heim1 telefonar
RINGER HEIM: – Eg såg etter eit prosjekt som kunne henvenda seg til vestlendingane og til Vestlandet, og som samtidig kunne sei noko veldig tydeleg om det potensielle produksjonsmiljøet som ligg her i kraft av forfattarane, seier Solrun Toft Iversen. Frå venstre: Solrun Toft Iversen, Gunnar Staalesen, Frode Grytten og Marit Eikemo. (Foto: Roy Bjørge)

Håp, draumar og angst på Hordaland Teater

Del artikkelen i Sosial medier

Kampen mot vindmøllene er framleis aktuell, både i bokstaveleg og biletleg tyding. Og summen av frykten er konstant.

Det nærmar seg premiere på andre del av Hordaland Teaters musikalske vestlandskrønike Heim, der første del gjorde stor suksess i fjor.

– Me ville invitera inn til noko som folk følte seg sett i, og samstundes knytta til oss gode nynorske og vestnorske stemmer.

Sist var handlinga lagt til åra 1965-1975, og fortsetjinga følgjer hakk i hæl med å fortelja historiar frå perioden 1975-1985. Manuset til stykket er som sist skrive av ei rein perlerad av vestnorske forfattarar, og Bergensmagasinet fekk møte nokre av dei til ei samtale om kva som rørde seg på Vestlandet gjennom dei ti åra som er lagt som ramme for det nye stykket.

Me benkar oss oppe i sympatiske Logen Bar, saman med forfattarane Gunnar Staalesen, Marit Eikemo og Frode Grytten, samt teatersjef (og medforfattar) Solrun Toft Iversen. Her sit me omgjevne av fleire hyllemeter med litteratur og praktbøker både frå Noregs vakraste region og resten av det langstrakte landet vårt, og med ei stor kanne fylkeskommunal kaffi på bordet.

LATTERMILDE FORFATTARAR

Stykkets «gudmor», Solrun Toft Iversen, byrjar med å fortelja korleis ideen oppstod.

FAKTA Heim 2
Meir informasjon: hordalandteater.no

– No blei det slik at eg fekk snakka først, opnar ho.

– Likar du det?

– Nokon gongar.

– Ho likar det veldig godt, kjem det kjapt frå Frode Grytten.

Alle ler, og tonen for intervjuet er sett. Det blir ein time med mykje latter, mange sidespor og, tja, ein del lange monologar. Det er ikkje berre Iversen som trivst godt med å ha ordet.

Og godt er det; det er ei eiga glede ved å snakke med folk som klarar å halde tråden i det dei fortel om, regelmessig avbrote av humoristiske hofteskot.

– Ideen sprang ut frå situasjonen til teateret; det at me skulle byrja på eit nytt kapittel og finna vår plass då me flytta inn i dette huset i 2017, fortel Iversen.

– Eg såg etter eit prosjekt som kunne venda seg til vestlendingane og til Vestlandet, og som samtidig kunne sei noko veldig tydeleg om det jordsmonnet som er rundt teateret – det potensielle produksjonsmiljøet som ligg her i kraft av forfattarane.

– Me ville invitera inn til noko som folk kjende seg att i, og samstundes knytta til oss gode nynorske og vestnorske stemmer – slike som dei som sit her med oss i dag, og som tydeleg illustrerar kor lett det er å vera teatersjef i Bergen og Hordaland.

TRE STOLPAR

– Du har skrive ein del av manus sjølv også. Kva er di stemme i stykket?

– Den er veldig lita. Eg har skrive nokre scenar frå Tofterøy i Sund, som er min heimplass. Dette med heimplass går veldig igjen her; «heim» er liksom kjerneordet vårt. Men eg er ikkje vesentleg som forfattar i dette. Eg er nok meir ein igangsettar.

– Er stykket tenkt kun som nostalgi, eller er det noko meir enn det?

– Det er absolutt sterkt nostalgisk, men det ville vore frykteleg uinteressant som kunst dersom det var rein nostalgi. Og ikkje berre for vår del, som lagar det, men også for publikum – eg trur eigentleg ikkje at me greier å generera interesse dersom me er reint nostalgiske og tilbakeskodande.

