TEK FISKENS PARTI: – Etter å ha laga tv-serien «Den fantastiske villaksen» var eg litt i villreie om eg skulla fiska meir – for eg stod så tungt oppe i problema knytt til villaksen, seier Kenneth Bruvik, her med ein storaure (gjeldfisk). (Foto: Audun Rikardsen)

– Når vi tuklar med naturen, så vil naturen ta tilbake

– Den økonomiske modellen som samfunnet er bygd opp på i dag kjem ikkje til å fungera i framtida. Alt kan ikkje vekse inn i himmelen, for jorda tåler det ikkje, seier Kenneth Bruvik.

Du har sett han på tv. Kanskje har du også vore med han og rydda ei strand for plastavfall, eller du kjenner born som har fått hjelp til å meistra skulekvardagen gjennom TAM-prosjektet, som han etablerte i 1998.

Kenneth Bruviks engasjement er stort og omfattande, sist sett i alliansen «Arven etter plasthvalen» – som fekk æra minnet etter det sjuke dyret med ei eiga statue på Vindenes. Men kven er han eigentleg, denne villbassen som tilsynelatande aldri kviler – og kvar kjem engasjementet hans frå?

KLOKE ORD FRÅ FAR

– Så fekk eg aure, og då kom det som var det viktigaste av alt. Eg hadde lyst å fiska fleire i same kulpen, men då sa far at eg skulle gå vidare til neste kulp. «Når du haustar frå naturen er du nøydd å ha magemål» forklara han. «Då veit du at det er fisk når du kjem tilbake, og du veit at det er fisk til andre som vil prøve seg».

53-åringen sin far var frå Osterøy, og mora var frå Holsnøy. Han er yngst i ein søskenflokk på fem. Familien budde nokre år i Arna før dei flytta til Sotra rundt tida då Sotrabrua blei bygd (den blei opna for trafikk i desember 1971). Han har tre eigne barn og fire bonusbarn, og bur i dag på Melkeplassen. CVen hans fortel oss mellom anna at han har jobba som platearbeidar/sveisar i 17 år ved Karlsen og Sønn på Straume.

– På den tida hadde eg ein draum om å få til ein aktivitet for barn og unge som har utfordringar på skulen, fortel han.

– Eg hadde lenge gått og kjent på korleis vi som menneske har distansert oss frå naturen, og ikkje brukar det fantastiske repertoaret den kan gje oss i form av positiv energi, livskvalitet, sjelefred og alt det som høyrer til. Eg tok difor kontakt med Norges Jeger og fiskeforbund i Hordaland, og la fram planane mine der.

Dette blei starten på prosjektet TAM (Tryggleik, ansvar og meistring), som no er inne i sitt 23. år. Elevar frå 4. klasse og oppover får her eit pusterom i undervisinga der dei i staden for vanleg skulegong er ute og lærer korleis naturen fungerar.

PLUKKAR PLAST FRÅ SJØEN: – Det som kanskje gjev meg mest håp er at ungdomane er opptekne av å få plast som ligg og flyt opp i båten, seier Kenneth Bruvik. (Foto: Privat)

– Dei får kunnskap om korleis ein kan hauste frå og korleis ein kan ta vare på naturen, samstundes som dei forstår at me er nøydd å byggja gode haldningar rundt det me held på med, forklarar han.

Dette går tilbake til ein viktig lærdom den unge Kenneth fekk frå far sin då han blei teken med på fisketurar i Arna.

– Mitt viktigaste fiskeminne er frå bekken som renn nedover frå Spåkavatnet. Eg gløymer det aldri, det har brent seg inn i hjernebarken og eg har aldri klart å viska det ut, fortel han.

Faren tok ei hasselgrein og festa på eit snøre med krok og makk – og viste korleis han skulle snike seg forsiktig ut på kanten og sleppe makken ned i kulpen.

–Vi gjer ein del ting i naturen og økosystema våre som er riv ruskande gale. Økosystema våre er sårbare, og det har dei alltid vore. Skilnaden er berre at vi er blitt fleire – og meir grådige.

– Så fekk eg aure, og då kom det som var det viktigaste av alt. Eg hadde lyst å fiska fleire i same kulpen, men då sa far at eg skulle gå vidare til neste kulp. «Når du haustar frå naturen er du nøydd å ha magemål» forklara han. «Då veit du at det er fisk når du kjem tilbake, og du veit at det er fisk til andre som vil prøve seg». Så eg fekk det inn veldig tidleg, det med hausting og bruk av natur.

– Så du er ikkje så glad i dei som sopar havbotnen rein med trål?

