knutvaage2
OPNAR MED RADIOSTØY: – Radiostøyen kjem frå verdsrommet, så kvar musikar kjem inn på scenen med stjernestøv, seier Knut Vaage om innleiinga til «Hybrid Spetakkel», som får premiere på Borealisfestivalen. (Foto: Roy Bjørge)

– Eit godt partitur skal ha kaffiflekkar, seier han, og peikar på innleiinga til verket.

– Alle kjem inn med kvar sin radio – det er litt sånn i anda etter John Cage.

– Er radioen påskrudd?

– Ja, men FM er jo kobla ned, så me finn i staden fram til radiostøyen. Den kjem frå verdsrommet. Radiobølgjene kjem til oss med spor av stjernestøv i seg, så kvar musikar kjem inn på scenen med stjernestøv; eit levande elektronisk støymateriale som er eit pulver, eller ei kime til liv, forklarar han.

– Så går dei til instrumentet sitt, og skrur av radioen. På den måten får du ein transformasjon frå radioen til ein drone, der alle deltek. Musikken veks ut av den, blir fødd på den måten, medan publikum kjem inn. Kan du tenke deg kor sterkt det er for meg på sitja og halda på med slikt; å få lov til det?

«FRÅ DJUPET»

Innleiinga til stykket har fått namnet «De Profundis», som også er tittelen på Oscar Wildes kjærleiksbrev til Lord Alfred Douglas, som han skreiv frå fengselscella. Tittelen er henta frå fyrste verset av Bibelens Salme nr. 130.

– «De Profundis» betyr «frå djupet», her illustrert ved ein cellotone som er nedstemt med ein kvint. Det er berre djupe instrument i heile ensemblet, så her er det berre det aller djupaste, forklarar han.

– Eg er heldig som får lov til å jobba med heile dette spekteret i min musikk gjennom livet. Det er eg veldig takknemleg for.

– Samstundes er det tenkt som eit lite peik mot alle idiotane som sende Oscar Wilde i fengsel og i realiteten gav han dødsstraff. Det å setja ein dandy til hardt straffarbeid var det same som å drepa han, og det berre fordi han var homofil. Han var jo eit geni, og ein fantastisk person som berika verda med stor kunst.

Oscar Wilde ville ikkje fornekta kjærleiken. Han kunne stått der i rettssalen og bløffa for å koma seg fri, men det gjorde han ikkje.

– Me treng å minnast på at det finst ei urettvise i det folk vert utsett for. Det er òg musikken si oppgåve – ikkje berre springa rundt og sei «happy, happy» og tjo og hei i ein lystig poplåt. Me kan gjera det òg – men musikken har heile spekteret, slik menneskeheita har heile spekteret, seier Vaage.

– Eg er heldig som får lov til å jobba med heile dette spekteret i min musikk gjennom livet. Det er eg veldig takknemleg for, at det faktisk er mogleg. Det er det det dreiar seg om for meg.

Knut Vaages verk «Hybrid Spetakkel» får verdspremiere på Borealisfestivalen laurdag 7. mars kl. 20.00 – framførd av BIT20 Ensemble (dirigert av Trond Madsen, og med John Ehde som solist på cello. Borealis 2020 arrangeres på ei rad stader i Bergen i perioden 4.-8. mars. 

Knut Vaages konsertforestilling/bibelspel «Eselet – scener fra palmesøndag», med tekst av Bjørn Sortland, vert framførd av Fridalen kirkes gutte- jente- og ungdomskor i Fridalen kirke søndag 29. mars kl. 18.00. Knut Vaages dotter syng i dette koret.

På sin første konsert i Bergen vil United Instruments of Lucilin frå Luxembourg mellom anna spela Knut Vaages klavertrio «Svev», som blei urframførd på Borealis i 2018. Konserten er støtta av Griegakademiet, Bergen Kommune og Avgarde, og blir halden i Gunnar Sævigs sal laurdag 18. april kl. 13.00. Meir informasjon: avgarde.no.

Sjå også Knut Vaages heimeside.

 

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this