Peppes Pizza Desember 2019
BOKFEST I BERGEN: – Målet for LitFestBergen er å utfordre, å gi nye store lesaropplevingar og å utvide den norske litterære offentlegheita, seier festivalsjef Teresa Grøtan. (Foto: Eivind Senneset)

Forfattarregn over Bergen

–  Vi er utruleg stolte over å kunne presentere forfattarar frå alle verdas kontinent, seier festivalsjef Teresa Grøtan, som torsdag i neste veke opnar dørene for Bergen internasjonale litteraturfestival.

KVARDAGEN I SYRIA: Khaled Khalifa bur i Damaskus, etter å ha blitt tvunge på flukt frå krigshandlingane i heimbyen Aleppo. Han kjem til Bergen for å snakke om kvardagen i Syria og kva for rolle litteraturen kan spele i verdas konfliktsoner. (Foto: Yamam Al Shaar)

Fjorårets festival, som var den første i rekka, kunne skilte med 90 gjester frå rundt 20 land. I år legg Bergen Internasjonale Litteraturfestival lista litt høgare, og har invitert over 100 gjester frå 25 ulike land til å stå for programmet.

Årets tema er «kvardag», sett med augo til alt frå forfattarane og aktivistane Jason Y. Ng (jurist) og Antony Dapiran (advokat) frå Hong Kong – som kjem for å snakke om dei pågåande protestane – til syriske Khaled Khalifa, som er ein av få forfattarar som har blitt buande i heimlandet gjennom heile krigen, trass i at fleire av bøkene hans har blitt forbodne i Syria.

Andre namn å merke seg er Lynda Blackmon Lowery – som var den yngste av dei som marsjerte saman med Martin Luther King Jr. i stemmerettsmarsjen mellom Selma og Montgomery i 1965­, Gloria Gervitz frå Mexico – særleg kjent for langdiktet Migraciones, og Raja Shehadeh og Penny Johnson – som begge er busette i Ramallah (Palestina), og har gitt unike skildringar av den israelsk-palestinske konflikten og kvardagslivet i dei okkuperte landområda.

MARSJERTE MED MARTIN LUTHER KING JR.: Lynda Blackmon Lowery har dokumentert erfaringane frå borgarrettskampen i boka «Turning 15 on the Road to Freedom». (Foto: Robin Cooper)

Frå Sør-Afrika kjem professor/forfattar Njabulo Ndebele og den unge poeten Koleka Putuma. Førstnemnde er leiar av The Nelson Mandela Foundation, og høyrer til ein generasjon sørafrikanarar som vaks opp med apartheid og opplevde opphevinga av denne i 1994 som eit mirakel. Den forsonande linja som Nelson Mandela la seg på i etterkant blir rekna som den viktigaste grunnen til at ein unngjekk borgarkrig i Sør-Afrika, og Ndebele er ein viktig ivaretakar av denne arven.

Putuma stiller seg derimot meir kritisk til ideen om ein «regnbogenasjon». Ho høyrer til ein generasjon sørafrikanarar som har vakse opp utan apartheid, og som meiner at Mandela og dei som støtta han tilgav for raskt og for lett. Med sine konfronterande dikt og sterke scenepersonlegdom har Koleka Putuma raskt blitt både ei berømt og anerkjend stemme for unge sørafrikanarar og deira draum om ekte forandring i heimlandet.

FESTIVALOPNING PÅ SAMANES NASJONALDAG

– Vi har invitert forfattarar som går inn i dei store og viktige spørsmåla i vår tid.

Festivalen, som gjerne omtalar seg sjølv med kortforma LitFestBergen, har også mange norske stemmer på programmet – ikkje minst frå dei samiske språka, understreka av at den opnar på samanes nasjonaldag 6. februar.

– Me vil mellom anna undersøke kva spor samane si historie som undertrykt minoritet har sett i samisk litteratur, og i kva retning den unge samiske litteraturen går no, seier Grøtan.

I denne delen av programmet kan du få møte både Niillas Holmberg frå Sápmi (Finland), Sigbjørn Skåden og forfattar og omsettar frå samisk, Laila Stien.

Frå Noreg kjem òg fleire av våre mest kjende historieforteljarar, som Lars Saabye Christensen, Thorvald Steen, Ketil Bjørnstad og Frode Grytten, medan forfattar og musikar Pedro Carmona-Alvarez vil presentere ei musikalsk-litterær framsyning basert på Leonard Cohens verk, kalla «Kunstnarens kvardag».

Kvardag i fengselet

Festivalen har i tillegg innleia eit skrivesamarbeid med Bergen og Bjørgvin fengsel. Publikum vil her få eit unikt innblikk i livet som langtidsinnsett når skrivelærarane Annette Mattsson og Eivind Riise Hauge står på scena saman med to av dei innsette som har delteke, Bjørn Dahl og «Lars» (namnet er endra av omsyn til familie).

SKRIV OM LIVET I FENGSEL: Bjørn Dahl får permisjon for å kunne stå på scena under litteraturfestivalen for å lese og snakke om kvardagen i fengsel. (Foto: Annette Mattsson)

Mange av dei innsette kjem frå miljø som er ganske langt frå litteraturens verd. Dette kan endre seg i løpet av tida dei sit inne, og slik gje dei nye interesser og verdiar.

SØRAFRIKANSK POET: Koleka Putuma har blitt skildra som «den banebrytande nye stemma i sørafrikansk poesi» av OkayAfrica, som særleg rosa henne for å vere kompromisslaus og uredd. (Foto: Mawande Sobethwa)

– Skrivinga gjev ein sjanse til å lære å setje ord på tankar og kjensler, og å stå i det. For mange av dei innsette har skrivinga opna ei ny verd, seier Mattsson, som leiar skriveverkstaden i Bjørgvin fengsel.

– Kontakta med både dei næraste og med omverda blir jo sterkt redusert når ein sit inne. Skrivinga kan då bli ein måte å halde fast på. Nokre er også opptekne av å skrive kritisk – å formidle kva dei opplever som urettferdig. Opplevinga av å miste fridomen sin er også eit tema som går igjen i tekstane.

Humor høyrer også med på ein litteraturfestival. Trond-Viggo Torgersen vil gje eit skråblikk på kvardagen i kommunen, forfattarens kvardag blir avdekka i programposten «Spør forfattaren!» (med Marit Eikemo og Jens M. Johansson). Det blir også plass til både gapskratt og ettertanke i møte med den amerikanske essayisten og poeten Mary Ruefle.

– Til slutt vil eg trekke fram det omfattande poesiprogrammet. Laurdag kveld samlar vi 15 poetar frå 12 land til ein to timar lang poetisk punkgalla. Det blir fantastisk, seier Grøtan.

– Vi har invitert forfattarar som går inn i dei store og viktige spørsmåla i vår tid. Målet for LitFestBergen er å utfordre, å gi nye, store lesaropplevingar og å utvide den norske litterære offentlegheita.

Bergen Internasjonale Litteraturfestival vert halden 6.-9. februar 2020 på Litteraturhuset i Bergen. Meir informasjon: litfestbergen.no

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:
Peisbord 800×300

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this