Nordpool SPA
DRAUMKVEDET I STORETVEIT KYRKJE: – Eg tenkte at no, når denne framføringa vert flytta frå den gamle «minikyrkja» og inn i ein katedral, så er det samstundes naturleg å utvide uttrykket, seier Jostein Aarvik. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

Tek Draumkvedet inn i varmen

– Det er både spanande og utfordrande å vere arrangør når Draumkvedet – etter å ha «overvintra» i Fantoft stavkyrkje i 20 år – no «flyttar inn i varmen» i katedralen på Storetveit, seier Jostein Aarvik.

Kvart år sidan 1999 har Draumkvedet vorte framført i Fantoft stavkyrkje på trettandedagen jul (6. januar), med unnatak frå i år – då det blei framført i Storetveit kyrkje, med Sigrid Moldestad som både kvedar og felespelar.

Dette kyrkjerommet byr på andre kunstneriske og musikalske tilhøve, og Jostein Aarvik synes at det er godt å tenkja på at det her er plass til absolutt alle som vil kome på framføringa.

EIT TIDSBILETE FRÅ MELLOMALDEREN

FRAMFØRER DRAUMKVEDET: – Det er ei stor gleda å få syngja saman med Sigbjørn Apeland og Per Jørgensen; eg gler meg stort, seier Berit Opheim, som framførte Draumkvedet i Fantoft stavkyrkje i 2005, og no kjem tilbake for neste års konsert i Storetveit kyrkje. (Pressefoto)

Samstundes gjev han ein stor honnør til Brynhild Utne, som sidan 1999 har presentert oss for 20 ulike kvedarar, kvar med ei ny tolking av det gamle verket.

Med den gamle stavkyrkja som ramme rundt framføringane blei dette ein årleg konsert som tok dei frammøtte med på ei reise tilbake i tida, der ein nærast blei vitne til Olav Åstesons kyrkjeferd på 13. dag jul for 800 år sida.

Framføringa i Storetveit kyrkje 6. januar i år var siste gong Brynhild Utne inviterte til Draumkvedet-konsert.

Ei stund kunne det sjå ut som om tradisjonen ville døy ut i og med at Brynhild Utne trakk seg ut, men no har kantor Jostein Aarvik teke opp tråden, og har valgt å fortsetja tradisjonen i den solide steinkyrkja på Storetveit.

Aarviks eigen relasjon til det gamle visjonsdiktet byrja med den praktfulle innspelinga Agnes Buen Garnås gjorde i 1992 – saman med broren Knut Buen (hardingfele), Kåre Nordstoga (orgel), Harald Gundhus (fløyte og tenorsaksofon) og Warren Carlstrøm (harpe).

– Denne plata har blitt spelt flittig heime hos meg. Det er flott med instrumenta som er med og byggjer ut det kunstneriske uttrykket, og gjev litt «luft» mellom dei veldig sterke tekstlege bileta, seier han.

PRIMUS MOTOR: Brynhild Utne tok initiativet til dei årlege framføringane, og har sidan starten i 1999 presentert oss for 20 ulike kvedarar. (Arkivfoto: Magne Fonn Hafskor)

– Det er jo dei det handlar om – dei du sit igjen med – desse veldig sterkt utmåla bileta frå det hinsidige som fér forbi under framføringa.

– Kva har Draumkvedet å sei oss i dag?

– Dei litterære detaljane er eg ikkje kompetent til å uttala meg om, men diktet tek oss tilbake til ei tid der – slik Liv Ullmann har sagt om Kristin Lavransdatter – folk ikkje berre trudde at Gud eksisterte, men visste det. Dette er dikting som seier ganske mykje om det andelege livet den gongen; om korleis dei såg på denne verda og den neste, seier han.

– På ferda si i det hinsidige møter Olav Åsteson mellom andre ein mann som dreg på ein stor stein – som straff for at han i dette livet hadde flytta på ein grensestein i skogen. Då er me inne i bondesamfunnets røyndom, og den tidas syn på rett og gale.

Eitt av dei mest illustrerande bileta i Draumkvedet finn Aarvik i vers 19, der me er komne til Gjallarbrua – som i norrøn mytologi leier over til dødsriket. Her må den draumande forteljaren passere tre arge dyr: «Bikkja bit, og ormen sting / og stuten stend og stangar – / det slepp ingjen yvi Gjallarbrui / som feller domane vrange».