– Du kan vel trekkje ein del publikum på nostalgi, slik til dømes Lollipop gjorde?

– Ja, det er heilt sant, men i lengda trur eg heller at det er dei samtalane som me igangset som skapar mest interesse. Nostalgien er sjølvsagt ein port inn i det, men me ynskjer å gje motstand til det og faktisk stilla nokre spørsmål til kva me visste på vegen.

heim4 sjoelvraaderett
KAMPEN FOR SJØLVRÅDERETT: – Me trur at me no har kome så langt i kampen for likestilling, og så har me heilt dagsaktuelle politiske omrokeringar som gjer at ein kan bli litt redd for at ein ikkje har oppnådd så mykje på dei siste 40 åra likevel, seier Solrun Toft Iversen, her med rekvisittar frå ei scene i Heim 2.

– Kva bestilling sende du ut til forfattarane?

– Det er veldig lett å oppsummere. Dei fekk åra frå 1975 til 1985, ei geografisk avgrensing, og ei utfordring om å vera spesifikke på kva plass dei zooma inn på. Så spesifikk tid, spesifikk plass, og kjerneordet «heim» er dei tre stolpane dei har hatt å skrive utifrå.

– Så det blir mykje frå Odda denne gongen då? fortset eg, og ser på Marit Eikemo og Frode Grytten.

– Eg har ikkje skrive frå Odda, og heller ikkje Frode, svarar Eikemo.
– Vel, eg har skrive frå Tyssedal, og det er jo Odda, seier Grytten.
– Men det er ikkje slik at om me kjem frå ein plass så må me skriva frå plassen, då.

DET SVARTE GULLET

– Korleis er det å skrive frå ein tidsepoke? Folka er vel dei same no som då?

– Ja, folka er dei same. Men det er interessant, fordi du må rekapitulere både livet ditt, og kva som har gått framom her, då, seier Grytten.

– Og så er det dét med nostalgien – som ein på eit vis kan sjå på som å halde opp det som var mot det som er no. Eg vil ikkje avvisa nostalgi som noko som utan kraft i seg. Eg trur at det er viktig å sjå tilbake, og finna ut noko om kor ein faktisk kjem frå, kva ein gjorde før, og kor det var at det eventuelt gjekk gale eller rett.

– Det var vel eigentleg lite som gjekk gale for Noreg på den tida?

– Det kan ein alltid diskutera. Som nasjon blei me i eit kvart fall eit anna land. Så kan ein jo sei at ein del av dei tinga som kanskje ikkje er så bra med Noreg kjem derifrå.

– Ein av dei tinga Gunnar har skrive om er Alexander L. Kielland-ulukka, som er ein av dei tinga som verkeleg gjekk galt for Noreg i den tida, legg Iversen til.

– Livet går i sirklar, men det er også ei utvikling. Samfunnet har vore gjennom ganske store endringar i løpet av dei siste hundre åra.

Alexander L. Kielland var, i tillegg til å vera namnet på ein av Stavangers store søner, ei stor bustadplattform på Ekofisk-feltet i Nordsjøen. 27. mars 1980 knakk ei av de fem søylane plattforma stod på saman, slik at plattforma kantra. Av 212 personar som var om bord omkom 123.

– Katastrofa var den største me har hatt i moderne tid i Noreg, fortel Gunnar Staalesen, som har stikkordet «olje» for bidraget han har skrive til teaterstykket.

– Det var i denne perioden at det for alvor gjekk opp for folk at Noreg var i ferd med å forandre seg. Me har alltid vore eit nøkternt land, med velferdsstat og likskap som det som samlar oss. Men så kom olja, og med den ei veldig amerikanisering, seier han.

– Så med eitt velta det inn med amerikanarar i Stavanger, som gjekk frå å vera ein bedehusby til å bli ein internasjonal by med ulovlege kasinoar og luksusprostitusjon – og alt som fulgte i kjølvatnet av det.

RIKDOM OG OPPRØR

– Kva har rikdomen gjort med oss?

