Peppes Pizza Desember 2019
HAR SKRIVE GROTTENS HISTORIE: – Eg er litt uærbødig mot alle, både nolevande og døde, men det tenker eg at eg må kunne vere, seier Ingvild Bræin, som har skrive bok om Statens æresbustad i Slottsparken – og husets bebuarar. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

Historia om eit hus

Dette er ein biografi over huset og fem ruvande skikkelser i norsk historie, seier Ingvild Bræin, som no kjem ut med ei bok der ho fortel historia om Statens æresbustad Grotten – der Jon Fosse flytta inn i 2011.

Grotten blei opphavleg reist av Henrik Wergeland, som flytta inn der 17. mai 1841 saman med kona Amalie Sofie. At han i det heile fekk løyve til å bygge der, medan Slottet og Slottsplassen var under bygging, er i seg sjølv ganske utruleg.

På grunn av økonomiske vanskar såg ekteparet seg nøydde til å selje huset i 1845, kort før Henrik Wergeland døydde. Sidan hadde Grotten fleire eigarar, fram til Staten kjøpte eigedomen i 1922. Fleire forslag til bruk av huset blei lagt fram, men til slutt vedtok Stortinget å bruke det til æresbustad for fortente kunstnarar.

JAKTA PÅ VESLEBRUNEN

Meir informasjon: Samlaget

Ingvild Bræins bok blir dermed både ei forteljing om husets historie og ein biografi over kunstnarane som har budd i huset. Boka er i tillegg kjenneteikna av ei forteljing i forteljinga, nemleg jakta på hesten Veslebrunen, som hadde stallplass på eigedomen i dei fire åra Henrik Wergeland budde der.

– Ingen har klart å peike ut kor Veslebrunen stod, seier Ingvild Bræin.
– Eg har spurt absolutt alle eg har intervjua, inkludert Anniken Huitfeldt, som var kulturminister då Jon Fosse flytta inn. Ho visste det ikkje, og heller ikkje Morten Erlandsen, som er vaktmeister ved Grotten.

– Finst det bilete av hesten?

– Ja. Eg har teke med ei litt rufsete skisse, teikna av Erik Werenskiold. Eg har også prata med Ole Peder Svendsen frå Røros, som kan mykje om hestestallar frå gamle dagar. Han meiner at Veslebrunen var ein type forløpar til dølahest, som ikkje blei definert som eigen rase før i 1859. Henrik Wergeland kjøpte hesten i 1830, og hadde den sidan med seg på alle stadene han budde.

– Kor gamal blei Veslebrunen?

– Det veit eg ikkje. Den blei antakeleg seld saman med resten av eigedomen i 1845.

Henrik Wergeland skriv sjølv om dette i diktet «Auktion over Grotten» (1845): «Nu skal jeg blive o saa arm / saa arm som ribbet Straa: / mit Huus og Grund / min Hest og Hund / skal sælges nu i denne Stund. / Men jeg har Noget i min Barm / Juristen ei skal naa». Lenger nede i det same diktet antydar han kva som kanskje blei Veslebrunens vidare skjebne: «Lad Huset gaa! men Brunen skal / en ærlig Kugle faa / Her er en Hud / Kom, gjør et Bud!».

FEM RUVANDE KUNSTNARAR

Frå 1924 har Grotten vore bustad for det som staten har kome fram til som landets mest fortente kunstnarar: Komponisten Christian Sinding, forfattaren Arnulf Øverland, komponisten Arne Nordheim og sidan 2011 forfattaren Jon Fosse. Det er snakk om fem ganske ruvande skikkelser i norsk historie, Wergeland inkludert. 

JON FOSSE VED SKRIVEBORDET: – Det var interessant å høyre kva Jon Fosse meiner om æresbustad-ordninga – og få med hans blikk på dei tidlegare bebuarane, seier Ingvild Bræin. Her er forfattaren fotografert i Grottens arbeidsrom. (Foto: Tove Breistein / Det Norske Samlaget)

– Du har ikkje blitt freista til å gå i dialog med nokon av dei som har budd i Grotten?

– Nei, men eg har tillate meg å ha ein eigen tone i boka. Jon Fosse var den einaste av kunstnarane eg kunne snakke med, og det var interessant å høyre kva han meiner om æresbustad-ordninga som nolevande bebuar, kva han tenker om å vere den første nynorskingen i Grotten – og hans blikk på dei tidlegare bebuarane.

– Christian Sinding var vel den mest kontroversielle?

– Ja, han skil seg nok litt ut på grunn av medlemskapen i Nasjonal Samling, sjølv om Per Vollestad går langt i å frikjenne han i biografien han har skrive om han.

