«REVY PÅ ALVOR»: – Stykket er ikkje berre ein revyforestilling der du skal sitje og gapskratte heile tida. Når eg ser på mange av dei andre tekstane, så kjenner eg at eg blir sterkt gripen, seier Gunnar Staalesen. – Eg plar kalle det «revy på alvor» legg Bjarte Hjelmeland til. Frå venstre: Finn Tokvam, Linda Eide, Gunnar Staalesen og Bjarte Hjelmeland. (Foto: Roy Bjørge)

Åra då Noreg fekk sjølvtillit

Del 3 av Det Vestnorske Teaterets musikalske vestlandskrønike-serie «Heim» tek føre seg åra 1985-1995. – Dette var perioden då Noreg gjekk frå å vere ein litt audmjuk veslebror i Norden til å bli ein nasjon full av sjølvtillit, seier Gunnar Staalesen, som er ein av totalt 11 manusforfattarar bak førestillinga.

I den første bolken av «Heim»-serien var handlinga lagt til åra 1965-1975, medan me i fjor blei tekne tilbake til åra 1975-1985. Årets teaterstykke tek dermed føre seg perioden 1985-1995 – ei tid som bar preg av både optimisme og økonomisk opptur for den unge nasjonen vår og ei gryande otte for klimaendringane.

Manuset til stykket er som sist skrive av ei stor gruppe vestnorske forfattarar, og Bergensmagasinet fekk møte fire av dei til ein open prat om ei tid som svært mange av oss framleis har langt framme i minnet – ikkje minst på grunn av ei rad store hendingar både internasjonalt og lokalt.

MELODI GRAND PRIX I BERGEN

– Byjubileet som me planlegg no er ingenting samanlikna med Melodi Grand Prix i 1986. Det blei arrangert hopprenn nedanfor Johanneskyrkja – med snø henta frå Finse, det var seglskuter innover Vågen, og det var blåtur til Gamle Bergen.

– Om du ser på verdshistoria, så slutta Den kalde krigen i prinsippet då Berlinmuren blei teken ned. Me kjem ikkje til å riva muren i førestillinga, men har med ein variant, opnar Gunnar Staalesen, noko løyndomsfullt.

Den 155 km (!) lange Berlinmuren fall 9. november 1989, og våren etterpå sang Ketil Stokkan optimistisk om hendinga i Melodi Grand Prix-finalen i Zagreb: «Her står vi på Brandenburger Tor / hånd i hånd som om det var i går» – eitt år før vertslandet Jugoslavia braut saman i borgarkrig.

Deltakarlanda lot seg imidlertid ikkje imponere, og songen enda på delt sisteplass saman med Finlands bidrag. Hakket betre gjekk det med Harstad-artistens første opptreden i Melodi Grand Prix. Dette var i 1986, og byen var Bergen – etter at Noreg (og Bobbysocks) hadde teke innersvingen på resten av Europa året før med La det swinge (skriven av Rolf Løvland).

– Heile byen stod på hovudet under Melodi Grand Prix-finalen i Bergen, hugsar Staalesen.

– Byjubileet som me planlegg no er ingenting samanlikna med folkefesten i 1986. Det blei arrangert hopprenn nedanfor Johanneskyrkja – med snø henta frå Finse, det var seglskuter innover Vågen, og det var blåtur til Gamle Bergen – der alle som deltok fekk ein boks med sardiner og ein kaviartube som eksempel på norske produkt.

HOMOMARKERING I 1986

Linda Eide og Finn Tokvam, som også har delteke i manusskrivinga, ler godt når dei høyrer om den noko spesielle gåva. Sistnemnde har med seg ein tre månader gamal kvalp, og denne blandar seg i latterkoret med høglytt bjeffing i det Bjarte Hjelmeland kjem inn døra på Logen – der me har benka oss rundt eit bord oppe i biblioteket.

– Du får orsaka bjeffinga. Ho likar ikkje homoar, kommenterar Tokvam, til ålmenn latter.

– Men slike halvgamle lesber, det likar ho? spør Hjelmeland, og ser på Linda Eide.

Meir latter. Det er tydeleg at dette er ein gjeng som har mykje moro saman. Tonen er lett, og dei kjem heile tida med små venskapelege stikk til kvarandre.

VESTLANDET FOR 30 ÅR SIDAN: Det Vestnorske Teateret si vestlandskrønike Heim er no komen til åra 1985-1995. Skodespelarane som tek oss med tilbake til denne tida er (frå venstre) Peder Lauvås, Claus Sellevoll, Elisabeth Moberg, Anne Wiig og Sigrid Moldestad. (Foto: Øystein Klakegg)

– Me har prata litt om Berlinmurens fall og Melodi Grand Prix-finalen i Bergen, seier eg for å oppdatere den nyankomne.

