draumkvedet1 Willums1
OLAV ÅSTESON PÅ VEG NED I DØDENS RIKE: Den norske kunstnaren Olaf Willums (1886-1967) skapte fleire måleri basert på «Draumkvedet». Dette er frå 1934, og viser ei scene frå byrjinga av visjonsdiktet. (Gjengjeve med tillating frå Porsgrunn Kommunes Kunstsamling)

Eit tidlaust visjonsdikt

Del artikkelen i Sosial medier

Den mektige mellomalderballada «Draumkvedet» tåler alt frå tradisjonell kveding til Unni Løvlids intense stemmebruk i Arne Nordheims monumentale orkesterversjon. På årets framføring i Storetveit kyrkje var det nettopp Unni Løvlid som formidla den kanskje 700 år gamle teksten.

draumkvedet4 aarvik
Jostein Aarvik (foto: Magne Fonn Hafskor)

Den årlege tradisjonen med å framføre «Draumkvedet» i Storetveit kyrkjelyd (Bergen) byrja 13. februar 1998, då Sondre Bratland song utdrag frå visjonsdiktet på ein konsert med religiøse folketonar (saman med organist Iver Kleive og folkesongaren Kjersti Wiik).

Kvart år sidan (med unntak for pandemiåret 2001) har «Draumkvedet» vorte framført der på trettandags jul (6. januar) – fram til 2017 i Fantoft stavkyrkje, sidan i Storetveit kyrkje.

– Det er både spanande og utfordrande å vere arrangør når «Draumkvedet» – etter å ha «overvintra» i Fantoft stavkyrkje i 20 år – no flyttar inn i varmen i katedralen på Storetveit, sa kantor Jostein Aarvik til Bergensmagasinet då han overtok stafettpinnen frå Brynhild Utne – som var primus motor sidan byrjinga.

Til årets framføring hadde han henta inn folkemusikar og kvedar Unni Løvlid, som i samspel med organist Vemund Olav Aukrust tok oss med tilbake til den dramatiske trettandagen ein gong på 1300-talet.

– BILETE FRÅ EI SVUNNEN TID

– I draumen kan du setja din fot på stader du elles ikkje kan nå, og få bilete som er sterkare enn dei du kan uttrykkje med ord.

Draumkvedet gjev oss bilete frå ei svunnen tid, der ein hadde eit litt anna blikk både på dette livet og det som kanskje skal kome, innleiar Aarvik, og legg til at det er lett å reisa i ein draum.

– I draumen kan du setja din fot på stader du elles ikkje kan nå, og få bilete som er sterkare enn dei du kan uttrykkje med ord.

Konserten opnar med ei kjenslevar framføring i undringsfullt gangtempo av orgelstykket Passacaglia over Draumkvedet. Dette er komponert av Ludvig Nilsen (1906-2001), som var domorganist i Nidarosdomen då stykket blei urframført der i 1966.

draumkvedet3 loevlid
OPPHEVAR TIDA: Unni Løvlid gjorde ei svært suggererande framføring, der dei enkle og sterkt repetitive melodiane på ein måte oppheva tid og avstand. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

Basstonane fyller kyrkjerommet, før Aukrust løftar stykket over i ein meir syngjande del – der Ludvig Mathias Lindemans tonesetjing av Draumkvedet (basert på gamle folkemelodiar) er lett gjenkjenneleg.

Saumlaust blandar så Unni Løvlid seg inn i foredraget – med dei kjende opningslinjene frå visjonsdiktet: «Vi’du me lye, eg kvea kan um einkvan nytan drengjen, alt um’n Olav Åsteson, som heve sovi so lengji».

Orgelet vekslar mellom å legge seg tett inntil kvedinga og bryte over i skarpe improviserte skjær. Det er ei svært suggererande framføring, der dei enkle og sterkt repeterande melodiane på ein måte opphevar tid og avstand – både til kvardagen utanfor kyrkjedøra og hundreåra som ligg mellom oss og mellomalder-bondens opphald i Draumeriket.

Det han ser og opplever der står i så måte ikkje tilbake for den verda Neil Gaiman har opna for oss gjennom teikneserien (og no Netflix-serien) om Sandman – kongen av Draumeriket.

draumkvedet2 loevlid og aurust
STERK FRAMFØRING: – Draumkvedet handlar om alle desse punkta i livet, der du må gjere eit val om kven du ynskjer å vera, seier Unni Løvlid, som framførte visjonsdiktet saman med Vemund Olav Aukrust. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

GÅR GJENNOM DØDEN

– Når Olav Åsteson går over Gjallarbrua, så blir han jo torturert. Kjøtet blir drege av kroppen, og han rapar med mold i munnen.

