Horisont 14.01.19
STILLER MED BLANKE ARK OG OPE SINN: – Det å gå inn i det improvisasjonsrommet er som å skru på ein ekstra sans, seier Marita Moe Sandven. – Du skal koma heilt open, utan nokon plan eller noko som helst, legg Ole Amund Gjersvik til.

Ei reise inn i rommet

Når Marita Moe Sandven og Ole Amund Gjersvik snakkar om «rommet», så meinar dei ikkje fjerne planetar og galaksar, men eit lite heimestudio der dei improviserar fram låtar til jazzduoen dei har saman, Into the Beast.

Dei to osingane har spela saman sidan 2015, og kom nyleg ut med sin tredje langspelar som duoen Into the Beast.

– Sjølv om du skal spela standardjazz eller moderne jazz eller kva som helst jazz, så må du spela det som om du har laga det sjølv.

– Det byrja med at eg var fast gjestevokalist med Osøren Jazzensemble, som er eit lokalt tradjazzband som er like gamalt som meg, fortel vokaltalentet Marita Moe Sandven.
– Eg har spela i det orkesteret sidan lenge før eg blei født, legg duoens kontrabassist, Ole Amund Gjersvik, til.

– Det har du ikkje, det, arresterer Marita han.

– Far min spelar der. Han var med og starta det opp. Men me to blei kjende med kvarandre der, og så spurte Ole Amund om vi skulle prøve å gjøre noko saman som duo.

DET BYRJA MED BLUES

Dette var etter at dei hadde gjort St. James Infirmary Blues saman; ein gamal jazzlåt av ukjend opphav. Louis Armstrong spelte den inn i 1928, og den har sidan vore gjort av svært mange; i seinare år blant andre av The White Stripes, Rickie Lee Jones, Van Morrison og Hugh Laurie – og Bob Dylan baserte Blind Willie McTell på melodien frå den gamle standardlåten.

– Det var opphavleg meininga at me skulle gjera St. James Infirmary Blues saman med bandet, men så var det ingen av dei som hengde seg på, fortel Gjersvik.

– Etterpå spurte du om vi ikkje skulle spela inn nokon standardlåtar i lag, som duo. Det sa eg sjølvsagt ja til, fortset Sandven.

Etter å ha varma opp litt i studio, spurte Gjersvik om dei ikkje heller skulle prøva å improvisera litt i lag.

– Då tenkte eg oeeeh og samtidig jaaaa!; altså, frykt og glede på same tid. Kordan var det – gjorde me det berre med ein gong då, eller? spør ho.

– Ja, me gjorde det med ein gong då, bekreftar Gjersvik.

I FORGOT TO REMEMBER

– Ja, no hugsar eg, me gjorde det med ein gong, og den første låten me laga var Forget / Remember – som er det første sporet på den første plata vår, fortel ho.

– Me gjorde vel eigentleg noko anna først, noko med berre lydar på, og så spurte eg deg om du ikkje kunne ta med deg nokre tekstar. Så me spelte saman ein dag før, hugsar Gjersvik.

– Ja, slik var det. Me spelte med berre lydar, og så ba du meg ta med nokre tekstar til neste gong. «Jada» sa eg. Så kom me til neste gong, og eg sa ingen ting om at eg ikkje hadde teke med tekstar, medgjev Sandven.

–  Eg hadde gløymt det, rett og slett. Forget / Remember blei dermed til på rein improvisasjon, utan at Ole Amund visste noko om kva risiko eg stod der og tok.

– Eg fekk ikkje vite det før etter at albumet var kome ut; at det berre var to av låtane du hadde skrive tekst til på førehand – alt det andre blei improvisert undervegs, fortel Gjersvik.

BLANKE ARK OG OPE SINN

NYTT ALBUM: På det nye albumet har duoen inkludert fleire standardlåtar, tolka på deira heilt særeigne måte. «Heilt nydeleg og uendeleg trist» konkluderte Bergensmagasinets anmeldar, som la til at det spesielle platecoveret (designa av Kåre Thomsen) nærast «skrik etter» ei eiga vinylutgåve.

Dei kom fram til bandnamnet ved å assosiera litt rundt denne opplevinga; det med å hoppa uti noko utan at du heilt veit kva det er.

– Bandnamnet vårt handlar om det å improvisera; det er litt skrekkblanda fryd for min del. For Ole Amund er det utelukkande fryd og glede og gaman – mens for meg er det litt skummelt – men eg elskar det jo også, forklarar ho.