– Å, eg hugsar dette veldig godt. Eg blei født i 1970, så eg var 16 år i 1986. Dette var eit veldig viktig år for meg på mange måtar, fortel Hjelmeland.

– Var du i salen i Grieghallen?

– Nei, på ingen måte. Eg trur nesten ikkje eg såg det på tv ein gong. Eg stod for noko heilt anna den gongen – og syntes at heile det Melodi Grand Prix-sirkuset berre var teit. Det var ikkje noko for meg. Eg spelte i rockeband og var mykje tøffare.

– Var dette før du stod fram som homofil?

– Vel, det store for meg i den perioden var sjølvsagt at eg begynte å skjøne kven eg sjølv var reint sånn seksuelt, og tok kontakt med Homofil bevegelse i Bergen (oppretta i 1979, og er no kjend under namnet Fri Bergen, journ. komm.).

– Eg har vore med på store delar av den utviklinga me har sett dei siste 30 åra, frå me var 12 stykker som laga ei slag homomarkering på Torgallmenningen og ropte at «vi er mange flere, resten står blant dere» – og fram til dei Pride-markeringane som har vore no dei siste åra.

AIDS OG HOMOKAMP

– Er det slik at den kampen er vunne?

– Eg stod for noko heilt anna den gongen – og syntes at heile det Melodi Grand Prix-sirkuset berre var teit. Eg spelte i rockeband og var mykje tøffare.

– Delvis. Me har kome veldig langt i Noreg, men det er samstundes veldig mange stader i verda der dei ikkje er komne like langt. Folk blir framleis fengsla og drept i fleire land på grunn av seksuell legning, og du skal ikkje så veldig langt utanfor Oslo 3 eller Bergen Sentrum før det framleis er problematisk å stå fram når du er 15-16 år – så eg trur nok at me har eit stykke igjen, seier han.

– Det er klart at det er ein heilt annan openheit rundt dei tinga i dag. Me brukte ikkje kode når me banka på kontordøra i Homofil bevegelse i Bergen, men det var ikkje langt unna. Det var ein svært diskret inngang og ei veldig stor varsemd rundt dei tinga.

– Og så kom HIV-debatten samtidig?

– Ja, og det sette veldig preg på denne perioden, sidan aids-sjukdomen på ein måte nådde toppen på midten av åttitalet. Angsten var så stor rundt det, ein snakka om mygg, om skitne toalettseter, så det var litt sånn at homo er lik aids er lik død. Så det var eit tungt tidspunkt å stå fram på.

HOMOKAMP I HORDALAND: – Eg har vore med på store delar av den utviklinga me har sett dei siste 30 åra, frå me var 12 stykker som laga ei slag homomarkering på Torgallmenningen og ropte at «vi er mange flere, resten står blant dere» – og fram til dei Pride-markeringane som har vore no dei siste åra, seier Bjarte Hjelmeland. (Foto: Roy Bjørge)

– Men det gjorde samstundes at ein blei nøydd å snakke om seksualvanar ute i det offentlege rom?

– Heilt rett. Og dei som var tidleg ute med det var jo homsane. Det var ingen som visste meir om korleis ein beskytta seg, kva som var farleg og kva som var greit som den gjengen som eg blei kjend med, seier han.

– Dette var ansvarlege vaksne menneske som var rundt ti år yngre enn eg er no – men som tok veldig godt vare på meg. Eg var jo veldig nervøs for kva dette skulle være. Det er på ein måte den opplevinga eg prøver å skildra i ein av tekstane eg har skrive.

ÅTVARA MOT KLIMAENDRINGANE

Dette var også tida då miljø kom på dagsordenen i dei tusen heimar, med kjeldesortering og tidlege prognosar for korleis klimaet kom til å endra seg. Mykje av det dei åtvara mot den gongen er blitt realitet i dag.

– Eg høyrde ei dame på radioen nyleg som snakka om at me den gongen visste kva som kom til å skje, og no er det blitt alvor. Det skjedde så fort, seier Hjelmeland.

– Eg hugsar at eg las i Dagbladet om korleis verda ville vera om 30 år – at sånn og sånn blir det på Vestlandet, seier Linda Eide.

– No ser me det. No er det blitt akkurat slik som dåtidas klimaforskarar sa at det ville bli. Den gongen låg det ikkje som ei sky over hovudet mitt, men det gjer det no. Eg trur at dette er noko som går inn på mange av oss. Det er ikkje noko skøy i det heile teke. Kvar dag vaknar du opp til at ingen tek det alvorleg – av dei som kan gjere noko med det. I staden er det berre «nei, me må ta opp all olja, herregud, få ho opp». Du skjønar at dette ikkje kjem til å gå bra.

