Solheim Kjøtt 25%
OPPVAKSEN MED KUNST OG KULTUR: – Det er sjølvsagt viktig å ha foreldre som er gode mot ein og gjev tryggleik, men det er vel så viktig å få med seg kjærleiken til noko anna enn det materielle, seier Herborg Kråkevik, som mellom anna fortel at faren kunne ta seg ein fridag midt i slåttonna fordi han måtte lesa ferdig ei bok. – Du veit, dei andre bøndene trudde han var galen, ler ho. (Foto: Roy Bjørge)

Juleforteljingar frå vår tid, men i gamal drakt

– Målet er å bidra til at det blir skapt ny litteratur og nye julesongar som kan setja ord på det som er vanskeleg og godt og fint for oss no, seier Herborg Kråkevik, som er ute med ei ny utgåve av det tradisjonsrike Juleroser-heftet.

Dette er femte året på rad at Herborg Kråkevik sit som redaktør av julehefte-suksessen Juleroser, som i år kjem ut i eit opplag på 100.000 eksemplar. Dette er eit sokalla «litterært julehefte», bygd på ein tradisjon som blei starta av den danske forleggjaren Ernst Bojesen tilbake i 1881.

– Mange går litt amok rundt jul og trur at no skal alt liksom vere sånn og sånn. Det er ikkje rettferdig overfor jula – det øydelegg mykje av det som den eigentleg handlar om.

Nytt av året er at ho kjem med ein eigen julesingel tilknytta ein nyskriven julesong som du finn tekst og notar til i heftet. Dette har vore ein fast tradisjon like sidan det fyrste Juleroser-heftet hennar, der Odd Nordstoga hadde skrive songen Maria på veg. Sidan kom Julian Berntzens Hvilken engel skal trøste dem, Anne Grete Preus skreiv Alt det som skinner til 2017-heftet, og Mari Boine kom med Almmiráidu/Himmelraiden i fjor.

Årets julesong heiter Gled deg, og er skriven av Lars Saabye Christensen og Mathias Eick. Alle Juleroser-songane er allereie innspela med ulike solistar, og vil bli utgjeve som ei eiga juleplate til neste år – og altså med årets julesong som ein appetittvekkar no i år, sunge av Herborg Kråkevik sjølv.

EIT PÅKOSTA JULEHEFTE

– Er du rein på hendene? spør ho meg idet me set oss ved eit bord på Litteraturhuset i Bergen.

Før eg rekk å svare hentar ho fram nokre store gamle julehefte innpakka i brunt fiskepapir. Dette viser seg å vere nokre gamle originalutgåver av Juleroser-hefta, slik dei kom ut nesten kvart år fram til 1944.

– Foreldra mine samla på dei, saman med andre litterære julehefte, fortel ho.

– Då eg var liten pleide desse hefta å bli lagt fram med andakt kvar jul, og eg og bror min fekk berre lov å lesa i dei om me hadde vaska oss på hendene fyrst. Eg hugsar eg tenkte at dette var noko eg kunne tenkje meg å driva med når eg blei vaksen. Men så dreiv eg jo med ein del andre ting i nokon år.

GAMLE JULEROSER-HEFTE: – Då eg var liten pleide desse hefta å bli lagt fram med andakt kvar jul, og eg og bror min fekk berre lov å lesa i dei om me hadde vaska oss på hendene fyrst, fortel Herborg Kråkevik, og viser stolt fram originalutgåver av Juleroser-hefta frå 1944 (til venstre, utgjeve av Gylden forlag, Danmark) og 1932 (utgjeve av Nordisk kulturforlag og Gyldendahls boghandel). (Foto: Roy Bjørge)

På eit tidspunkt henta ho ideen fram igjen i samtale med bergensdesignaren Anne Jorun Sæten – som har laga cover til fleire av Kråkevik sine cdplater.

– Det skal vere dei fremste forfattarane og biletkunstnarane i vår tid som skal bidra i Juleroser.

– Så gav eg ideen vidare til Samlaget. Eg tenkte at dette kom dei aldri til å hoppa på fordi dei ville vere dyre å laga. Nokre år seinare ringde dei og sa at «me har ikkje heilt gløymt den ideen din om julehefte», og i 2015 gav dei ut den fyrste utgåva av Juleroser – med meg som redaktør.

NORSK JUL I MINNESOTA

– Du skriv ikkje noko sjølv i hefta?