– Innan politisk tenkning har det vore ei heilt klar amerikanisering. Den økonomiske liberalismen er i ferd med å overta totalt. Endringa har vore stor frå Gerhardsen-perioden og oppbygginga av velferdsstaten etter krigen, seier Staalesen.

– Me som hadde barndomen på 1950-talet har sett heile denne utviklinga. Mykje har sjølvsagt med den teknologiske utviklinga og andre ting å gjera, men det har også skjedd ei mentalitetsendring. Politisk har det blitt fleire skatteletter for dei rike og meir bompengar og andre utgifter å betale for dei som ikkje har så god råd.

heim3 marit
DEN EINASTE HIPHOPAREN I ODDA: – Det var mykje bra musikk i denne perioden, seier Marit Eikemo, som høyrde «veldig mykje» på hiphop i oppveksten.

– Men det kom også eit ganske stort opprør midt inne i denne perioden, med punk-generasjonen?

– Ja, og for oss som gjekk på Universitetet på 70-talet så var det AKP (m-l), som skulle lage revolusjon i Noreg. Punken var vel eit litt meir anarkistisk opprør.

– Me har ein veldig fin AKP (m-l)-scene i stykket, og me har også behandla punken, med husokkupasjon og opprør, opplyser Iversen.

– Opprøret er med, både frå dei unge, dei revolusjonære, og dei som stod på utsida, seier Grytten.

– Det var eit voldsomt stigma å vere oppteken av Prince i Odda, fordi han var så seksuelt interessant.

– Noko av det me prøver på, er å visa korleis straumingane i desse ti åra verka internasjonalt, nasjonalt og lokalt, utdjupar Eikemo.
– Eg synest det er viktig å ta tida på alvor på den måten, og fortelja nokre historiar gjennom dei einskilde karakterane i dette biletet.

– Byggjer de på verkelege personar, eller har de skapt eigne karakterar?

– Eg har ikkje teke utgangspunkt i verkelege personar, men har skrive ein heilt oppdikta liten scene der temaet er skilsmisse. Det var også ganske sjokkarta på den tida; det å skulle bli skilsmissebarn. Det var berre ytterst få på den tida som hadde skilte foreldre.

– Nokon av karakterane som eg skriv om er personar som har levd og lever, medgjev Grytten.

PÃ… PARTI MED UTSKOTA

Det som så langt har vore gjennomgåande i dette teaterprosjektet, er at blikket har vore på dei som vert råka av historien; dei som vert sett under press ved at det skjer noko i deira eiga tid.

– Det handlar om den vanlege mann og kvinne, barn og unge, og korleis dei let seg føra gjennom denne tidsperioden, seier Grytten.

– Du tek «underdogens» parti, dei som kjem litt skeivt ut?

– Ja, men det gjer vel nesten alle forfattarar.

– Hehe. Det ligg til profesjonen, utfyller Eikemo.

heim5 frode
EKSISTENSIELL ANGST: – Det kom veldig mykje bra musikk ut frå all den eksistensielle angsten som var på den tida. Den kom jo også frå ein stad, det var ikkje berre posering. Det var ein reell angst for at verda skulle gå til helvete, hugsar Frode Grytten.

– Det som er viktig er at det skal vere levande personar, utdjupar Staalesen.

– Sjølv om det er relativt korte scener, så må du fange dei såpass at publikum får ei kjensle av at det er personar som har ein skjebne som ein gjerne vil fylgje for å sjå kva som skjer med dei, seier Staalesen.

– Og då er med ved kjernen av det som er det heilt spesielle med teateret som kunstart; at det står levande menneske på scena. Teater kjem litt tettare på oss enn om det er noko som føregår på eit lerret på veggen eller på ein skjerm heime i stova di.

TETT PÃ… TIDSANDA

– Eg trur at det er viktig å sjå tilbake, og finna ut noko om kor ein faktisk kjem frå, kva ein gjorde før, og kor det var at det eventuelt gjekk gale eller rett.

– Ved å koma nær på menneske frå den tida, kan me også få sagt noko om tidsanda; om korleis livsvilkåra og vala – eller mangelen på val – slår inn i eit menneske sitt liv og relasjonar. Det er jo også der at det engasjerar oss, ved at me prøver å omsetja det som skjer på scenen til vår eigne liv og eigne erfaringar, seier Iversen.

