KLAR FOR KVEDING: – Draumkvedet er fantastisk diktning og utviklande for meg som formidlar og songar, seier Lajla Storli. (Foto: Julia Marie Naglestad)

Ingen trettandedag utan Draumkvedet

Storetveit kyrkjelyd sin tradisjon med framføring av Draumkvedet på 13. dag jul fortset, og 6. januar er det kvedaren Lajla Storli som har teke på seg det gjeve oppdraget.

Meir informasjon: lokalhistoriewiki.no/draumkvedet

– Draumkvedet er for meg ei heilande og magisk visjonsreise, seier Lajla Storli, som skal framføre det mektige mellomalderdiktet saman med Espen Wensaas (gitar), Mats Erik Odde (trekkspel) og Steinar Ofsdal (fløyter).

Hardingfelespelar og kvedar Lajla Storli er oppvaksen i Hardanger, og har i fleire år undervist ved Ole Bull Akademiet. Ho kom med soloplata «Møya som drøymde» i 2013, ei samling av ukjende mellomalderballadar og slåttar frå Hardanger og Voss.

I 2018 laga ho bestillingsverket Kvöldvaka saman med Oddrun Lilja Johnsdottir, eit verk med inspirasjon frå Hardanger og Island. Fyrste gongen ho song Draumkvedet var med Kim Rysstad i Vatnås kirke i Buskerud i 2016, og i år syng ho det altså i Storetveit kyrkje.

– Me har også denne gongen vald å legge framføringa til Storetveit kyrkje, seier kantor Jostein Aarvik, som fortel at konsertane tidlegare blei haldne i Fantoft stavkyrkje.

Alle framføringane blei haldne der frå tradisjonen starta i 1999 og fram til 2017. Då var det også tradisjon med to framføringar, slik at flest mogleg skulle få det med seg. Fyrste gongen framføringa blei flytta til hovudkyrkja var i 2018, der Sigrid Moldestad fekk ståande applaus frå ei fullsett kyrkje.

Aarvik synes at det er godt å tenkja på at det her er plass til absolutt alle som vil kome på framføringa. Hans eigen relasjon til det gamle visjonsdiktet byrja med innspelinga Agnes Buen Garnås gjorde i 1992 – saman med broren Knut Buen (hardingfele), Kåre Nordstoga (orgel), Harald Gundhus (fløyte og tenorsaksofon) og Warren Carlstrøm (harpe).

– Denne plata har blitt spelt flittig heime hos meg, fortalde han til Bergensmagasinet i fjor.

– Det er flott med instrumenta som er med og byggjer ut det kunstneriske uttrykket, og gjev litt «luft» mellom dei veldig sterke tekstlege bileta.

Slik sett skulle det vere stort rom for «luft mellom slaga» i neste års framføring, der kvedaren vil få musikalsk støtte både frå trekkspel, gitar og fløyespel.

Draumkvedet er Noregs einaste visjonsdikt, og handlar om ei draumereise til det hinsidige og kva som vil skje på dommedag.

Handlinga er sett til romjula, som gjennom alle tider har blitt sett på som ei overgangstid då det andelege er spesielt nær.

Forteljaren i Draumkvedet hadde eit syn eller ein visjon, der han såg både dei mørke og dei ljose sidene i verda mellom jordelivet og dødsriket.

Draumkvedet vert framført i Storetveit kyrkje måndag 6. januar 2019 kl. 19.00. Billettar ved inngangen eller frå kyrkjekontoret. Arrangør: Storetveit kyrkjelyd med støtte frå Bergen kommune.

DRAUMKVEDET I STORETVEIT KYRKJE: – Det er godt å tenkja på at det her er plass til absolutt alle som vil kome på framføringa, seier Jostein Aarvik. (Foto: Magne Fonn Hafskor)
Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:
Peisbord 800×300

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this