– Det vert drive overfiske mange stader rundt i verdshava, og det er ikkje bra. Vi gjer ein del ting i naturen og økosystema våre som er riv ruskande gale. Når vi tuklar med naturen, så vil naturen ta tilbake. Økosystema våre er sårbare, og det har dei alltid vore. Skilnaden er berre at vi er blitt fleire – og meir grådige, seier han.

– Vi treng å ha litt magemål og ikkje ta alt. Sjå på villaksen. Om den vert forvalta ordentleg i ei elv, så er det ein utømeleg ressurs. Då kjem den opp i elva og gyter, og du kan ta ut ei viss mengde, eit overskot, og så er det igjen nok til å skapa nye overskot – akkurat som i ein bank. Slik er det med naturen. Dette er noko av det som har fulgt meg heile livet, og som eg prøver å formidla til ungdomane som eg tek med ut i naturen.

TEK SKULETRØYTT UNGDOM MED UT I NATUREN: – Eg hadde lenge gått og kjent på korleis vi som menneske har distansert oss frå naturen, og ikkje brukar det fantastiske repertoaret den kan gje oss i form av positiv energi, livskvalitet og sjelefred, seier Kenneth Bruvik. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

SKULEDAG UTE I NATUREN

Meir informasjon: nrk.no og njff.no

TAM-prosjektet har no tre team (to i Øygarden kommune og eitt i Nordhordland) med til saman sju heiltidstilsette, og er ute heile veka med elevar frå ulike skular. Totalt har dei tilbod til 95 skuleungdomar, som kvar er med ein fast ein dag i veka.

– Er det likt fordelt på gutar og jenter?

– Nei, det er overvekt av gutar. Det er veldig få jenter. Dei har nok like stort behov for å få eit avbrekk med høve til å gjera praktiske ting. I dagens skule skal alle gjennom ei kvern, og det er ikkje alle som passar inn i den kverna. Nokon har veldig gode ressursar på det som har med praktiske og kreative evner – og treng å få stimulert desse. Dei elevane som er praktisk anlagde er ofte også gode problemløysarar, seier han.

– Det handlar om meistring, anten det er å forstå korleis naturen virkar, med vind og ver, når ein fører ein båt, eller berre det å tore å setja seg ned i båten og vere med å få av taua, kjøra ut og vera trygg i båten.

– Kor mange pedagogar har de med?

– Teama er sett opp slik at den eine har pedagogisk bakgrunn, og den andre har praktisk og ofte natur/friluftsliv-bakgrunn. Det er ofte slik. Me har alltid ein på kvart team som tek det pedagogiske ansvaret.

Elevane får tilbod om TAM i samråd med leiinga på den einskilde skule. I mange saker kan skulepsykologar, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) og Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) tilrå at TAM kan vera bra for eleven. Prosjektet kan vise til gode resultat, og Bruvik understrekar at for mange av elevane har både skulefråveret gått ned og karakterane gått opp.

– Vi får gode resultat med dei teama som no er oppe. For meg har dette blitt ein livsstil og ei livsoppgåve, seier han.

– Er nokon av bergensskulane involvert?

– Ingen, noko som kanskje er litt rart. No er det snakk om at me skal inn på Danielsen skule i Bergen, men i utgangspunktet nyttar Bergen kommune eigne prosjekt. Dei har fått tilbodet, men dei har altså valgt å ikkje gå inn på eit samarbeid med oss. Men me har alle kommunane rundt Bergen, seier han.

– Det me veit er at dette er eit verktøy som fungerar. Dette er bra. Me driv også nonprofit. Det me er opptekne av, er at så mange barn som mogleg får kjenna på meistring. Mange av elevane som går hos oss seier at dei vanlege skuledagane blir enklare fordi dei har denne gulrota som dei gler seg til. Vi har hatt mange elevar som har vore vekke eit år, kanskje to år, og som vi har fått tilbake på skulen.

PÅ KRABBEFISKE: Ein av elevane i TAM-prosjektet fiskar her krabbar for Akvariet i Bergen. (Foto: Kenneth Bruvik)

– Og dette begynte altså i hovudet ditt?

– Ja, faktisk. Eg fekk den dåverande arbeidsgjevaren min (Karlsen og Sønn, journ. komm.) til å tru på det. Så kom Norges Jeger og fiskeforbund inn – og sidan har det berre balla på seg. Vi tapte mykje pengar i starten, men no går det rundt. Det er veldig inspirerande å jobba med. Du ser at ungdomane på ein måte får «gløden». Det er viktig å klare å blåse luft i den gløden. Vi har alle noko som vi er god på.

LAGAR NATURDOKUMENTAR FOR NRK

Noko Kenneth Bruvik er god på, er å vera engasjert programleiar i ei rad med NRK-dokumentarar. Dette har han drive på med i ei årrekkje saman med Pandora film (pandorafilm.no) og Jan Inge Skogheim.

