Sist torsdag blei det gjort kjend at Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur 2023. Bergensmagasinet gratulerar, og markerar ei svært fortent tildeling med å henta fram eit 18 år gamalt intervju frå arkivet.
Tekst: Magne Fonn Hafskor / Morten Lorentzen
– Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen, seier den ferske Nobelpris-vinnaren i ei pressemelding frå Samlaget.
– Eg er overvelda, og svært glad og takksam. Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga.
95 år sidan sist
Jon Fosse får prisen for sin «nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara».
Jon Fosse har i fleire år vore ein av favorittane til å vinna den store litteraturprisen, og i år blei det hans tur. Han blir dermed den fjerde i rekka av norske forfattarar som blir tildelt prisen og den første sidan Sigrid Undset i 1928. I tillegg har prisen gått til Knut Hamsun (1920) og Bjørnstjerne Bjørnson (1903).
I grunngjevinga frå Svenska Akademien står det at Jon Fosse får prisen for sin «nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara».
– Vi er uendeleg stolte over at Fosse får Nobelprisen i litteratur, seier forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard.
– Sidan Fosses litterære debut i 1983 har vi i Det Norske Samlaget fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing. Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen.
No er det ikkje første gong Jon Fosse anten blir nominert til eller mottek høgthengande prisar. I 2010 fekk han Den internasjonale Ibsenprisen og i 2015 blei han tildelt Nordisk råds litteraturpris for romanverket «Trilogien».
Fosses storverk «Septologien» kom ut i tre bøker i 2019, 2020 og 2021, og handlar om kunstmålaren Asle som bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.
For «Septologien» har han fått både Brageprisen og Kritikarprisen, og det tredje bindet i bokserien har vore nominert både til The International Booker Prize, National Book Critic’s Circle Awards og National Book Awards.
Det skulle berre mangla med ein forfattar som vert rekna som ein av vår tids viktigaste. I dei siste 40 åra har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda.
Fosses storverk «Septologien» kom ut i tre bøker i 2019, 2020 og 2021, og handlar om kunstmålaren Asle som bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.
– Eg blei aldri noko anna enn ein amatørgitarist
Våren 2005 gjorde Bergensmagasinets kåsør, Morten Lorentzen, eit lengre intervju med forfattaren – opphavleg publisert i medlemsbladet for NOPA (Norsk forening for komponister og tekstforfattere).
Jon Fosse var allereie den gongen eit verdsnamn, sjølv om Morten Lorentzen kunne skildra ein vidgjeten kunstnar som framleis fekk gå i fred her i Bergen. «Til det har han nok litt for få kamper på Stadion» skreiv han, og let Fosse opne intervjuet med å fortelja om tida då han ville gjere karriere som gitarist:
– Eg blei aldri noko anna enn ein amatørgitarist, men musikken var viktig i desse åra der ein blir forma. Eg øvde nesten heile tida eg ikkje var på skulen, fortel Fosse.
– Det skorta ikkje på innsatsen, men eg skulle jo hatt ein lærar. Berre det å stemme gitaren var jo eit slit. Eg kjøpte visebøker og gitarbøker frå England, og fann jo noko der. Eg opplevde på den tida at eg var ein slags «kunstnar» eller avviker om du vil. Eg var ikkje heilt til stades. Det oppstod ein slags avstand mellom meg og røynda som eg prøvde å fylle med musikken. Eg famla meg fram og heldt på med musikk, men òg med måleri.
– Eg var vel nærast ein original å sjå til med langt hår ned til magen, og det hjalp nok ikkje så mykje i forhold til jentene. Slik var nok det.
– Når kom det ord inn i klangane dine?
– Eg prøvde ganske tidleg å lage eigne songar; musikk og tekst. Eg laga patetiske og fæle songar. Til å begynne med var det jo ingen å spele det for, men etter kvart blei eg med i eit slags band – og eg spelte til og med til dans. Eg var vel i 13-14-års alderen på dei tider. Ingen i bandet var gamle nok til å kjøre bil, så vi måtte leige bil med sjåfør.