– Det er litt håp i at ein svensk 16-åring tek bladet frå munnen?

– På ein måte, og på ein annan måte heilt forferdeleg at det er ho som skal ta heile støyten.

AUSTRALIA BRENN

– No brenn det over heile Australia. Det er eit veldig tydeleg teikn på at naturen svarar på alt misbruket som menneska har drive med i fleire hundre år, seier Staalesen.

– Når naturen overtek, så er det ustoppeleg, slik det var med svartedauden. Blir det for mange menneske på jorda, så kjem naturen til å ordne opp i det sjølv. Klimaendringane kjem langsamt, men dei er ubønhøyrlege. Havet stig og stig.

Klimaendringane kom på dagsorden på den tida stykket handlar om. – Eg hugsar at eg las i Dagbladet om korleis verda ville vera om 30 år. No er det blitt akkurat slik som dåtidas klimaforskarar sa at det ville bli, seier Linda Eide. (Foto: Roy Bjørge)

– Bur du i Nederland, så veit du at på eitt punkt så er ikkje det landet der lenger. Eg trur at tanken på dette gjer noko med folk. Me lever liva våre, hyggar oss og fortel vitsar, men for min del ligg tanken på dette ein plass i kroppen, legg Eide til.

– Når du ser tilbake, så var miljørørsla på den tida litt uskuldig. Det handla om ting som bosshandtering og tomgangskjøring – som for so vidt er viktig enno, men reint mentalt treffer dette oss mykje sterkare i dag; det at du nesten ser ei endetid.

NOREG FEKK SJØLVTILLIT

Meir informasjon: detvestnorsketeateret.no

– Om me går tilbake til kva som var annleis den gongen, så var det også ei tid der Noreg gjekk frå å vere ein litt audmjuk veslebror i Norden til å bli ein nasjon full av sjølvtillit, seier Staalesen.

– Me var allereie gode i idrett, men det var også veldig stort dersom ein svenske eller danske vann. Så kom OL på Lillehammer, som liksom blei toppen på det heile. Før var det litt sensasjon at nordmenn vann – til og med i langrenn – men no var det berre nordmenn som vann. Det var kanskje byrjinga på ein litt sånn halvt tiltalande sjølvgodleik.

– Det er vel framleis slik at svenskane ser på seg sjølv som herrefolket i Norden. Her i Noreg har me full oversikt over svensk kultur, musikk og teater, medan dei veit nesten ingenting om våre artistar og kunstnarar, seier eg.

– Det gjeld vel både svenskar og danskar. Historisk sett så har me alltid vore veslebroren. Skilnaden er at me no er blitt det rikaste landet av dei tre. Det er me som sit på det enorme oljefondet som ligg der ute, og det har nok gjort mykje med sjølvkjensla vår. Me kjenner oss ikkje så underdanige overfor svenskar lenger.

– Er det ikkje litt slik at danskane og svenskane ser på seg sjølv som intellektuelt overlegne oss nordmenn?

– Det er dei jo også, kjem det kontant frå Linda Eide – til ålmenn latter.

– Eg beit meg i tunga då du sa det, seier Tokvam, som fortel at det med musikken i stykket har vore «ein evig kamp» i arbeidet med førestillinga – anten det handlar om svenske eller norske songar.

FRAMPEIK TIL VÅR TID: Finn Tokvam og Frode Grytten har skrive ein tekst i lag om korleis kvinner blei behandla og sett på den gongen. – Dette har jo blitt kjempeaktuelt i vår tid, og gjev eit frampeik mot metoo, seier Tokvam. (Foto: Roy Bjørge)

– Du har vel ei sterk stemme der?

– Dette var ei tid der Noreg gjekk frå å vere ein litt audmjuk veslebror i Norden til å bli ein nasjon full av sjølvtillit.

– Eigentleg ikkje. Eg kjempar kampar, og blir nedstemt.

– Kva tampar tapte du då?

– Nei, eg skal vel ikkje sei det, kanskje.

– Jau det skal du.

– Vel, eg ville ha med Cato Sanden med Let’s Go for Freedom, som var Noregs mest solgte plate i 1986 – men det må du ikkje skriva om.

– Det har eg notert. «Det får du ikkje lov å skrive, seier Tokvam».

– Nei, ikkje skriv det. Det kan hende den kjem med, for det er ein slik kamp som går. Du kan heller skriva at eg kjempar for å få inn Cato Sanden, og er veldig usikker på om eg lukkast.

BOBLA SOM SPRAKK: – Dette var midt i jappetida, med sjampanje og hæla i taket, så det var ein ganske klår kontrast til 70-talet. Det var ei boble, og den sprakk jo også i løpet av dei ti åra, seier Gunnar Staalesen. (Foto: Roy Bjørge)
Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:
Peisbord 800×300

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this