– Det er fantastisk flinke folk i det tv-selskapet. Dei lagar «Tid for hjem», og har gjort «Flukt» med Leo Ajkic – så eg har vore så heldig at eg har fått vera med og gjere ein heil del dokumentarar saman med dei.

– Det var godt å få gje ei stemme til ein skapning som me har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på. Villaksen har historie heilt tilbake til istida, og reint kulturelt er den ein del av identiteten vår.

Alle dokumentarfilmane som Bruvik er med i handlar om natur og miljø. Utgangspunktet hans er alltid det same: Det skal vera interessant å sjå på, og sjåarane skal kunna kjenna at dei forstår litt meir etterpå. Den første dokumentaren han var med på å lage var den fem episodar lange «Laksejegeren» – som blei sendt på NRK i 2011. Denne handla om at Kenneth Bruvik og det lokale fiskelaget kjempa for å ta vare på villaksen i Daleelva i Vaksdal.

– Før denne blei sendt var eg så heldig at eg fekk vera med og lage ein film om kveite som heiter «Dronningen i dypet». Den var liksom startskotet for dokumentar-karriera mi. Då var eg allereie begynt å filme på lakse-dokumentaren. Sidan har det berre rast på.

– Vi laga «I skuggen av laksen» – som var ein film om sjøaure, så blei det «Drømmefiske» – der eg fekk reise til Karibien og fiske på dei raskaste og sterkaste fiskane i heile verda – og «Gjedda – Nordens krokodille» – som er den einaste norske dokumentaren eg veit om som er blitt dubba til tysk.

GJEV EI STEMME TIL VILLAKSEN

NRK ville ha endå ein serie, og teamet foreslo då å laga nok ein serie om villaksen. Dette blei den fire episodar lange «Den fantastiske villaksen», som blei sendt på NRK i 2018.

– Vi heldt på med den i fire år, og var veldig nøgde med resultatet. Eg trur den blei eit godt dokument på korleis villaksen har det.

– Den har det ikkje så bra?

– Villaksen har sine utfordringar, og eg tenker at det var godt å få gje ei stemme til ein skapning som me har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på. Den har historie heilt tilbake til istida, og reint kulturelt er den ein del av identiteten vår, seier Bruvik.

– Laksen har alltid fascinert meg, og det å fiske laks er eit eventyr i seg sjølv. Den dagen du får den første laksen er noko du aldri gløymer – det er noko du tek med deg heilt til siste reis – og du går og gler deg eit heilt år fram til laksesesongen tek til. Men etter å ha laga serien var eg litt i villreie om eg skulla fiska meir – for eg stod så tungt oppe i problema knytt til villaksen. Det var tøft å kjenne på alle dei farene som er rundt den skapningen; korleis den slit.

STRANDRYDDING PÅ NARØY: Slik kan ei strand sjå ut før den er rydda. (Foto: Kenneth Bruvik)

– Kor alvorleg er det at rømt oppdrettslaks blandar seg med villaksen?

– Det er jo det som er hovudproblemet for villaksen. Rømt oppdrettslaks og lakselus. Før var det heilt naturleg med litt lakselus, men no er det slik at det står 600 lokalitetar med lakseoppdrett  rundt kysten – med millionar av laks i kvar – og då er det så mange vertar at det blir som ein lusefabrikk rundt desse anlegga, seier han.

– Men problema er samansett; det er mange truslar. Det er rømt oppdrettslaks, det er lus, det er kraftutbyggingar, det er forureining – og sjølvsagt ulovleg fiske. Samla gjev dette eit trykk som gjer at det blir vanskeleg for villaksen.

DÅ «PLASTKVALEN» BLEI VERDSKJEND

– Det som har skjedd rundt «Jarle Kval» har endra haldninga til dette problemet rundt om i heile verda, så det dyret var ein av 2017s desidert største heltar.

Kenneth Bruvik og Pandora film er no i gang med ein ny dokumentarserie for NRK. Denne gongen handlar det om plastforureininga av elvar og havet – med utgangspunkt i den no verdskjende «plastkvalen» som stranda på Vindenes (Sotra) 28. januar 2017 – og fekk namnet Jarle Kval etter han som først oppdaga den (Jarle Vindenes).

Pandora film har til no jobba i halvtanna år med den nye dokumentarserien, og Kenneth Bruvik har i denne perioden vore med og opna ytterlegare fem kvalar.

