nordaasvannet1
TRADISJONSBÅTAR VED TROLDHAUGEN: Kystsogevekene organiserte ei mønstring av oselvarar under opptaka til NRKs maratonsending «Grieg minutt for minutt» 15. juni – i høve at det var 175 år sidan Noregs største komponist blei født. (Foto: Kjell Magnus Økland)

– Ei naturperle midt i Bergen

Del artikkelen i Sosial medier

Store delar av Bergens befolkning bur i nærleiken av Nordåsvatnet, men svært få brukar den idylliske vannspegelen til rekreasjon og friluftsliv. Det vil Kjell Magnus Økland gjera noko med.

For å aktualisera Nordåsvatnet inviterar Stiftinga Kystsogevekene til eit ope dagseminar torsdag 24. januar hjå Bergens Roklubb på Langaneset.

– Med si svært sentrale plassering er dette ein etter måten lite brukt naturressurs, men med eit stort potensiale både for dagens og for framtidige generasjoner, seier dagleg leiar Kjell Magnus Økland, som har teke initiativ til seminaret.

– Lagunen byggjer ut, men ikkje slike møtestader som det eg etterlyser. Eg håpar verkeleg at det vil bli utvikla slike plassar som kan by på natur- og kulturopplevingar, og gjerne med rom for servering.

– Eg har sett eit behov. Mange aktørar driv med aktivitetar tilknytta Nordåsvatnet, utan at dei har noko med kvarandre å gjera.

Han trur difor at dette seminaret vil vera nyttig som møtestad for dei ulike aktørane, anten det er dei kommunale – som skuleverket, Bergen og Omland friluftsråd og Grøn etat – eller andre, som idrettslag, velforeningar, aksjonsgrupper, utbyggjarar og andre interesserte.

«JA, DETTE TRENGST»

Invitasjonen er allereie gått ut til ei mengde organisasjonar og lag, og tilbakemeldingane så langt har vore svært positive.

– Responsen har vore litt slik at «ja, dette trengst». Eg trur at grunnen til dette er at Nordåsvatnet, sjølv om det ligg nært for veldig mange, blir opplevd som litt fjernt og dårleg tilrettelagt. Svært mange bur slik til at dei har utsikt mot vatnet, men svært få deltek i aktivitetar ved eller ute på vatnet.

nordaasvannet02
INVITERAR TIL DAGSEMINAR: – Svært mange aktørar driv med ulike aktivitetar tilknytta Nordåsvatnet, utan at dei har noko med kvarandre å gjera, seier Kjell Magnus Økland, som håpar seminaret kan munna ut i skipinga av Nordåsvatnets vener – tenkt som ein breidt samansett paraplyorganisasjon. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

Økland ser her for seg fleire tiltak, både med tanke på betre tilkomst, båtutleige og kanskje endåtil å setja ein veteranbåt inn i rutetrafikk.
– Nordåsvatnet er ei naturperle midt i Bergen som er alt for lite utnytta, hevdar han.

– Du ser for deg ein møtestad?

– Ja, det trengst møtestader. Eg skal halde eit innlegg om eit konsept der eg ser for meg eit fellesnaust med tradisjonsbåtar for utleige.
Han tenkjer då primært på oselvar, strandebarmar og nordhordlandsbåt, som alle er lette å sjøsetje, samt kajakkar og kanoar.

– Ideen er at publikum kan bruke båtane mot ein liten kostnad som dei betalar med mobilen, tilsvarande bysyklane. Det treng ikkje vere dyrt, det viktigaste er at drifta kan vere sjølvfinansierande.

Han ser også for seg at dette kan vere noko som dei omkringliggjande skulane kan innarbeide som ein fast del av undervisninga.
– Dette kan bakast inn i fleire fagområde, meinar han.
– I dag er det nærast som ein «happening» kvar gong elevar får ein dag med båtbruk. Slik eg ser det, burde dette vore ein del av skulekvardagen, ikkje minst med tanke på at Noregs sjøareal er fem og ein halv gong større enn landarealet. Det trur eg ikkje at folk er heilt klar over.

– Havet vert vel også fremja som ein viktig framtidig næringsveg for landet vårt?

– Ja, det var det neste eg skulle sei. I den samanhengen kan det vere interessant for skuleelevane å til dømes byrja med ei elv i Apeltunvassdraget, fylgja den fram til den renn ut i Nordåsvatnet – og vidare ut i havet via Grimstadfjorden, Raunefjorden og Korsfjorden. Poenget er samanheng.

VARIERT SEMINARPROGRAM

fakta nordaasvatnet
Program og påmeldingsinfo finn du på kystsogevekene.no

Seminaret er lagt opp med program frå klokka 09 om morgonen og fram til avrunding kl. 15.30.

Saker som vil bli diskutert vil mellom anna vere korleis ein kan utarbeida tydelege mål for vern av natur- og kulturhistorie knytt til vatnet, og korleis utvikle vatnet, strandlina og områda rundt og holmane som attraktive rekreasjonsområde.

