FOR BARN FRÅ 0-100 ÅR: – Dette er ei plate som både barn, foreldre og besteforeldre kan ha glede av å lytte på i lag, seier Annlaug Børsheim. (Foto: Elisabeth Emmerhoff)

Musikkfest for baksetet

Det er alltid på tide å fornye repertoaret for lytterne i baksetet, enten det er på vei til skole/barnehage eller til en eller annen ettermiddagsaktivitet. Det er derfor gledelig å melde at Annlaug Børsheims nye plate er til glede både for små og store ører.

Platecoveret er designa av Mari Watn

I dag vert Annlaug Børsheim-albumet «Alle har en liten dør bak øret» lagt ut på alle digitale plattformer.

Albumet kjem også ut som dobbel vinylplate. Denne vil vere til sals i nokre butikkar lokalt i Bergen og omegn, og kan òg tingast direkte frå Annlaug.

Musikken og songane på plata vart laga til ein teaterserie for barn der all tekst er nyare dikt og poesi skrive og henta frå allereie utgjevne bøker av ulike samtidsforfattarar.

Teaterserien «Alle har en liten dør bak øret» vart utvikla og produsert av skodespelar og regissør Vibeke Flesland Havre og Annlaug Børsheim i 2019 på Cornerteateret i Bergen, der den vart vist gjennom heile året.

Sidan har dei gjestespelt på Den Nationale Scene i Bergen og på Teater Vestland, i tillegg til å ha spelt på fleire festivalar og turnert med Den Kulturelle Skulesekken.

PASSER FOR DEI FLESTE

All musikken er laga av Annlaug Børsheim, som sjølv spelar hardingfele, fele, gitar/el-gitar, shruti-box og kalimba – i tillegg til å synge på plata.

Musikarane ho har med seg er Pedro Carmona-Alvarez, Kåre Opheim, Anders Bitustøyl, Einar Sogstad og Vibeke Flesland Havre.

– Musikken er inspirert av alt frå slåttemusikk frå Hardanger, via Peps Persson til songar av Lana Del Rey, seier ho, og legg til at den opphavlege åtte-episodars teaterserien var meint å vere for barn frå 0-100 år.

– Eg vonar at musikken og plata skal kunne treffe den same aldersgruppa. Dette er ei plate som både barn, foreldre og besteforeldre kan ha glede av å lytte på i lag.

«Alle har en liten dør bak øret» er innspelt i Lax Studio i Bergen i løpet av 2020 med Pedro Carmona-Alvarez og Einar Sogstad som teknikarar. Miksa og mastra av Iver Sandøy i Solslottet studio. Tekstane på plata er skrivne av Ruth Lillegraven, Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian Løchstøer og Ragnar Hovland. All musikk av Annlaug Børsheim. Plata vert ugjeven ut på Annlaug Børsheims eige selskap Fivreld, med digital distribusjon gjennom IndigoBoom.

ANNONSE:
Lønvardstoppen Oppstartsfest & Visningshelg

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this