– Eg var vel nærast ein original å sjå til med langt hår ned til magen, og det hjalp nok ikkje så mykje i forhold til jentene. Slik var nok det. Låtane mine frå den gongen er nok sletta. Det mest vidløftige vi gjorde var kanskje å spele ein slags rockeversjon av Solveigs sang. Men eg mangla jo disiplin. Eg blei aldri noko anna enn ein halvbra gitarist, eigentleg ein svært dårleg gitarist.
– For meg er det å skrive å lytte
– Er du medviten din musikalitet i det du skriv i dag?
– Fordi eg spelte så mykje i dei formande åra, så sit nok dette i meg. Og eg spelte jo også ein del klassisk gitar. Avansert blei eg aldri, men eg lærte meg å spela nokre små menuettar og slikt. Omtrent samtidig som musikken stansa opp, tok eg til å skrive – og det eg prøvde på i tekstane mine var omtrent det same som eg prøvde på då eg spelte. Det repetitive i mine tekstar trur mange kjem frå austerrikaren Thomas Bernhard. Dét gjer det altså ikkje. Dette er noko eg har halde på med heilt sidan i 16-årsalderen då eg budde på hybel og skreiv meg gjennom ein slags roman.
– Eg seier gjerne at tekstane mine er ein slags melodiar, ein slags songar, for den saks skuld at dei til og med skal kunne syngjast.
– Dessutan snakkar jo alle sånn, berre høyr på deg sjølv. Ein snakkar i repetitive mønster. Eg brukte ikkje dette mønsteret på grunn av realismen, men fordi eg då kunne få til ein slags musikalitet i tekstane. Eg seier gjerne at tekstane mine er ein slags melodiar, ein slags songar, for den saks skuld at dei til og med skal kunne syngjast. Eg er ikkje mykje medviten på den kompositoriske strukturen i det eg skriv; eg veit berre intuitivt når det fungerar.
– For meg er det å skrive å lytte. Mange skal jo gjerne skildre røynda eller noko sånt. Det er ikkje det viktigaste for meg. Sjølvsagt vil eg gjerne utrykkje noko, men det næraste eg kjem ein metafor er å seie at for meg det å skrive som å lytte. «Kva i helvete er det du lyttar etter?» kan ein jo då spørje, og der blir eg svar skuldig. Men eg vil i alle fall påstå at eg lyttar etter noko i det verkelege, noko som er der, sjølv om det ikkje er tydeleg forstått. I ein tekst må i alle fall alle elementa spele i forhold til kvarandre, omtrent som i ein komposisjon. Eg prøver og prøver og høyrer etter om det blir rett eller gale. For meg er tilnærminga reint musisk – og ikkje intellektuell.
– Eg står vakt om pausane mine
– Kva er det du har funne som openbert er universelt?
– Det eg tidleg markerte meg med var jo denne skrivemåten – som i førstninga blei sett på som på grensa til galskap. Og sjøvsagt er innhaldet ein del av denne musikken. Og musikk er jo eit universelt språk. For å sei noko litt feil, så er eg – når eg skriv – ikkje oppteken av innhaldet i det heile, berre av at det skal oppstå heilt rett musikalsk form. Bodskap og meining og kva det har med røynda å gjere opptek meg ikkje i det heile teke. Om du gjer noko til kunnskap og teknikk, til metode, så er det på ein måte øydelagt. Blir du medviten noko, så forsvinn magien.
– Folka mine seier relativt lite, det er nesten det som ikkje blir sagt som er det viktigaste. Det som ligg i mellomromma.
– Folka mine seier relativt lite, det er nesten det som ikkje blir sagt som er det viktigaste. Det som ligg i mellomromma. Det som er i mellom er likt i ulike kulturar. Folk er likare enn vi trur. Godt teater fangar alltid dette i livet som vi ikkje heilt veit kva er, og det er jo dette Ibsen er så forbanna god til. Før skreiv eg masse sceneanvisningar, men dei har blitt kortare med åra.