Forskar ved Uni Research (uni.no) og Universitetet i Bergen, Per Johannesen, innleiar seminardagen med å snakke om Nordåsvatnet som økosystem – inkludert dei tilliggjande vatna/vassdraga som har utløp som endar opp i Nordåsvatnet (mellom andre Sælenvatnet, Nesttunvassdraget og Apeltunvassdraget).

John E. B. Rasmussen frå Marmorguttene (dugnadsgjeng som mellom anna har sett opp bru mellom Marmorøyene i Nordåsvatnet) vil deretter ta dei frammøtte med på ein verbal rundtur gjennom kultur, historie og næringsliv ved Nordåsvatnet.

Ordet vil så bli gitt vidare til Mette Svanes og Ole Roger Lindås frå Bergen kommune, som vil snakke om plan- og reguleringsarbeid i Nordåsvatnet.

Her blir også foredrag om arbeidet med rekreasjon og friluftsliv, idrett på Nordåsvatnet, dugnadsarbeidet på Marmorøyene, pågåande tiltak i Sælenvassdraget og bygging av fisketrapp i Hopsfossen.

Økland håpar at seminaret kan munna ut i skipinga av Nordåsvatnets vener, tenkt som ein slag breidt samansett paraplyorganisasjon. Ein annan idé er å gå saman om ein årleg «Nordåsvatnets dag», med plass til både kultur og aktivitetar. Ein aktuell dag kunne i så måte vore jonsokafta, med bål på fleire stader rundt vatnet – og ute på øyane.

– Eg bur sjølv på Sandsli, og saknar møtestader i Fana bydel, seier han.

– Lagunen byggjer ut, men ikkje slike møtestader som det eg etterlyser. Eg håpar verkeleg at det vil bli utvikla slike plassar som kan by på natur- og kulturopplevingar, og gjerne med rom for servering. Eg finn det underleg at alle kafeane er i Bergen Sentrum, medan dei fleste bergensarane i dag bur utanfor bykjernen.

BRUBYGGJING PÅ MARMORØYENE
BRUBYGGJING PÅ MARMORØYENE

Marmorguttene har bygd ny bru mellom Marmorøya og Flatøya. Material og utstyr er levert av Bergen og Omland friluftsråd. (Foto: Kjell Magnus Økland)

Marmorguttene har bygd ny bru mellom Marmorøya og Flatøya. Material og utstyr er levert av Bergen og Omland friluftsråd. (Foto: Kjell Magnus Økland)

RUTETRAFIKK MED VETERANBÅT
RUTETRAFIKK MED VETERANBÅT

– Kanskje me kunne sett M/Y Faun inn i rutetrafikk på Nordåsvatnet, seier Kjell Magnus Økland om den gamle veteranbåten som i dag eigd av Hardanger Fartøyvernsenter. (Foto: Arve Asheim)

– Kanskje me kunne sett M/Y Faun inn i rutetrafikk på Nordåsvatnet, seier Kjell Magnus Økland om den gamle veteranbåten som i dag eigd av Hardanger Fartøyvernsenter. (Foto: Arve Asheim)

«EN GANG VIL DU KOMME, DET VED JEG VIST»
«EN GANG VIL DU KOMME, DET VED JEG VIST»

Eitt av innslaga i NRKs maratonsending Grieg Minutt for minutt var med Annika Beinnes, som framførte Solveigs Sang frå ein oselvar ute på Nordåsvatnet. (Foto: Kjell Magnus Økland)

Eitt av innslaga i NRKs maratonsending Grieg Minutt for minutt var med Annika Beinnes, som framførte Solveigs Sang frå ein oselvar ute på Nordåsvatnet. (Foto: Kjell Magnus Økland)

EIN SPEGEL FOR HIMMELEN
EIN SPEGEL FOR HIMMELEN

– Nordåsvatnet er ei naturperle midt i Bergen som er alt for lite utnytta, men med eit stort potensiale både for dagens og for framtidige generasjoner, seier Kjell Magnus Økland. (Arkivfoto: Magne Fonn Hafskor)

– Nordåsvatnet er ei naturperle midt i Bergen som er alt for lite utnytta, men med eit stort potensiale både for dagens og for framtidige generasjoner, seier Kjell Magnus Økland. (Arkivfoto: Magne Fonn Hafskor)

KART OVER NORDÅSVATNET
KART OVER NORDÅSVATNET

Nordåsvatnet er ein fjordarm forbunde med Grimstadfjorden, med innløp gjennom to kanalar ved Straume. Sælevatnet høyrer med i det same fjordsystemet, forbunde med kanalen Sælenelva.

Nordåsvatnet er ein fjordarm forbunde med Grimstadfjorden, med innløp gjennom to kanalar ved Straume. Sælevatnet høyrer med i det same fjordsystemet, forbunde med kanalen Sælenelva.

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this