Christian Sinding hadde budd rundt 40 år i Tyskland, og var veldig feira der. «Alt forekommer mig så småt og trangbrystet, at jeg kommer rent ud af humøret, hver gang jeg reiser til Byen» skreiv han i eit brev til Edvard Grieg i 1889, etter eit besøk i Kristiania – men han var neppe nazist. Då han melde seg inn i Nasjonal Samling, blei skjemaet utfylt av andre; kun den ustøe underskrifta er Sindings eigen.

– Han var rørete på slutten, og glad for merksemda frå Tyskland, som han rekna som sitt andre heimland. Per Vollestad med fleire meiner at han i tillegg var noko dement, og ikkje heilt skjøna kva som skjedde. Det synest eg høyrest rimeleg ut.

Så reagerte Sinding også kraftig på at den norskjødiske fiolinisten Ernst Glaser (far til pianisten Liv Glaser) blei nekta å spele på Ole Bulls gamle fiolin under ein Sinding-konsert i Bergen. «Som menneske og fremragende kunstner og som innbuden gjest var han da berettiget til å kreve almindelig høflighet» skreiv Sinding etterpå i eit skarpt brev til kapellmeister Harald Heide.

GJEKK I NAZI-FELLA

– NS-medlemskapet knekte Sindings rykte, og etter krigen blei han stort sett gløymd i Noreg, seier Bræin.

– Med unntak av klaverstykket Frühlingsrauschen?

– Ja, det har vore veldig populært som spelestykke både i Sindings samtid og fram til i dag.

– Du nemner også ein «heseblesande» presto-sats frå hans «Suite for fiolin og klaver i A-moll» (op. 10)?

– Ja, den er heilt fantastisk. Det finst mange fine innspelingar, men eg er spesielt glad i den med fiolinisten Jascha Heifetz. Ein treng mykje finmotorikk for å spele det stykket.

– Ein musikar må kanskje berre gløyme kor vanskeleg det er, og berre gjere det?

– Det er lett å seie. Ein lettare oppgitt musikar spurte ein gong Sinding om kvifor han brukte så mange 16-delar. «Når vi har alle disse 16-delene, hvorfor faen skal vi spare på dem?» svarte han. Det er raust sagt. Eg trur at noko av det som gjorde at Sinding gjekk i nazifella, var at han aldri var oppteken av det som hadde vore, reflekterar ho.

– Gamle brev og notar heiv han i peisen over ein lav sko. Han ville vidare, og hadde stor tru på dei nye og unge komponistane og utøvarane. Det er klart at han kan ha blitt påverka av at nazistene kom med eit nytt tankesett, og at han då, som lettare dement, kan ha fått ein slik gamal gjenklang i seg sjølv.

– Var han ven med komponisten David Monrad Johansen, som også var medlem av Nasjonal Samling?

– Det veit eg ikkje, men Johansen heldt tale i Sindings gravferd.

«GLASET I GLASET»

EIT HUS MED EIT NAMN: Henrik Wergeland førte opp ein portal og ein støttemur over den utsprengde kløfta, slik at det blei danna ei verkeleg grotte. Slik fekk huset namnet som har fulgt det fram til i dag. (Illustrasjon: «Grotten, Efter et Billede tegnet af Harald Schøyen». Foto: Oslo Museum)

– No har me snakka mykje om Sinding, men brorparten av boka består av fleire intervju du har gjort med Jon Fosse – som er den noverande bebuaren i Grotten. Er det difor den kjem ut no, sidan han fyller 60 no til helga?

– Samlaget synest at det passar fint å gje den ut no i jubileumsåret, men boka var opphavleg planlagt for utgjeving i 2012 – i kjølvatnet av at Jon Fosse hadde flytta inn i Grotten året før, fortel Ingvild Bræin, som til vanleg er litteraturmeldar og spaltist i Dag og Tid, samt frilans kulturjournalist for blant andre Bergensmagasinet.

– Men slik blei det ikkje. Intervjua med Fosse gjorde eg i 2011, 2012 og 2016 – i tillegg til at me har hatt ei utstrakt utveksling på epost.

– Så du har altså arbeidd med boka i åtte år?

– Ja. Eg kunne ikkje skrive på heiltid før no i vår, då eg fekk eit stipend og kunne rydde tre månader til å samanfatte materialet – som eg fram til då hadde arbeidd med i rykk og napp.

Eit morosamt innspel i boka er når Bræin fortel Fosse om ein selskapsleik ho og nokre vener fann på hausten 2005, der dei gjetta på kva tittelen ville bli på det neste Fosse-stykket. Nokre av forslaga dei kom fram til var «Ved vindauget», «Ausekaret», «Januar», «Glaset i glaset», «Båten» og «Guten».

– Han tok det pent?

– Ja, han gjorde det. «Januar» kunne han gått med på, og «Båten» var også ganske nært, svara han.