– Men eg står vakt om pausane mine. Det er på ein måte pausane mine som er meg som dramatikar. Det er i dei det meste blir sagt. Eg likar derimot ikkje symbol, men det kan godt hende at noko eg gjentar kan bli eit slags symbol, men då utan at eg har ei særskild meining med det. For å seie det slik – noko kan bli symbolsk, men eg prøver ikkje å skrive på ein symbolsk måte. Hos meg er forma svært stram, men kva det betyr og korleis det blir oppfatta, det legg ikkje eg meg bort i.
– For ein skodespelar ligg det mykje tvang i mine skodespel, i det rytmiske og i den sceniske rørsla. Og eg har altså begynt å tenkje på stykka som songar. Og ein song kan syngjast på ulike språk, og til ulike instrument. Mykje er ulikt, men sjølve songen er den same. Litt slik opplever eg vel stykka mine når eg ser dei igjen og igjen, på ulike språk, på små og store scener. Og sjølvsagt kan ein song syngjast godt og dårleg. Slik er det sjølvsagt òg med teater. Det må alltid være rørsle, ei uro, i teatret, elles blir det flatt og keisamt.
– Ein ting må eg få sagt: Eg er glad i alle personane i stykka mine. Eg forsvarar alle. Eg forstår det alltid like mykje ut frå kvar av personane. Eg har ikkje noko uteståande med nokon. Eg forsvarar alle.
– Eg likar ikkje å kalle meg for noko som helst, verken kristen, sosialist, eller kva det no kunne vere.
– Og menneska er altså aleine i universet?
– Det kan sjå sånn ut, eller? Det er vel i denne spenninga mellom å vere aleine og saman at teatret fungerar. Det fascinerar meg at det er stor avstand mellom skodespelarane på scenen og publikum, men samstundes også ein sterk nærleik. Eg er nok religiøs, men eg kallar meg ikkje kristen.
– Eg likar ikkje å kalle meg for noko som helst, verken kristen, sosialist, eller kva det no kunne vere. Men eg har myke til overs for kristendommen, sjølv om det jo er mange år sidan eg sjølv sette mine bein i ei kyrkje.
– Skulle eg ha delteke aktivt i ein religiøs samanheng, trur eg nok at eg hadde slått meg saman med kvekarane. Eg må i alle fall berre erkjenne at det er krefter i livet som eg ikkje kan seie så mykje om, men som eg veit finst. Du kan godt kalle det for det ukjende, eller du kan kalle det for Gud. Eg skjemst ikkje over å snakke om Gud. Og spør du meg om eg trur på Gud, så er svaret ja.
– Eg har aldri skrive synopsis eller noko slikt
– Kva er skilnaden mellom å skrive romanar og skodespel?
– Eg skriv jo romanar, men eg er ingen typisk romanforfattar. Romanane mine er nok meir lyriske og dramatiske enn episke. Rett nok begynte eg mitt kunstnarliv, eller kva ein no skal kalle det for, på scenen, som dansemusikar, men eg hadde lite lyst til å skrive for scenen. Det eg hadde sett av teater gjorde at eg verken fekk lyst til å skrive teater eller til å gå i teater.
– Det første stykket mitt tok ikkje lang tid å skrive, og det var ei stor oppleving for meg å skrive for teater for første gong. Det opna seg liksom eit heilt nytt landskap. Nye innsikter opna seg. Og på eit vis var det lettare å få det sagt i eit stykke enn i eit dikt eller i ein roman. Det første stykket skreiv eg fort, og eg var sikker på at det var ein god tekst, men om den let seg spele, ja det var eg veldig usikker på. Eg sende stykket til Det Norske Teatret, som kjøpte det innan kort tid. Men så tok det rett nok eit par år før stykket blei framført.
– Eg er veldig trygg på meg sjølv, men samtidig er det av og til slik at eg ikkje aner om det eg har skrive er godt eller dårleg.
– Eg føretrekk å ikkje ha noko med oppsetjingane å gjere. Eg vil skrive i fred, og dei som arbeider i teatret må òg få arbeide i fred. I teatret må ein ha tillit til kvarandre, noko anna er umogeleg. Då eg var mest i vinden hadde eg rundt 150 oppsetningar på eit år, og eg kan jo ikkje vere alle plassar eg heller. Mi erfaring er at om du gjev du tillit så får du tillit. Dei gode og erfarne instruktørane veit jo kvar dei vil, og dei endrar aldri i teksten. Det er gjerne dei unge og uerfarne som har behov for å markere seg mest; for å finne på ting.
