UNDERHALDNING I SÆRKLASSE: – Dette blir verdas største basar der me loddar ut verdas største fruktkorg, lovar Finn Tokvam. Frå venstre: Frode Grytten, Halvor Folgerø, Finn Tokvam og Linda Børnes.

– Det er den draumen me ber på – om å vinne fruktkorga

Del artikkelen i Sosial medier

 – Ingen av oss har enno vunne ei fruktkorg, men me har delt ut fleire. Det er den draumen me ber på; å ein gong vere den som får kome fram til scenekanten og motta fruktkorga, seier Finn Tokvam, som for femte år på rad inviterar til basarkonsert saman med «superpopulærorkesteret» Finn-Erix.

Finn-Erix har historie tilbake til 2001, då dei spelte utekonsert på Torgallmenningen kort tid før jul.

Kjernen i bandet er Finn Tokvam, som sjølv hevdar han har ei «lyrisk tenorstemme», Odd-Erik Lothe på stoveorgel med rytmeboks og Halvor Folgerø på «erotisk fagott».

150 ÅRS BASARERFARING

– Halvor er på ein måte rosinen vår. Instrumentet hans er vakkert, og han er ganske fin sjølv også. Eg vil ikkje sei at me direkte spelar på sex, men me har Halvor Folgerø.

Då Finn Tokvam kort etter byrja å lage Radio Røynda for Norgesglasset på P1, vart Finn-Erix eit heilt naturleg tonefølgje. Dei gjorde stor suksess med songen Hjørdis med H, produsert av Trygve Thue, og kåra til årets sommarslager i 2002 av NRK Hordaland sine lyttarar.

Trioen står i dag trygt på eigne bein, og har kvart år sidan 2013 invitert til ein eigen basarkonsert i tida før jul.

– Er det den gamle bedehustradisjonen de her held ved like?

– Ja, bedehus og ungdomslag. Alle i bandet har vakse opp på slike småplassar, og me kjenner sterkt på draumen om å vinne fruktkorga, fortel Tokvam.

– Til saman har me 150 år med basarerfaring, men ingen av oss har enno vunne ei einaste fruktkorg. Det seier litt om kor vanskeleg det er, og kor gjevt, opplyser Halvor Folgerø.

MØTTE KONA PÅ BASAR: – Eg har vore mykje på basar i Evanger, sidan kona er derifrå, seier Halvor Folgerø (til høgre). – Dei møtte kvarandre på basar, opplyser Finn Tokvam.

– Det er den draumen me ber på; å ein gong vere den som får kome fram til scenekanten og motta fruktkorga, seier Tokvam.

– Ja, tenk å kunne oppleve det, seier Folgerø, og blir draumande i augene.

– Eg og Halvor køyrde ein gong til Voss berre for å gå på basar, fortel Tokvam.
– Ein annan gong reiste eg og produsenten vår, Linda Børnes, til Sotra for å vere gjester på ein basar der.

– BINGO ER FANDENS VERK

– Kva med bingo? Er det like gjevt?

– Nei, absolutt ikkje, slår Folgerø fast.
– Eg var ein gong på bingo i Oslo. Då vant eg ein kulepenn. Det freista ikkje til gjentaking.

– Bingo er fandens verk, meinar Tokvam.

– Vegen er kort frå bingo til narkotika, seier Folgerø, som legg til at han har vore mykje på basar i Evanger, sidan kona hans er derifrå.

– Dei møtte kvarandre på basar, opplyser Tokvam, og rettar samstundes ein stor takk til Evanger husmorlag, som velvillig har lånt ut årane sine til dei årlege basarkonsertane.

EIN GJEV GJEST: – Eg har stilt meg til disposisjon, seier Frode Grytten, som ifølgje Finn Tokvam skal lese tekstar, gjere nokon figurar – og kanskje danse.

Dei første basarkonsertane deira blei haldne på Logen teater, men flytta i 2016 inn på USF Røkeriet. Årets konsert tek steget heilt ut, sidan basaren flyttar inn i Grieghallen – som nærast er vår eigen Royal Albert Hall.

– Sigbjørn Apeland er eit tvers igjennom godt menneske. Lett å like. På ein måte er han menneskets svar på pølsegryte.

– Skal me halda fram slik, blir det stadionkonsert på Koengen til neste år, om me då ikkje gjer som Jan Eggum og inviterar til konsert på Madam Felle.

– Det hadde passa bra; det var jo der dåke byrja med eigne show, opplyser Linda Børnes.

– Ja, og heile tida med fine gjester, legg Tokvam til.

– I år har me fått med oss Frode Grytten, samt ein som skal vere hemmeleg julenisse. Dessutan har me invitert ein ordentleg dirigent.

Han trekkjer pusten, kanskje for fyrste gong i løpet av intervjuet.

– Er det Edward Gardner? spør eg.

– Nei, det blir Eivind Gullberg Jensen. Han kjem rett frå Wiener Staatsoper for å dirigera oss.

MENNESKETS SVAR PÅ PØLSEGRYTE

– Skal de ha med musikarar frå Harmonien?

– Nei, men me skal ha med nokon ekstra, blant andre Tarjei Strøm og Sigbjørn Apeland.

– Så det er Apeland som skal traktera husorgelet?

– Ja. Han er også eit tvers igjennom godt menneske. Lett å like. På ein måte er han menneskets svar på pølsegryte. Tarjei Strøm er også god, men han er litt for populær. Dessutan rører han ikkje alkohol. Det er litt svakt.

– Eg stolar ikkje på folk som ikkje drikk, seier Folgerø.
– Dei virkar så feilfrie og perfekte at dei nesten er litt upålitelege. Det er ikkje kjekt med folk som er feilfrie.

– Kva med saksofonist? Alle danseband skal vel ha med saksofonist?

– Me har med fagottist. Det er luksusvarianten, seier Tokvam.
– Det er mange som trur at me er eit slags danseband. Men me er ikkje det, utdjupar Folgerø.

– Danseband er berre ein inspirasjon for det me gjer, forklarar Tokvam.
– Me prøver ikkje å parodiera. Alle danseband er kanondyktige i sin sjanger. For vår del handlar det meir om at sjølvtilliten er langt større enn evnene.

– De gjer ein del coverlåtar?

– Ja, men me forbetrar dei, og gjev dei meir passande rytmer. Bossanova er favoritten. Mambo går også an, og rhumba. I starten var det kun bossanova. Det sklei ut då me øvde inn En natt forbi, og nokon hadde trykt inn rhumba-knappen. Men både rhumba og bossanova passar veldig godt til Halvors smektande erotiske fagott, seier han.

– Halvor er på ein måte rosinen vår. Instrumentet hans er vakkert, og han er ganske fin sjølv også. Eg vil ikkje sei at me direkte spelar på sex, men me har Halvor Folgerø.

Finn-Erix – verdas største basar. Griegsalen i Grieghallen, torsdag 6. desember kl. 19.00.

FINN-ERIX’ FYRSTE OPPTREDEN: Finn-Erix har historie tilbake til 2001, då dei spelte utekonsert på Torgallmenningen kort tid før jul.

 

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this