PREMIERE: Karl Seglems nye musikkvideo har henta både namn og inspirasjon frå eit fjell i Sogndal.
– Låten er inspirert av området kring Rindabotn, og det faktum at ein der driv med nedoverski i stor skala, seier saksofonisten og bukkehornisten, som opphavleg kjem frå Årdalstangen.
Musikarane i videoen er den same septetten som Seglem har gjort to bestillingsverk for (Vossa Jazz / Riksscenen) og turnert eindel med: Håkon Høgemo (hardingfele), Sigrid Moldestad (hardingfele), Lars Jakob Rudjord (orgel, tangentar), Andreas Ulvo (piano, tangentar), Sigurd Hole (bass) og Kåre Opheim (trommer).
– Låten er inspirert av området kring Rindabotn, og det faktum at ein der driv med nedoverski i stor skala.
Musikkvideoen syner eit konsertopptak frÃ¥ Riksscenen i Oslo – slik det føreligg pÃ¥ det komande albumet Nunatak – eine Erzählung – blanda med innklipte dronevideo-sekvensar frÃ¥ Jotunheimen.
Desse klippa er filma av Espen Stensvoll, som for tida arbeider med ein 40 minuttars naturdokumentar utan kommentarar; utelukkande med musikk av Karl Seglem.
LES OGSÃ…: Frijazz i fjellet
![Høyr fjellet spela 2 NORCD1892 CDFront](https://bergensmagasinet.no/wp-content/uploads/2018/10/NORCD1892-CDFront-350x350.jpg)
Planlagt filmpremiere er 1. februar 2019. Delar av desse filmopptaka vil bli brukt på urframføringa av Verdsarv på Nynorske litteraturdagar i Flåm i morgon, 20. oktober; eit nytt verk som han framfører saman med eit meir akustisk ensemble.
– Denne musikken er meir meditativ og ettertenksam, men tematikken kring naturen, klima og miljø er med for fullt, via tekstar frå poesisamlinga mi Kvervel (2018), frå norrøne myter, til fakta om jordas klima og miljø-situasjon.
Nunatak er basert på eit konsertopptak frå Riksscenen i Oslo, i tillegg til nye komposisjonar.
– Dette er mitt råaste og mest energiske album nokonsinne. Og det sintaste, seier Seglem, som karakteriserar albumet som «eit skrik».
– Verdshava er fulle av plast. Polane smeltar. Kloden er varmare. Det pregar meg og min livstil, mitt livsyn. Mi skaparkraft, seier han.
– Eg har dårleg samvet. Kva kan eg gjera utover å resirkulere, kjøpa mindre, ikkje kasta mat, ikkje fly? Naturen er livsviktig for meg. Det er i naturen eg hentar krefter, får skapartrang og inspirasjon, finn ekte og ofte svært enkle gleder. Det er der musikken på mange måtar kjem til live. Gjennom å vera i natur, bruka og oppleva den.
Han fortel også om ei sorg etter at hans to år yngre bror, Erling Seglem, døydde av kreft i februar, 54 år gamal.
– Kanskje den sorga har gjort dette albumet til noko usedvanleg sterkt, iallfall for meg? Eg tenkjer ofte pÃ¥ min bror. «Vær sterk, stÃ¥ imot, gjer alt det beste du kan alltid» sa han, og la til: «Lev no – og lytt no. Skap noko. Finn meining i noko lite som difor blir stort».
Nunatak – eine Erzählung er basert pÃ¥ eit konsertopptak frÃ¥ Riksscenen i Oslo, i tillegg til nye komposisjonar. Albumet vert utgjeve av NORCD, og kjem pÃ¥ CD og vinyl fredag 26. oktober, og digitalt 9. november.
![Høyr fjellet spela 3 Karl Seglem pressebilde 1 foto O. Apneseth](https://bergensmagasinet.no/wp-content/uploads/2018/10/Karl-Seglem-pressebilde-1_foto-O.-Apneseth.jpg)