– Instruktøren Kai Johnsen har betydd mykje for meg. Det var på mange måtar han som førte meg inn i teatret. I mange år hadde han ansvaret for alle urpremierane mine. Eg sende han teksten, og så snakka vi om den – det var alltid nyttig å prate med han, enten eg var einig eller ueinig. Eg har derimot aldri retta på noko medan prøvene er i gang, men det har hendt at eg har lagt vekk heile skiten etter å ha fått kommentarar frå Kai og andre. Eg er veldig trygg på meg sjølv, men samtidig er det av og til slik at eg ikkje aner om det eg har skrive er godt eller dårleg.
– Eg blir stadig overraska over kor mykje det går an å få til på eit teater, og eg har enno ikkje sluppe meg skikkelig laus som dramatikar. På eit teater kan ein klare å få sagt, å få fram, det mest utrulege. Eg har aldri hatt lyst til å sette opp mine eigne stykke. Eg går så fort trøytt av folk, og det å gå dagen lang i veke- og månadsvis med skodespelarar hadde eg rett og slett ikkje orka. Det er vel difor eg har valt dette livet. Eg likar meg aleine. Eg ser litt teater, film nesten aldri, men eg likar å lese.
– Veit du på førehand kva du skal skrive, så er det jo daudt med ein gong. Eg har aldri skrive synopsis eller noko slikt. Det er sjølve skrivinga som ber fram forteljinga. Men eg har jo hovudfag i allmenn litteraturkunnskap, eg skreiv hovudoppgåve om romanteori, og har vore konsulent på forlag. Eg har, trur eg, eit ganske medvite forhold til litteratur. Men ikkje når eg skriv sjølv. Før og etter skrivinga skal ein tenkje, ikkje medan ein skriv.
– Eg likar å omsetje. Det siste eg gjorde var «Peer Gynt» for Det Norske. Eg er ikkje så verst i engelsk og brukbar i tysk, men eg har jo òg skrive versjonar av stykke på språk eg ikkje kan. Eg får jo ein heil masse mail som eg må svare på, og der går det mest på engelsk. På ein vanleg dag er det mailar på engelsk eg skriv, meir enn eg diktar. Eg diktar berre i periodar.
– Eg likar einstøingar
– Kvifor er tyskarane så begeistra for stykka dine?
– Ein banal grunn er at det er det landet i verda med flest teater. Kvar by har eit teater. Kjem du til Frankrike, er det langt færre teater. Men det er nok dei to landa som likar det eg skriv best. Og det er jo ofte eit utruleg nivå på tinga, både i Tyskland og i Frankrike. Journalistane, for eksempel, er veldig kompetente. Dei har lese stykka mine, og mykje anna av det eg har skrive, på førehand. Det er i alle fall det vanlege. I Norge har journalisten som regel ikkje lese noko. Det er for så vidt berre å lese Neue Züricher Zeitung og ei norsk avis, så forstår du kva eg meinar.
– Du har sagt ein stad at «målekunsten er den kunstforma som står meg nærast».
– Ja. Eg har sikkert sagt det òg. Men slike ting skiftar. Eg har jo tukla med det, men eg måla jo like dårleg som eg spelte. Eg fann tidleg ut at det som fall lettast for meg, var å skrive. Det å ape etter Vesaas eller Hamsun, det fekk eg til, men det å ape etter ein god melodi var mykje meir vanskeleg.
– Det er jo eit paradoks at eg som i alle fall på nokre vis er einstøing sjølv, driv med teater – det er jo er den mest sosiale kunstforma av alle.
– Eg har vore oppteken av målekunst, men ikkje så mykje i dei seinare åra. Og eg har jo skrive to romanar med tilknyting til Lars Hertervig. Bileta hans gjorde i si tid eit veldig inntrykk på meg. Men livet hans var ikkje noko særleg. Det store ved livet hans var at han ikkje gav seg. Og så var han jo ein einstøing, og eg likar einstøingar.
