Zachariasbryggen Bryggeriet.biz
VED TATJANAS GRAV: Tatjana frå Lviv i Ukraina var berre ti år då ho vart forlaten i skogen av systrene sine under flukta frå heimlandet. Ho gav aldri opp jakta på søstrene og familien, men fann dei aldri. Innfelt: Bilete frå førarkortet hennar. (Foto: NRK)

Kven var «Jenta utan barndom»?

– Eg gler meg veldig til å vise fram det vi har laga i dei siste 18 månadane, seier Tarjei Strøm, som er klar med ein ny sesong av NRK-serien Ukjent arving.

Den nye serien har premiere på NRK førstkomande søndag kl. 20.10, med den blide og omgjengelege programleiaren på stadig jakt etter nye ukjende arvingar – i tett samarbeid med slektforskar Kai-Samuel Vigardt.

– Det er ei utruleg sterk forteljing som fekk ein vond referanse til vår eiga tid då den russiske invasjonen av heimlandet hennar starta midt under innspelinga.

Arbeidsdelinga mellom dei to er svært engasjerande for oss som har fulgt med: Kai-Samuel leitar i arkiv, medan Tarjei møter vener og kjende til den avdøde. Ukjende familiehistorier vert slik rulla ut både gjennom arkivmaterialet og historier frå dei som kjende den avlidne – alt for å finne fram til rettmessige arvingar og for å forstå kven desse menneska var.

I førre sesong (send hausten 2020) fordelte dei 13 millionar kroner på 21 ukjende arvingar. I den nye sesongen er endå meir arvepengar i spel. I ein av episodane er det faktisk snakk om ein arv på heile 15 millionar kroner som skal fordelast etter kaféverten Styrk Vangen Lirhus frå Voss.

GUTEN SOM IKKJE FANST

Vi blir òg kjend med ein som levde store delar av livet sitt på institusjonen «Emma Hjorts hjem» i Bærum – eit behandlingssenter for psykisk utviklingshemma. Han vart fødd under krigen, og faren forsvann sporlaust. Eit lukka arkiv skjuler den mørke sanninga om Svein Olavs familiehistorie, men får Tarjei og Kai-Samuel tilgang? Og finst det nokon som kan arve «guten som ikkje fanst»?

Ein annan episode fortel om Evelyn frå Bodø, som budde heile sitt vaksne liv på Kjerringøy. Trass at ho var ei fattig jente, stod det halvannan million på sparekontoen hennar då ho døydde. Familien hennar gjekk i oppløysing og Staten fann aldri arvingane. Heile livet skal Evelyn ha vore misunneleg på dei som hadde stor familie, sidan ho tilsynelatande ikkje hadde det sjølv. Overraskinga blir dermed stor når – nei, det får du sjå sjølv.

FLYKTA FRÅ AUST

Premiereepisoden førstkomande søndag heiter «Jenta uten barndom», og handlar om Tatjana Wirbo – som berre ti år gamal kom til Bergen som flyktning etter 2. verdenskrig. Ho var fødd i byen Lviv, som då var ein del av Polen, men som no ligg i Ukraina. Tatjana budde store delar av livet sitt i Loddefjord, så episoden startar der.

– Det er ei utruleg sterk forteljing som fekk ein vond referanse til vår eiga tid då den russiske invasjonen av heimlandet hennar starta midt under innspelinga av denne episoden, seier Tarjei Strøm.

ARKIVERTE LØYNDOMAR: Tarjei Strøm er igjen på jakt etter ukjende etterkomarar og historiene bak i den nye sesongen av NRK-serien «Ukjent arving». (Foto: NRK)

 

 

ANNONSE:
Peisbord 800×300

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this