enokgroven1
SEL BRUKTE KLEDE MED STIL: – Eg ynskjer å hjelpa dei som ynskjer å reflektera kven dei er gjennom klede og personleg stil, og dei som likar moten frå tidlegare årtier, seier Enok Groven, som driv eigen vintage-butikk i Håkonsgaten 9. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

– Før hadde me heilagdagar, no har me salsdagar

Del artikkelen i Sosial medier

– Eg ser på den vitlause kjøpefesten i rike land som ein mangel på noko andeleg inni oss, seier Enok Groven, som sjølv slit med å få vintage-butikken Slit’an til å gå rundt.

Vår lokale supermodell og moralske vinnar av den fyrste sesongen av tv-serien Anno er ingen keisam samtalepartnar. Eit intervju med han går i mange retningar, med ei mengd digresjonar og innfall undervegs.

enokgroven2
SKÅLAR MED JENNY SKAVLAN: Haustens sesong av NRK-serien Symesterskapet (finaleepisoden vert sendt i reprise onsdag 11. desember) hadde gjenbruk som tema, og programleiar Christine Hope og dommar Jenny Skavlan var innom Slit’an for å kjøpe klede til bruk i programmet. – Folk som meg og Jenny Skavlan er førebilete både når det kjem til gjenbruk og berekraft, seier Enok Groven, som serverte dei prominente gjestene både sjampanje og økologisk snop. (Foto: Privat)

«No kom eg på noko» kan han seie, eller «no hugsar eg kva eg ville seie i stad», eller at han berre stoggar seg sjølv, midt i ei tankerekkje.

«Veit du ka» spør han ut i lufta, og før eg rekk å svare med eit spørjande «nei?» er han i ferd med å fortelje om kva han og Elon Musk har til felles.

– Du veit, det eg har her er ein framtidsbutikk, forklarar han.

– Dette er slik butikkar er nøydd til å bli i framtida dersom me skal klare å bremsa klimautsleppa. Klimaavtrykket frå nye klede er 20 gonger større enn med brukte. Dessutan er ein stor del av nye klede laga av petroleumsprodukt som polyester og liknande.

Stadig fleire ynskjer å halde sitt eige forbruk nede, og vil heller handla på gjenbruksbutikkar.

Her unngår ein dyremishandling, barnearbeid, forureining av plast og fargestoff i elvar og hav og CO2 i atmosfæren.

– Når ein slepp å bidra til alt dette kan ein handla med godt samvit. Spør du meg så er det å gjera eit kupp – og ikkje det å kjøpa «tre for prisen av to» på eit stort sal av elendige klede.

Dei fleste kleda Groven tek inn er i tillegg «kortreiste», sidan han kjøper (eller får) det meste frå folk her i Bergen.

Unntaka er det han finn i utanlandske vintage-butikkar når han er på modelloppdrag rundt om i Europa.

ENOK OG ELON

– Eg har vore oppteken av miljøvern like sidan eg gjekk i speidaren som barn, seier han.

– Du får ingen handleposar hos meg. Dei som handlar her har med seg sine eigne berenett eller sekkar, sidan dette er folk som er miljøemedvitne.

Han stoggar seg sjølv.

– Det er nesten ingen her i landet som har stil. Folk går rundt i joggebukser. Her er det berre to ting som tel; det eine er at kleda er praktiske, det andre er at dei er komfortable å ha på seg.

– Men det var det eg skulle seie om Elon Musk. Han er ein smart visjonær som veit at han må få butikken til å gå rundt før han kan lage billegare elbilar for folk flest. Difor lanserte han Tesla Roadster fyrst (toseters elbil med 248 hestekrefter som blei lansert i 2006, og produsert i 2500 eksemplar fram til 2012, journ. komm.), som han kunne selje for høg pris.

– Deretter kom Tesla Model S, som blei seld til dei som har ein del pengar, fulgt av Tesla Model X (ein SUV med firehjulsdrift, journ. komm.) og Tesla Model 3, som er ein noko mindre bil, fortel han.

– Eg har gjort noko av det same. Då eg byrja, tenkte eg over kva som er årsaken til at ein del menneske ikkje kjøper vintage-klede. Ein del av forklaringa er at mange synest at det er ekkelt å gå i noko som andre har brukt. Løyndomen er at alle kleda eg sel skal sjå nye ut når kundane ser dei i butikken. Alt eg sel er ordentleg vaska, reinsa og reparert.

