WPRT opning1
ORDFØRAREN OPNA UTSTILLINGA: – Dei siste tiåra har ulikskapane i verda auka, og fridomen som me set høgt, er under press. Folk gjer plikta si, men når dei krever sin rett, får dei den ikkje, sa Marte Mjøs Persen. (Foto: Ellen Marie Risbruna)

Kampen for fridomen tek aldri slutt

Del artikkelen i Sosial medier

I byrjinga av månaden opna ordførar Marte Mjøs Persen ei fotoutstilling om korleis arbeidslivet og faglege rettar er i ferd med å endra seg.

Utstillinga, som står i Norsk Trikotasjemuseum i Salhus, er laga av den danske fotografen Søren Zeuth, som saman med journalisten Peter Rasmussen har reist rundt i Europa og avdekka korleis ei rad med reformer etter finanskrisa har endra arbeidsmarknaden.

Ei rad med reformer etter finanskrisa har endra arbeidsmarknaden i Europa.

Målet med reformene har vore å skapa ein meir fleksibel arbeidsmarknad. Resultatet er blitt fleire usikre jobbar, mindre støtte til arbeidsledige, høgare pensjonsalder og færre overeinskomstar.

– Dei siste tiåra har ulikskapane i verda auka, og fridomen som me set høgt, er under press. Folk gjer plikta si, men når dei krever sin rett, får dei den ikkje, sa ordførar Marte Mjøs Persen, som stod for den offisielle opninga av fotoutstillinga.

Ho understreka at Noreg har gått frå å vere eit land der privilegia tilfall dei få, på bekostning av dei mange, til å vere eit land der dei fleste har det godt.

Allmenn stemmerett, åttetimars arbeidsdag, gratis utdanning og eit pensjonssystem finansiert over skatteseddelen har vore viktige bidrag i arbeidet med å utjamne ulikskapane i Noreg. Utbygginga av fellesskapet har gjeve folk meir fridom og gjort det mogleg å forme sitt eige liv.

– Ein viktig del av det å forme eige liv, er å vere til nytte, og å kjenne at innsatsen din tel. Dette er eit grunnleggjande behov alle menneske har, og difor er «arbeid for alle» ein av de viktigaste grunnsteinane i vår fridomskamp.

Ordføraren meinar at alle skal ha arbeid å gå til, og alle som vil jobbe fulltid, skal få høve til det. Utstillinga Working Poor Road Trip viser imidlertid at dette ikke er gjeldande for alle.

– Lave løner, midlertidige stillingar, og kutt i pensjon og offentlege tjenester fører til høg grad av utryggleik; som igjen leiar til redsle. Redsle for å ikkje få endane til å møtast, redsle for å mislukkast, og i nokon tilfelle redsle for framtida.

Persen avslutta med å oppfordra til å reflektera rundt kva samfunn me har i dag, og kva samfunn me ynskjer oss i framtida.

– Fridomen me opplever i dag, er eit resultat av ein 125 år lang kamp. Ein kamp me også må ta med oss inn i framtida.

Til stades på utstillingsopninga var også Fellesforbundets leiar Jørn Eggum, som heldt opningstala, og førstelektor ved Universitetet i Bergen, Trond Erlien, som heldt eit foredrag med tittelen «Arbeiderbevegelse og velferdsstat i vekst og oppløsning».

Fotoutstillinga Working poor road trip vert ståande i Norsk Trikotasjemuseum i Salhus ut året.

fotoutstilling1 Billy
JOBBAR PÅ «NULLTIMARSKONTRAKT»: – Nokre veker er det ikkje arbeid, eller berre eitt skift. Eg har ikkje sjukelønn eller feriepengar, seier Billy McKinstry, som er portrettert i den nye fotoutstillinga. (Foto: Søren Zeuth)

Del artikkelen i Sosial medier

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this