TIL MINNE OM «PLASTKVALEN»: På dagen tre år etter at «plastkvalen» stranda på Vindenes blei det avduka ei statue av den på same staden. Bak statuen står alliansen Arven etter plasthvalen. (Foto: Kenneth Bruvik)

– Det som har skjedd rundt «Jarle Kval» har endra haldninga til dette problemet rundt om i heile verda, så det dyret var ein av 2017s desidert største heltar. Han kom opp frå djupet med magen full av plast – og sjuk. Det er ganske spesielt. Eg sa til Sky News at det er ein beskjed frå djupet – ein beskjed til oss frå Moder Jord. Det var også spesielt at den kom opp så nær anlegg for oljeutvinning og plast.

Ein avgjerande ting for at dette blei eit verdsnyhende var at Jarle Vindenes bestemte seg for å ta kvalen på land etter at den blei avliva – slik at barn og unge skulle få sjå på den.

Berre i nye Øygarden kommune (tidlegare kommunane Fjell, Sund og Øygarden) har ein fjerna nærare 160 tonn med plast.

– Hadde han ikkje gjort det, så hadde den berre blitt slept til havs og søkt ned, slik ein alltid gjer med stranda kvalar. I staden blei den opna, og då ein såg kva som var inni kvalen fekk folk først sjokk – og så skjedde det noko fundamentalt med oss alle. Problemet er ikkje av ny dato, men vi har ikkje tenkt så mykje på det.

HAR RYDDA TONNEVIS MED PLAST

Engasjementet rundt plastrydding har vore enormt i dei to åra som har gått etter kvalstrandinga. Berre i nye Øygarden kommune (tidlegare kommunane Fjell, Sund og Øygarden) har ein fjerna nærare 160 tonn med plast.

– Det er kome i gang ein nasjonal dugnad som eg ikkje trur vi har sett maken til i Noreg. Mange har tidlegare vore med i oppryddingsarbeid etter oljesøl, men det har vore heilt ekstraordinært mange nordmenn ute og rydda plast. Dette gjev båd eit håp for framtida og eit håp i folket om at me faktisk kan gjera noko med det.

LÆRE FOR LIVET: Elevane i TAM-prosjektet spør ofte om dei kan få rydda ei vik før dei går heim for dagen. (Foto: Kenneth Bruvik)

I kjølvatnet av plastkvalen har Norges Jeger og fiskeforbund i Hordaland saman med Veterinærinstituttet og Norce – med Marte Haave i spissen – drive og sjekka ein del marine dyr langs kysten.

– Vi har sjekka både sjøfugl, fisk, oter og sel, og kjenner at vi treng å vite meir. Hovudproblemet er at det ikkje er vilje til å bruke ressursar og pengar på forskning rundt desse tinga, sidan det ikkje gjev rein avkastning i den andre enden, beklagar Bruvik.

– Eg skulle ønska at nokon kunne seie at vi skal bruke ressursar på å finne dei svara som ikkje naudsynleg er dei tinga som set pengepressa i gang på andre sida – men faktisk gjev oss den kunnskapen som gjer at politikarane tek dei rette grepa for at me skal få ei betre verd framover.

HAUSTAR OG RYDDAR I NATUREN

– Når havforskarane våre kjem med råd som heng saman med dokumentasjon og kunnskap som dei har forska fram – så må me lytta. Næringsinteressene klarar ikkje alltid å lytta nok til dei råda. Det må dei bli flinkare til i framtida. Eigentleg trur eg at dei vil bli tvungne til det.

– Vi er tilbake til det din far sa?

– Ja, det er heilt rett. Når havforskarane våre kjem med råd som heng saman med dokumentasjon og kunnskap som dei har forska fram – så må me lytta. Næringsinteressene klarar ikkje alltid å lytta nok til dei råda. Det må dei bli flinkare til i framtida. Eigentleg trur eg at dei vil bli tvungne til å gjera det.

– Tek du skuleelevane i TAM-prosjektet med på plastrydding?

– Vi er primært ute og set garn og teiner, og då spør dei ofte om vi kan rydda ei vik før me går heim. Det som kanskje gjev meg mest håp er at ungdomane er opptekne av å få opp i båten plast som ligg og flyt, fortel han.

– Dette har leia til at vi har innført eit nytt omgrep i TAM – som går på at vi skal hauste litt i naturen og vi skal rydde litt i naturen – så vi har alltid ein kasse med plast ved sida av kassen med fisk. Det er blitt naturleg for oss. Slik endrar ein haldningar. Det er det som skal til for å få noko til å skje.

PLASTRYDDING: Gamle restar av fiskegarn er vanleg å finne når ein ryddar ei vik for plast. Biletet er frå Narøy, der TAM-elevane fekk fjerna ei fastgrodd trålpore. (Foto: Kenneth Bruvik)
Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:
Peisbord 800×300

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this