– Det er jo eit paradoks at eg som i alle fall på nokre vis er einstøing sjølv, driv med teater – det er jo er den mest sosiale kunstforma av alle. Og i teatret kjem ein jo svært nær kvarandre. På godt og vondt, sjølvsagt.
– Kritikarar bryr eg meg ikkje om
– Det vanskelege er å finna ein omsetjar som samstundes er poet – og som klarer å skrive fram dei musiske sidene ved diktinga mi. For klarer dei ikkje det, blir det svært lite igjen.
– Kven er din beste kritikar i dag?
– Det er nok kona mi, og som sagt, tidlegare var det Kai Johnsen. Eg stoler på dei to, sjølv om dei òg tar feil. Det er viktig at dei som vurderar tekst har ei slags grunnleggjande forståing for kva ein held på med. Viss ein les med eit grunnleggjande feil perspektiv, kan ein aldri forstå verken om ein tekst er god eller dårleg. Og det er sjølvsagt viktig å ha gode førstelesarar.
– Kritikarar bryr eg meg ikkje om, og det er mange år sidan eg slutta å lese dei. Jo, eg kikkar kanskje på ein kritikk, og det hender at eg les den, men stort sett gjer eg det ikkje.
– Det blir meir og meir vanleg at urpremierar er utanfor Norge. Den siste var i Danmark. Før der var det i England. Den neste blir i Tyskland. Han som omset i Tyskland, Heinrich Schmith-Henkel, er blitt ein god ven, og vi reiser ein del i lag og har opplesingar og liknande. Det er det same med omsetjaren min i Frankrike, Terje Sinding.
– Det å finna gode omsetjarar er både enkelt og vanskeleg. Folk ute har som regel studert skandinavisk og bryr seg ikkje om det står «jag» eller «eg», så slik sett er det enkelt. Det vanskelege er å finna ein omsetjar som samstundes er poet – og som klarer å skrive fram dei musiske sidene ved diktinga mi. For klarer dei ikkje det, blir det svært lite igjen.
– Det er er vel eit tital personar som har omsett stykke av meg til engelsk, men no håper eg May Brit Akerholt, som har omsett dei siste stykka, vil halde fram ei stund; det er viktig at det blir ein slags identitet eller «stemme» i omsetjinga. I «Plays Four», som nyleg kom ut på engelsk, har ho omsett alt, og slik blir det nok også i det femte bandet.
– Det er klart at det kan bli mykje konflikt rundt ei omsetjing. Vil ein krangle om noko, så kan ein det. Men erfaringa er at ein god omsetjar forandrar der musikk i det eigne språket krev at ein gjer det.
– Som kjend er jo latter og gråt nær kvarandre
– Eg har jo i meg dette vestnorske tvisynet, og der er vi vestlendingar ulik folk på Austlandet. Vi kan vere både glade og triste på ein gong.
– Korleis arbeider du?
– Eg har mykje energi og er tung som ein stein. Når eg skriv for teater, skriv eg mykje i eitt – og det er svært tappande. Då vil eg ikkje ha noko anna å gjere, ingen intervju, ingen møte, ingen reiser. Eg tek til om morgonen og skriv fram til to-tida. Då er eg heilt ferdig. Etter det gjer eg praktiske ting og sløvar.
– Slik eg skriv så er det noko manisk over det, for eg skriv jævlig fort. Det er ein ekstrem konsentrasjon. Eg er nesten berre oppteken av rørslene i det eg held på med. Det er ein heilt eigen tilstand. Den er både god og vond, men mest god, ja det er ei slags lukke over det når ein får det til.
– Når eg skriv dikt, så veit eg med ein gong om eg har fått det til eller ikkje, men er ofte meir usikker når eg skriv dramatikk. Eg er for så vidt blitt sikrare også der med åra. Eg har det vel litt som ein «songwriter». Eg leverer ein emosjon, og kva folk assosierer med den kan jo ikkje eg vite. Men at emosjonen, eller forma som eg kallar det, er viktigare enn meininga, det er eg sikker på.
– Er det heilt feil å oppfatte deg som ganske morosam?