– The Beast er ikkje nødvendigvis noko negativt – det er berre det at det er ukjent terreng. Altså, i hjernen vår så er det ein link mellom å vere i ein kreativ flyt og galskap, då, sant, og det som er linken, er noko som heiter «default system» – altså, dei systema som sensurerar, og sørger for at vi ikkje seier alt som vi tenkjer.

– Litt slik som med Tourettes syndrom?

– Ja, men altså, når du er i ein kreativ flyt, så sensurerar du ikkje, så på den måten er det noko som er utemma, at du er opptatt av det du gjer, og ikkje av deg sjølv, eg veit ikkje, å gå inn i det improvisasjonsrommet, med Ole Amund då, det er som om ein skrur på ein slik ekstra sans.

– Gjer du noko for å førebu deg på å gå inn i det rommet?

– Nei. Det berre oppstår, altså, det er noko som…

Ole Amund plukkar opp den lause tråden.

– Eg kravde at me skulle gjera innspelingane på føremiddagen, for slik å sleppa å vera programmert inn i dei vanlege rutinane. Poenget er at du då stiller med blanke ark og ope sinn – utan å vere påverka for mykje av lydar eller musikk du har høyrt – du skal koma heilt open, utan nokon plan eller noko som helst.

GJEV ROM FOR KVARANDRE

– Ja, det er din tanke om det, medan mi oppleving eller erfaring er at når eg kjem inn i studioet med deg, så oppstår det rommet heilt av seg sjølv, fortset Sandven.

– Dersom det oppstår noko som ein ikkje hadde tenkt på førehand eller noko som ein ellers ville kalla for feil, så gjeld det å ha ei sjenerøs og inkluderande haldning.

– Akkurat det er eg ubeskriveleg takknemleg for. Om ein finn dette med nokon, så er det viktig å ta vare på. Sjølvsagt handlar det også om å ha evne til å lytta til den andre – og til kva som oppstår i det mellomrommet mellom ein sjølv og den andre. Ole Amund er tidlegare tangolærar – og det er noko av det ein gjer der også, i den dansen, at ein er nøydd til å lytta på partnaren.

– Ja, og gje rom til kvarandre, utan å – ein skal ikkje tvinga den andre til å gjera som ein sjølv ønskjer. Det er meir slik at ein skal tilby noko – og så kan den andre anten ta imot eller la vere, utdjupar Gjersvik.

– På den måten at dans handlar om kjemi; at nokon er heilt stive saman, medan andre nærast flyg over dansegolvet? spør eg.

– Ja, og det er det som er så fascinerande med dei mellomromma, med kva som skjer der. Det er aldri stivt, og det kan ikkje bli det same om igjen. Kvar augneblink er ny. Eg ser heller ikkje på alt mitt basspel som bass heller. Noko av det er berre lydforming.

NÅR FEIL BLIR RETT

Gjersvik illustrerar dette ved å fortelja om innspelinga av låten Little Green Star, som er med på det andre albumet deira, Twelve Tracks of Our Ghosts to Come (2017). «Stolen» på kontrabassen hans (den som strengane går over) stod då skeivt, slik at det kom ein heilt rar lyd då han strauk bogen over strengane.

– Når noko slikt oppstår, så må ein berre utnytta det. Om det då blir ein rar lyd eller ein tøff lyd eller ein stygg lyd er ikkje så viktig – alt er likestilt når ein improviserar.

– Noko av det handlar vel om at du er veldig trygg som musikar?

– Ja og nei. Det skal ikkje meir til enn at ein spelar ein feil tone før ein er like dårleg som dei som aldri har spelt på instrumentet. Men eg tek ikkje det så alvorleg. Eg ser litt på det – i den settinga med oss to – på same måten som ungar som leikar saman i ein sandkasse. Du snakkar ikkje om rett og gale, men gjer det som fell naturleg for deg. Anten er det gøy eller så er det ikkje gøy.

– Dersom det då oppstår noko som ein ikkje hadde tenkt på førehand eller noko som ein ellers ville kalla for feil, så gjeld det å ha ei sjenerøs og inkluderande haldning, fortset Marita.

– På ein måte handlar det om eit slag likeverd mellom alle dei element som måtte oppstå. Ein kan sei at det er harmoniskapande sjølv om det ikkje er musikalsk harmonisk; fordi det er sjenerøst.

RETT UT I DET BLÅ

– Korleis er det å spela denne musikken ute, framom eit publikum? Blir det ei annleis oppleving?