– Eg hadde planlagt ein del ting på førehand, men framføringa blei heilt improvisert, seier organist Vemund Olav Aukrust etterpå.

 – Eg trur du fletta inn eit lite Bach-tema òg?

– Ja, eg prøvde å ta inn litt Bach. Det var òg litt frå den katolske dødsmessa, og nokre andre referansar.

– Opningsstykket var heilt nydeleg.

– Å, det er bra at du synes det. Eg har ikkje spela noko av Ludvig Nilsen før. Det er eit nokså intrikat stykke, der fleire av [dei fire] Draumkvedet-melodiane ligg oppå kvarandre – saman med den gamle katolske dødsmessa.

draumkvedet Willums2
DRAUMKVEDET I STORT FORMAT: «Dette er lavet for min utstilling i P. Kunstforening i 1958 som prøve på tekst og skrift for en bok med tresnitt etter «Draumkvedet»» skreiv kunstnaren Olaf Willums på baksida av dette biletet, som måler heile 87 x 124 cm.(Gjengjeve med tillating frå Porsgrunn Kommunes Kunstsamling)

– Ein morosam ting er at Ivar Aasen var informant for den første melodien i Draumkvedet, fortel Unni Løvlid, som får med seg siste del av samtala vår.

– Han hadde lært den i Telemark, og song den for Lindeman – som så noterte den ned.

– Det er ei svært tung og gamaldags gudstru som vert formidla i Draumkvedet, med synd og fortaping?

– Ja, det inneheld mykje katolsk og litt norrøn symbolikk – men samstundes så handlar det jo om alle desse punkta i livet, der du må gjere eit val om kven du ynskjer å vera, seier ho.

– Når Olav Åsteson går over Gjallarbrua, så blir han jo torturert. Kjøtet blir drege av kroppen, og han rapar med mold i munnen.

– Det betyr at han har gått gjennom døden. Men gjennom denne reinsinga har han klart å finne skilnaden mellom rett og galt. Og då slepp du gjennom.

– Du syng òg på innspelinga av Arne Nordheims moderne tolking av visjonsdiktet. Kva var hans relasjon til Draumkvedet?

– Han elska det. Han var veldig glad i folkemusikk. Eg besøkte han ofte i Grotten (Statens æresbolig for kunstnarar, opphavleg reist av Henrik Wergeland, journ. komm.), og han ba meg synge Jeg lagde meg så silde i gravferda hans.

Dette er òg ei mellomalderballade med ukjend opphav. Eg-personen i denne songen får vite at kjæresten hans er sjuk. Han rir straks til henne, men då han kjem fram er ho allereie død.

draumkvedet liste
PRAKTUTGÅVE FRÅ SAMLAGET: Moltke Moes restituerte versjon av «Draumkvedet» saman med Gerhard Munthes illustrasjonar blei nyutgjeven av Samlaget forlag i 1993.

I fleire strofer gjev han så uttrykk for sorga: «Ikke andet jeg vide og ikke andet jeg fornam / end mitt Hjerte i stykker mon springa».

– Arne Nordheim var veldig glad i både den og Draumkvedet, og ba meg ofte om å synge dei når eg besøkte han.

– Korleis var han?

– Å, han var ein samtalens meister. Eg hugsar at han fortalde om den fyrste natta han og Rannveig Getz sov i Grotten.

– Om morgonen sette dei på radioen, som akkurat då sende eit arkivopptak der Arnulf Øverland sa fram sine eigne dikt. Så dei låg i senga og høyrde på Arnulf Øverland – som hadde budd i Grotten før dei.

Laurdag 14. februar er Unni Løvlid tilbake i Bergen med trioen Unamna. Konserten vert halden i Gyldenpris Kunsthall (Lien 79), og blir ein dobbelkonsert saman med den lågtflygande piano/bass-duoen Simiskina (Jonas Cambien/Adrian Myhr) og Xavier Querel. Arrangør: Ny Musikk Bergen.

Dagen etter spelar trioen i Gamlekinoen på Voss. Arrangør: Voss Jazzklubb.

Porsgrunn-kunstnaren Olaf Willums (1886-1967) laga sju store måleri med motiv frå Draumkvedet. Desse vil bli vist som ei eiga utstilling i samband med seminaret Draumkvedet i vår tid på Vest-Telemark Museum på Eidsborg, 17.-18. mars.

draumkvedet FAKTA

draumkvedet Willums3 scaled
«ORMEN HØGG’E, Å BIKKJA BITE»: Den norske kunstnaren Olaf Willums (1886-1967) har her måla Olav Åsteson på veg over Gjallarbrua. (Gjengjeve med tillating frå Porsgrunn Kommunes Kunstsamling)

Del artikkelen i Sosial medier

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this