– Nei. Eg meinar at det er skriv er tragikomisk. Men ikkje alt eg har skrive er slik. Særleg det første eg skreiv var nok ganske så svart. Men i stykka i alle fall, så kan dei same momenta faktisk vere både komiske og tragiske, den eine kvelden det eine, den andre det andre. Og som kjend er jo latter og gråt nær kvarandre.
– Men éin regel gjeld: Prøver skodespelarane å vere morosame i mine stykke, så blir det elendig. Det må vere ufrivilleg komisk. Eg har jo i meg dette vestnorske tvisynet, og der er vi vestlendingar ulik folk på Austlandet til dømes. Vi kan vere både glade og triste på ein gong. Eg er til dømes nesten alltid ironisk privat. Det er vanskeleg å vite om eg meinar det eg seier, eller om eg ikkje meinar det. Eg kan ikkje hjelpe for det.
Jon Fosse (f. 1959):
Ein kort biografi
- Jon Fosse vaks opp på eit småbruk i Strandebarm i Hardanger. I heile sitt vaksne liv har han hovudsakleg vore forfattar på fulltid, men har òg arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som litterær konsulent.
- I dag er Fosse busett i Oslo. I 2011 vart han tildelt statens æresbustad Grotten, som ligg i Slottsparken. Fosse bur også dels i Hainburg an der Donau i Austerrike og på Frekhaug i Mæland kommune.
- Debuten som forfattar kom med med romanen «Raudt, svart» i 1983, men han ser sjølv på novella «Han» i avisa Studvest frå 1981 som sin eigentlege litterære debut. Allereie i den novella finst mykje av det som karakteriserer Fosses tekstar: repetisjonar, indre monologar og ein suggererande og musikalsk skrivestil.
- I 80-åra gav Fosse ut prosa, dikt og barnebøker, men det store gjennombrotet som forfattar kom med romanen «Naustet» frå 1989.
- Etter at Fosse hadde etablert seg som romanforfattar, poet, essayist og barnebokforfattar, vart han også dramatikar. Fosse uttrykte skepsis til teateret, men skreiv likevel dramatikk for fyrste gong i 1992. Han har seinare skildra det som den største openberringa i sitt forfattarliv.
- Det aller fyrste stykket Fosse skreiv, var «Nokon kjem til å kome», men «Og aldri skal vi skiljast» er det fyrste Fosse-stykket som vart spelt på ei scene. Det skjedde på Den Nationale Scene i 1994.
- Etter berre få år vart også dramatikken hans sett opp i utlandet. Det verkelege internasjonale gjennombrotet kom i 1999, då den franske regissøren Claude Régy sette opp «Nokon kjem til å kome» i Nanterre utanfor Paris.
- Året etter spela det anerkjende Berlin-teateret Schaubühne «Namnet» på Festspela i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med på å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt.
- Fosse har skrive over 30 teaterstykke, mellom andre «Namnet», «Vinter», «Ein sommars dag», «Draum om hausten», «Dødsvariasjonar», «Svevn» og «Eg er vinden». I dag vert teaterstykka hans spela over heile verda.
- Internasjonalt er Fosse mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar, slik som romanane «Melancholia I-II» – om målaren Lars Hertervig, «Morgon og kveld» – der Fosse skriv om den dagen Johannes vert fødd og døyr – og «Trilogien» – som er sett saman av dei tre delane «Andvake», «Olavs draumar» og «Kveldsvævd». I 2015 fekk Fosse Nordisk råds litteraturpris for dette verket.
- Det mest omfattande prosaverket er «Septologien» (2019–2021). Dette verket kom til etter at Fosse tok pause frå dramatikken, men også etter at forfattaren konverterte til katolisismen i 2013. Fosse kallar skrivemåten i verket «langsam prosa». «Septologien» er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands.
- Dramatikkpausen er no over, og Fosse skriv på nytt for teater. Frå 2020 har det vore urpremiere på tre nye teaterstykke.
- Den til no siste prosaboka frå Jon Fosse kom våren 2023, med tittelen «Kvitleik» – som er ein roman om grensa mellom liv og død.
- Meir informasjon: Samlaget.