FOSSE PRATAR SOM EIN FOSS

Samstundes peikar ho på at ryktet om den ordknappe Fossen langt ifrå stemmer med det inntrykket ho sjølv har fått gjennom møta ho har hatt med han.

I bokas første kapittel, med den Fosse-klingande tittelen «Huset», tek han henne med på rundtur i Grotten. Fosse fortel detaljert om alt inventaret, «her er den peisen, her er det kjøkkenet, dette fekk Nordheims lagd, dette fekk Sindings lagd, dette Øverlands, og dette er frå Wergelands tid».

– Når ein ser på utbreiing og nedslagsfelt, så har me ikkje nokon større forfattar i dag enn Jon Fosse.

– Han prata og prata, utan stans. Eg kom ikkje til. Det er umogleg å avbryte han når han er inne i den flyten. Dei som kjenner han, veit at praten kan gå nonstop når han først set i gang.

– Han blir ikkje sett på som utprega sosial?

– Nei, han blir oppfatta som sky og tilbaketrekt, og han vernar om privatlivet sitt.

– Måtte han gå inn på ein livslang kontrakt då han flytta inn i Grotten?

– Meininga er at avtalen skal vere livslang, og slik har det vore til no. Alle dei tidlegare bebuarane har budd der til dei døydde.

PÅ TIDE MED EIN KVINNELEG KOMPONIST

HENRIK WERGELAND PÅ VESLEBRUNEN: Eit av dei få kjende bileta av Veslebrunen er dette utkastet til eit litografi, teikna av Erik Werenskiold.

– Trur du at sjølve ordninga vil overleva i ein generasjon til?

– Eg veit ikkje. Æresbustaden har nok ikkje same statusen som tidlegare, men samstundes er det jo spesielt å bli heidra av staten med bustad i eit hjørne av Slottsparken.

– Neste gong bør det vel, i likestillingas namn, vere ei kvinne som bur der?

– Då Jon Fosse flytta inn, spurte eg dåverande kulturminister Anniken Huitfeldt om når kvinnene ville kome inn som primærpersonar. Ap-politikaren og feministen svara at ho gjerne skulle hatt ei kvinne inn i Grotten, «men me kan ikkje kvotere dei inn heller».

– Neste gong skal det vel vere ein komponist igjen, og vår tids fremste komponistar er jo kvinner, seier eg, og nemner Maja Ratkje og Susanna Wallumrød som aktuelle kandidatar.

– Det er eit godt poeng, men Huitfeldt sa også at det ikkje er hogd i stein at det skal veksle mellom forfattar og komponist. Samstundes er det vel slik, at når noko er blitt gjenteke to gonger, så har du ein tradisjon.

TARJEI VESAAS TAKKA NEI

– Var det Tarjei Vesaas som foreslo Arne Nordheim?

– Det stemmer, etter at han sjølv blei spurt om å flytte inn der. Han takka nei; han ville ikkje sitje på utstilling – og så døydde han året etter at han blei spurd. Jon Fosse seier at han er veldig glad for at Tarjei Vesaas avslutta prosadiktinga si med romanen «Båten om kvelden» (1968), som han sjølv set veldig pris på.

– Kvifor blei Jon Fosse vald ut?

– Anniken Huitfeldt sa at det var viktig for henne som kulturminister å tenke på kven som blir ståande igjen frå vår tid, seier Bræin.

Etter å ha høyrd på mange råd og vore gjennom utruleg mange namn, blei det avgjort å gje tilbodet til Jon Fosse.

– Sjølv synest eg det var ei riktig avgjerd. Når ein ser på utbreiing og nedslagsfelt, så har me ikkje nokon større forfattar i dag enn Jon Fosse. Han er litt «bankers» då, tenker eg.

Vi gjer merksam på at Ingvild Bræin er fast frilansar for Bergensmagasinet. Eit minneord om Arne Nordheim som journalist Magne Fonn Hafskor skreiv ved hans død i 2010 er sitert i boka.

Ingvild Bræins nye bok, Grotten – historia om eit hus og fem kunstnarar, er i handelen frå fredag 4. oktober. Frå og med i dag og ut denne veka inviterar Litteraturhuset i Bergen til Fossefest i høve Jon Fosses 60-årsdag komande laurdag.

BLEI ALDRI NABO MED KONGEN: Henrik Wergeland (til venstre) sette opp huset medan Slottet og Slottsplassen var under bygging, men døydde fire år før kong Oscar endeleg kunne flytte inn. (Illustrasjon: Litografi etter tapt daguerreotypi av Henrik Wergeland. Eigar: Nasjonalbiblioteket). Til høgre: Christian Sinding framom æresbustaden. (Foto: Norsk Folkemuseum)
Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:
Peisbord 800×300

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this