– På ein måte er det blitt slik at då me improviserte så var det ein improvisasjon, men etter at innspelinga er gitt ut, så er det blitt ein låt.

– Den største skilnaden er at då me gjorde det i studio, så fant me på det for første gong, seier Ole Amund.
– Då Marita føreslo at me skulle opptre med det same stoffet, tenkte eg at «jaja, no skal me finna på det på nytt», liksom. Men nei, det ho ville var at me skulle spela det slik som låtane var.

– Altså, at de skulle øva inn noko som i utgangspunktet er improvisert?

– Ja. Så etter at vi hadde spelt inn den første plata, byrja eg faktisk å skriva ned akkurat nok av opninga på bassen til at Marita fekk kome i gang. Etter det kunne me så improvisera vidare på same måte som me hadde gjort i utgangspunktet.

– Og dersom det er ein låt der eg byrjar, så har me ikkje noko. Då er det rett ut i det blå, legg Marita til.

– Eg sjekkar ikkje toneart, slik som Ole Amund gjer. Tankegangen min er at ja, det er komplisert, sidan det er noko me har improvisert fram – men samstundes kjem det frå eitt eller anna som bur i deg, som du har med deg. Sjølv om det ikkje kjem ut på akkurat same måten, så kjem essensen av det fram – på ulike måtar frå gong til gong, men det er framleis same essens – fordi eg brukar dei same orda.

ALT ER «FIRST TAKE»

– Har du den innspelte versjonen i bakhovudet når de spelar live? For den blir ein jo kjent med og familiær med?

– Ja, men eg tenkjer ikkje at «no skal eg gjera den slik som den var». Eg fokuserar meir på stemninga, og på kor me to er i forhold til kvarandre der og då.

– På ein måte er det blitt slik at då me improviserte så var det ein improvisasjon, men etter at innspelinga er gitt ut, så er det blitt ein låt, filosoferar Ole Amund.

– Me er ikkje nøydd å gjera det likt, men det er heller ingen skandale om det minnar om det som var på plata. Poenget er å prøva å spela slik at det høyrest like ope og ærleg ut som då det blei spelt inn, samstundes som me på ein måte nesten lagar det på nytt.

– Men innspelingane på dei tre platene er vel ikkje «first take»?

– Jo, det er nettopp det dei er. Er det ikkje first take så droppar me det.

– Då må det vera veldig spesielt å prøva å gjenskapa den magien på konsert?

– Ja, men det er noko med at det er det rommet me forheld oss til. Det er ikkje noko nytt for oss, for det er slik me gjer det, seier Marita.

– Kunne de gjort eit «first take» live?

– Me har gjort det, og planen er å ta det med på ei framtidig plate.

TILBAKE TIL DEN OPPHAVLEGE JAZZEN

Dei to føregåande platene frå Into the Beast inneheld utelukkande låtar dei har improvisert fram sjølv. På det nye albumet har dei også inkludert fleire såkalla standardlåtar, rett nok tolka på deira heilt særeigne måte.

– Tanken då me byrja var som nemnd å spela standardlåtar. Det var det me skulle først. Men så byrja eg å mumla om improvisasjon undervegs – og så syntes me at det var meir spanande der og då, forklarar Ole Amund.

– Sidan har musikken vår endra seg i ein eller annan retning – slik at på denne tredje plata gjekk det an å blanda dei to tinga. Eg trur ikkje det hadde passa inn på dei to første platene.

– Då dei gamle standardjazzlåtane var nye, så var dei også veldig leikne og noko nytt, utdjupar Marita.

– Mykje av den jazzen som vert laga i dag, er veldig konstruert og intellektuell. Eg synest at det er aller mest interessant når opplevinga er med, når du kjenner at du er tett på dei som utøvar musikken. Det er noko der, med den opphavlege måten å tenkja jazz på.

–  Ein annan ting er at sjølv om du skal spela standardjazz eller moderne jazz eller kva som helst jazz, så må du spela det som om du har laga det sjølv, seier Ole Amund.

– Då blir det slik at me på ein måte «eig» dei låtane – som om me har gløymt at nokon andre ein gong i tida har gjort dei før oss.

Into the Beast er ute med albumet Headless Bodies Homeless Hearts, som er deira tredje langspelar. Duoen held platesleppkonsert på Underlig (Valkendorfsgate 1b) fredag 1. februar kl. 20.00.

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this