TIDLAUS DIKTING: – Mykje av Draumkvedet er uforståeleg – i alle fall for meg – og noko er attkjenneleg. Men det kjennest aldri ubetydeleg, seier Sigbjørn Apeland. (Foto: Magne Sandnes)

Aarvik ser no for seg ei ny rekkje av framføringar, der kvedaren ikkje lenger vil bli ståande aleine framom publikum – slik som tradisjonen har vore i stavkyrkja på Fantoft. Han tok difor kontakt med organist Sigbjørn Apeland, som igjen foreslo Berit Opheim som kvedar på neste års konsert. I tillegg blir trompetist Per Jørgensen med på laget.

HANDLINGSBOREN KUNNSKAP

Meir informasjon: lokalhistoriewiki.no

– Eg tenkte at no, når denne framføringa vert flytta frå den gamle «minikyrkja» og inn i ein katedral, så er det samstundes naturleg å utvide uttrykket. Som konsertarrangør ynskjer eg å få fram ei forstørra og forsterka oppleving der publikum verkeleg får høve til å kjenne på rommet dei er i, og då er det naturleg at kyrkjeorgelet får vera med, seier Aarvik.

– Dette vert ein kombinasjon av tekstleg og musikalsk tradisjonsformidling og noko heilt nytt, utdjupar organisten sjølv, Sigbjørn Apeland, som fortel at dei tre musikarane har spela saman fleire gonger i ulike konstellasjonar.

– Men me har aldri framført Draumkvedet saman, og me har aldri spela saman i Storetveit. Difor vert det som skal skje den 6. januar 2019 noko som aldri har hendt før, og som er like spanande for oss som syng og spelar som for publikum.

Draumkvedet er Noregs einaste visjonsdikt, og handlar om ei draumereise til det hinsidige og kva som vil skje på dommedag. Handlinga er sett til romjula, som gjennom alle tider har blitt sett på som ei overgangstid då det andelege er spesielt nær. Apeland meiner at verket er tidlaus dikting, som talar til oss på ulike måtar kvar gong me høyrer det.

– Mykje er uforståeleg – i alle fall for meg – og noko er attkjenneleg. Men det kjennest aldri ubetydeleg. Dei tradisjonelle melodiane har slitestyrke til å brukast heile livet, og dei toler å verta ikledd ny musikalsk drakt – igjen og igjen.

Berit Opheim på si side ser på det å få framføra Draumkvedet som eit privilegium, kvar gong nokon ber henne om det.

– Det er «handlingsboren kunnskap»; det er noko nytt eg opplever kvar gong eg syng det, seier ho, og legg til at det er både meditativ og utfordrande musikk, med rom for mykje ettertanke og livsvisdom.

– Me menneske strevar framleis med dei same utfordringane no som då dette visjonsdiktet vart laga, som var anten i seinmmellomalderen eller seinare; forskarane er ikkje einige om tidfestinga,

Også den mørke årstida det tradisjonelt vert framført i spelar med.
– Mange går meir innover i seg sjølv på denne tida – slik som naturen gjer – slår seg meir til ro, og er meir i kontemplasjon.

Forteljaren i Draumkvedet hadde eit syn eller ein visjon, der han såg både dei mørke og dei ljose sidene i verda mellom jordelivet og dødsriket.

Opheim peikar på at Olav Åsteson slik gjev oss påminningar om å leva eit liv i ærlegdom og godleik, og alltid streva etter å gjera vårt beste mot medmenneska.

– Eg har framført Draumkvedet ein eller fleire gonger i året gjennom 20 år, og det er noko av det eg set aller mest pris på å syngja. Det er blitt eit ritual for meg, kvar januar å få syngja denne storslåtte balladen, avsluttar ho.

Draumkvedet vert framført i Storetveit kyrkje sundag 6. januar 2019 kl. 19.00. Billettar ved inngangen. Arrangør: Storetveit kyrkjelyd med støtte frå Bergen kommune.

TROMPETLEGENDE FRÅ BERGEN: Per Jørgensen har spelt med blant andre Ny Bris, Tamma, Bergen Blues Band, E’Olen og Jøkleba. Han gjorde også stort inntrykk på publikum i DNS-stykket Vår ære/Vår makt (2016). (Pressefoto)
Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:
Peisbord 800×300

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this