[PostBlock id=494]

– Far min har alltid likt Ã¥ reparera ting, og det er nok han eg har det ifrÃ¥. Slit’an vart faktisk starta inne pÃ¥ ein skomakarverkstad i Vestre Torggate 10, der eg sat med skomakarmeister Svein-Ã…ge Moldestad og reparerte lærvesker. DÃ¥ eg var med i Anno, blei me sett tilbake til 1764. Den gongen hadde ein ikkje rÃ¥d til Ã¥ kasta det me i dag kallar «boss», men fiksa det som gjekk i stykker.

– Dette skal ikkje vere ein billeg loppemarknad med ketsjupflekkar på ein kvit genser. Eg har til og med seld badedrakter frå 60-tallet, seier han.

Manglande knappar er sydd i, og er det små hol så er dei reparert. Heile konseptet er at kleda skal sjå nye ut. På toppen av det heile har han kjøpt inn silkepapir og vakre gaveøskjer til å pakke kleda inn i, slik at kundane får ei oppleving av at det verkeleg er eksklusive ting dei har kjøpt. Og det er det òg; kleda han sel er fine ting frå mellom andre Dolce & Gabbana, Diane von Furstenberg og Hugo Boss.

SEL BRUKTE JULEGÃ…VER

enokgroven3
BRUKT DESIGNKJOLE: – Denne kjøpte eg i ein bruktbutikk i Finchley Road i London, seier Enok Groven om denne moderne silkekjolen med paisley-mønster, laga av den amerikanske formgjevaren Cynthia Rowley. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

– Du sel kvalitets-vintage?

– Ja, men det er dét vintage er. Dette er ikkje ein bruktbutikk slik som me kjenner bruktbutikkar. Ein kan finne billege ting hos meg, men eg har òg varer til 8000 kroner eller meir.

– Og i tillegg får ein vel ein stylist med på kjøpet?

– Det er fare for det. Eg likar godt å kle opp folk, dersom eg har tid til det, så kundane kan lett få ei heil oppleving når dei kjem inn her. Eg er ein som kan hjelpe folk til å finne fram til dei tinga dei treng i den historia dei har.

– Det høyrest kanskje litt rart ut, men eg trur eg veit kva eg menar. Eg hjelper folk å finne dei spesielle tinga, anten det er klede, vesker, møbler eller lamper.

– Kva med byterett? Tek du kleda tilbake dersom dei ikkje passar?

– Det går fint, så lenge dei ikkje er blitt skada eller stinkar alkohol etter eit heftig julebord.

– Er det nokon som kjøper brukte klede for å gje vekk til andre, til dømes som julegåve?

– Mange vegrar seg for det. Det er noko av det som eg har til lyst å endra på. Eg blir nærast kvalm når eg ser på alt kjøpehysteriet rundt meg.

– Folk går berserk når det nærmar seg jul, og trur at dei treng alle desse tinga. Dei gjer jo ikkje det. Eg ser på den vitlause kjøpefesten i rike land som ein mangel på noko andeleg inni oss.

– Du tenkjer at det er ein tomleik?

– Heilt klårt. Eg trur at det heng saman med at me er blitt meir sekulære. Kristendomen er på veg ut, og ein av dei tinga som ligg i den – og som me heilt har gløymd – er takksemda; det at ein skal takke for alt ein får.

– Før song dei for maten når dei sette seg til bords, og takka etterpå. Det å vere takknemleg er veldig viktig for meg – for til meir eg takkar til mindre treng eg.

DEN GYLDNE REGEL

– Er det litt det som vert kalla for «den gyldne regel»; det med at du skal gjere mot andre det du vil at andre skal gjere mot deg?

– Ja. Då eg var med i Anno, så var me veldig takknemlege kvar gong det kom noko ekstra, sidan me ikkje var så godt vant. I dagens Noreg har me så mykje av alt, og dermed takkar me mindre, seier han.

– Når det gjeld julegåver, så trur eg at folk etter kvart vil skjøne at dei òg kan kjøpe brukte ting – og at dei tinga faktisk vil bli verdsett av mottakaren. Sjølv blir eg meir glad om eg får noko som er brukt eller håndlaga, for eg vil ikkje bidra til meir skade på miljøet. Eg ynskjer berre å forbruke minst mogleg. Dei som er unge i dag er veldig flinke til å tenkje slik, men eg håpar at òg dei litt eldre vil kome etter og kjøpe brukt – og gjerne òg julegåver.

enokgroven5
«REN NY ULL»: Enoks eigen 70-talsdress (òg vist i hovudbiletet) er vevd i Italia og sydd på Tomren Fabrikker i Tomrefjord. – Dei laga dressar til menn og kåper til damer, og hadde butikkar over heile Noreg, fortel han. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

Han medgjev gjerne at dette òg handlar om å halde liv i butikken. Om du ynskjer lokalbutikkar i morgon, så må du nytta dei i dag. Førebels har han finansiert drifta med pengar han tente på å vere modell i ein reklame for Apple sin Iphone X.