– Ja, og det er vel noko av det viktige med teater; at du kan ta noko med deg ut igjen frå stykket?

– Det er absolutt det aller største ønsket eg har.

– Det skal ikkje vere rein underhaldning?

– Nei, men så eg synest eg også at det er veldig lite som er rein underhaldning.

– Mamma Mia er vel rein underhaldning?

– Eg er ikkje så sikker på det. No er eg heller ikkje så redd for at ting skal vera underhaldande, men eg ønskjer meg veldig å gje folk noko å tenkja over og snakka om.

– Kva tenkjer du om Heim 2, etter å ha sett prøvane?

– Mest på kva som har gått tapt, og kva det er godt at me har fått avstand til. Akkurat no, med den nye regjeringa, så gjev det litt aktualitet at stykket startar i Kvinneåret 1975. Me trur at me er komne så langt i kampen for likestilling, og så har me heilt dagsaktuelle politiske omrokeringar som gjer at ein kan bli litt redd for at ein ikkje har oppnådd så mykje på dei siste 40 åra likevel.

– Så kampen er ikkje over?

– Tydelegvis ikkje. Ting som ein har teke for gitt er kanskje ikkje så trygge likevel. Eitt aspekt som melder seg då, når ein gjer den reisa tilbake, er at det får fram kva me den gongen tenkte om framtida og kva kampar me tok på vegne av oss sjølv og dei komande generasjonane.

– LIVET GÅR I SIRKLAR

– Dei går vel litt i sirkel, desse tinga?

– Ja, det er nok riktig. Går me tilbake til 20-talet, så hadde me dei verkeleg store arbeidskonfliktane, og det kom igjen på 70-talet. Så nokre ting går igjen, seier Staalesen, som har skrive ein trilogi om Noregs og Bergens historie gjennom 1900-talet.

– Livet går i sirklar, men det er også ei utvikling. Samfunnet har vore gjennom ganske store endringar i løpet av dei siste hundre åra, både politisk og sosialt, seier han.

heim6 gunnar
JAZZ OG FLOWER POWER: – Eg tilhøyrer 60-talet og tidlegare, for eg er jo slik jazzmann også, seier Gunnar Staalesen, som i oppveksten lytta mykje til The Beatles, Rolling Stones og den amerikanske psykedeliske musikken.

– Men sjølv om me har velstand no, så kan det vel snu?

– Ja, det kan det sjølvsagt. Og om me verkeleg skal vere seriøst politiske her, så veit me ikkje ein gong om det i det heile teke er leveleg på kloden vår om eit par hundre år. Så den verkeleg store politiske utfordringa i dag er å få gjort noko med klimaendringane.

– I den perioden de skriv om var vel kampen mot atomkraft svært aktuell?

– Ja, og så var det røyrlegginga av alle fossane; det var ein veldig mykje imot. I dag er jo det rekna som grøn energi.

– Og i dag kjempar mange av dei same folka mot vindmøllene?

– Ja, og det er ein kamp som er ganske tilsvarande til den me såg den gongen.

– DET ER ALLTID ANGST

– Eg trur at det å hugsa kva me har frykta – og korleis me har handtert det – gjer oss meir reflekterte, seier Iversen.

– I dag er det sjølvsagt klimaendringane som skaper frykt, medan me på 70- og 80-talet var veldig redd for atomkraft og den kalde krigen. Neste episode av vestlandskrønika vår vil handla om perioden 1985-1995, og då var frykten for aids ganske nærverande.

– Men det er ganske raske skifte også, legg Eikemo til.
– Det er ikkje så lenge sidan at terrorangsten var det heilt «store». No kjennes den meir perifer samanlikna med klimaskrekken. Det er som om det alltid ligg ein eller annan grunnangst der.

– Det er alltid angst, kommenterar Grytten kort.

– Summen av frykten er konstant?

– Ja, du har liksom håp, draumar og angst som definerar ei tidsand, meinar Iversen.