– Det er vanskelig å konkurrere med alle kjedebutikkane, som sel nye klede til svært låge prisar, og gjerne av dårleg kvalitet som fort går sund. Når du kjøper slike klede, så handsamar du dei dårleg, og brukar dei berre nokre få gonger før du kastar dei, meinar han.

– Eg sel derimot kvalitetsklede som gjerne kostar litt meir – sidan dei er laga av flotte stoff som ull, silke og lin. Då handsamar du òg kleda betre og tek betre vare på dei. Dette er utruleg viktig, for me er nøydd til å bruke kleda over fleire generasjoner. Når ungdomane vert gamle nok spør dei ofte etter det foreldra gjekk med då dei var unge.

STIL ER IKKJE DET SAME SOM MOTE

enokgroven4
STIL MED SJEL: Ei heimesydd skjorte frå Bergen på 70-talet saman med ei italiensk 80-talsveske i imitert alligatorlær frå «The Trend». (Foto: Magne Fonn Hafskor)

Dette handlar om mote og stil og korleis alt går i sirkel. Sjølv meinar Groven at Noreg er eit stillaust land, samstundes som han understrekar at det er ein viktig skilnad mellom det å ha ein personleg stil og det å fylgje det som til ei kvar tid er i motebiletet.

– Stil er noko som du sjølv har – og som skal reflektera kven du er, medan mote er det som designarar, moteblad og stylistar meinar at du bør gå med. Det er nesten ingen her i landet som har stil. Folk går rundt i joggebukser. Ein skulle tru at joggebukse, hettegensar, joggesko, regnjakker og svarte stramme treningsbukser var blitt bunaden her til lands, seier han.

Groven meinar at det er få her i Noreg som har mot nok til å tørre å vera seg sjølv, samstundes som det er eit stort press for å gå med det «alle dei andre» går med. Dette kostar klima og miljø dyrt, og ikkje minst foreldra sine lommebøker.

– I Noreg er det berre to ting som tel; det eine er at kleda er praktiske – til dømes at dei er regntette eller at det er lommer på skjørtet – det andre er at dei er komfortable å ha på seg. Ein tredje ting er at kleda skal vere billege. Så me som har vintage-butikkar og held på med stil har ein stor jobb å gjere. Eg kan godt seie det rett ut; dei fleste er totalt stillause og dei må skjerpe seg.

Sjølv prøver han å visa fram sin personlegdom gjennom kleda han går med, og fortel at han faktisk både kjenner seg betre, oppfører seg betre og opplever at folk er meir venlege mot han når han kler seg opp i ein dress med fine italienskvevde kvalitetsstoff.

– Når me viser oss ute i joggedrakter fulle av nupper, så er det liksom litt sånn innesittargreie. Me sit for mykje inne, og er dermed blitt meir og meir vant til å gå ut med dei kleda me har på oss når me sit inne og ser på fjernsyn, seier han.

– Me pyntar oss ikkje lenger på same måte som før, og det er dét eg ynskjer å retta på. Eg trur rett og slett at me blir betre menneske av å kle oss betre.

Vintage-butikken Slit’an i Håkonsgaten tek imot gamle klede av god kvalitet («vintage») og nyare merkeklede, og kan òg betala litt for dei.

enokgroven6
FAMILIEPORTRETT FRÅ 1912: Enoks oldefar Olaf Nicolai Synnestvedt (1879-1944) står oppe til høgre. Han var fabrikkeigar (Valkyrien), og gift med oldemor Emma Marie Lie (nede til høgre), som var skreddar. Enoks tippoldefar Johan Mathias Lie (midt i biletet), som var skreddarmeister, sit med morfar Olav Johan Lie Synnestvedt i fanget – iført matrosdress, medan tippoldemor Ingeborg sit til høgre for dei. – Tippoldefaren min har truleg laga den nydelege kjolen ho har på seg, seier Enok Groven.

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this