– Ja, helst fem om dagen, seier Grytten, og haustar stor latter.

«CUTTING EDGE» I ODDA

– I den tida de skriv om var det viktig om ein var soss, frik eller punk. Kor var dåke på den tida?

– Du treng vel ikkje spørje, vel.

– Du var punkar?

– Ja, stadfestar Grytten.

– Eg var faktisk hiphopar, medgjev Eikemo.
– Eg var heilt aleine om det i Odda. Eg hadde ein veldig fin gul joggedress og høyrde veldig mykje på hiphop.

– Grandmaster Flash var den store helten?

– Ja, stort sett Grandmaster Flash. Det var ikkje så mykje anna.

– Du var skikkeleg «cutting edge», altså. Nydeleg, Marit, smiler Iversen.
– Ja. Det var ein einsam oppvekst.

heim2 scene
OPPRØR I TYSSEDAL: Tyssedal, kvelden 7. juni 1983: Delar av lokalbefolkninga gjer seg klar til Oslo-tur, der dei skal demonstrere mot regjeringa Willoch som har signalisert at dei vil underminere Stortingsgarantien om at det skal smeltast aluminium på fabrikken i Tyssedal. Frå venstre: Sigrid Moldestad, Hadle Reisæter, Kjærsti Odden Skjeldal, Claus Sellevoll og Morten Svartveit.

– Kor lenge varte den perioden?

– Nei, det hugsar eg ikkje. Prince var også veldig viktig for meg. Det var eit voldsomt stigma å vere oppteken av Prince i Odda, fordi han var så seksuelt interessant.

– Det var ikkje gangbart i Odda? spør Iversen.

– Nei, sex går ikkje i Odda. Det er ingen som har sex der inne, seier Grytten.

– Fittetjuven (karakter frå Frode Gryttens novellesamling Bikubesesong, journ. komm.) hadde sex?

– Ja, det var han som hadde sex der. Dei hadde «outsourca» det til han. Han tok alt.

– Så fekk dei andre fred litt, seier Iversen.

– Han tok ein for laget, kjem det frå Eikemo.

Latteren rundt bordet byrjar no å bli laussluppen og høglytt. Etter at alle har ledd frå seg, får Iversen samtala tilbake på sporet.

KVINNEFRIGJERING OG LØPSBØLGJE

– Ein annan ting me ser er korleis livsfasane har endra seg. Gamle folk var veldig gamle på 70-talet, seier ho.

– Har ikkje det med å vere foreldre forandra seg veldig? At ungdomstida varer mykje lenger?

– Det byrja på 60-talet, eigentleg. Det store skiljet her var kvinnefrigjeringa, fortel Staalesen.

– I min generasjon så var mor heime, stort sett. Men frå 70-talet og utover så skulle kvinnene ut og jobbe, og då blei det ein annan situasjon. Ein annan ting som byrja på 70-talet var den store løpsbølgja – at folk blei meir medviten på at dei skulle halda seg i form.

– Marit kjem frå ein løpsfamilie. Der har alle sprunge, heile tida. Det er ingen der som har site i ro nokon gong, seier Grytten.

– Det med mosjon må vere eit velferdsfenomen. At ein tek seg tid til det, kommenterar Iversen.

– Ja, og har overskot til det. Før var folk ute og jobba fysisk heile dagen. Så kjem det ein generasjon som blir meir og meir stillesitjande. Då er det faktisk fornuftig å halde seg litt i rørsle, seier Staalesen.

– Til slutt, er det nokon bodskap ein kan ta med seg frå stykket?

– Eg har ikkje eigentleg bruk for at folk får éin bodskap eller éin moral ut av stykket, seier Iversen.

– Men eg har eit veldig stort håp og ønske om at folk får lyst til å plassera seg sjølv og si historie inn i utviklinga av verda og Noreg; altså, det små og personlege opp mot dei store straumingane.

Dermed fekk teatersjefen siste ord også.

Heim 2 – med undertittel «Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: 1975-1985» har premiere i Logen 21. februar.

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Heim 2
Heim 2

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Biletserie frå prøvene på Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: Heim 1975-1985

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this