– Eg skriv velkomen-teksten i kvart hefte, og av og til skriv eg litt om nokon av kunstnarane – men ellers synest eg at det skal vere dei fremste forfattarane og biletkunstnarane i vår tid som skal bidra i Juleroser.

– Er alt på nynorsk?

– Nei, det er både på nynorsk og bokmål, men Samlaget har ein regel om at det skal vere minst 51 prosent nynorsk.

TRYKT MED BLADGULL: – Dei sparte ikkje på tinga i dei gamle Juleroser-hefta, så det er mykje å leva opp til, seier Herborg Kråkevik. (Foto: Roy Bjørge)

– Kva med omsett litteratur?

– Det er hovudsakleg norske tekstar, men i år er me veldig stolte fordi bergensaren Siri Hustvedt – må me nesten kalla ho, ho snakkar i eit kvart fall bergensk når ho snakkar norsk – har skrive spesielt for heftet. Teksten hennar er omsett til nynorsk, men me har lagt den engelske originalen ut på Facebook-sida vår.

– Kva skriv ho om?

– Juleroser er tenkt som ei pause frå alt dette som eigentleg berre gjer oss triste. Alle menneske er gode til å gjennomskoda hòlskap. Når ting berre er innpakning, merkar me veldig fort at det blir litt tomt inni oss.

– Å, det er så fint. Ho skriv om barndomens jul, med utgangspunkt i mor si, som kom frå Mandal. Siri er oppvaksen i Minnesota, men jula deira var liksom heilt norsk, fortel ho.

– Teksten handlar mellom anna om korleis julerituala både kan binda saman og stengja ute. Då mannen hennar – den amerikanske forfattaren Paul Auster, som er jødisk – feira jul med dei fyrste gongen, syntes han dei var heilt merkelege, men er sidan blitt ein – som ho skriv det – «fullboren juleentusiast».

«JULESORG KAN SLUKKES»

NYTT BLAD MED GAMAL FRAMSIDE: Den vakre illustrasjonen som prydar framsida på årets Juleroser er eit nytrykk av den originale framsida frå 1902, laga av Albert Edelfelt og Hans Tegner.

Den norske professoren, forfattaren og psykiataren Finn Skårderud tek opp igjen tråden om julerituala i ein annan tekst, der han skriv om kva rituala betyr for oss menneske – at det også kan bli tvangstankar og nevrosar knytte til alle krava rundt førjulstida og sjølve feiringa.

«Julesorg kan slukkes, iallfall forsones, i møtet med det barnlige, spente og begeistrete» skriv han, og nyttar her eit begrep som opphavleg blei lansert i ein gamal salme (sjå lenger nede) skrive av den danske presten og politikaren Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872).

– Tittelen på teksten frå Skårderud er «Juletrøst», og det er jo noko mange av oss treng. Mange går litt amok rundt jul og trur at no skal alt liksom vere sånn og sånn. Det er ikkje rettferdig overfor jula – det øydelegg mykje av det som den eigentleg handlar om, fortset Kråkevik.

– Juleroser er tenkt som ei slag påminning om eller pause frå alt dette som eigentleg berre gjer oss triste. Alle menneske er gode til å gjennomskoda hòlskap. Når ting berre er innpakning, merkar me veldig fort at det blir litt tomt inni oss.

– Eg trur at litteratur, biletkunst og musikk kan vere med og fylla opp dette tomromet.

NYTT ÅR, NY JULESONG

Målet hennar med Juleroser er nettopp dét; å bidra til at det blir skapt ny litteratur og nye julesongar som ho seier «kan setja ord på det som er vanskeleg og godt og fint for oss no».

Juleroser 2019 er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont Kids Media Nordic.

– Kanskje nokon av tekstane frå Juleroser òg blir ståande. Det er så lett å gløyma at juleklassikarane ein gong var nye og sjokkerande.

Her peikar ho både på «Piken med svovelstikkene» og juleforteljingane frå Amalie Skram («Karens jul»), Leo Tolstoj («Papa Panovs juledag» – som Jul i Skomakergata er bygd over) og Charles Dickens («En julefortelling» – som inspirerte Carl Barks til å skape Disney-karakteren Onkel Skrue).

Dette finst det òg ein tekst om i årets Juleroser. Denne er skriven av Liv Berit Tessem, og handlar om korleis «kunstnerne har gitt oss julen gjennom ord og bilder».

Her får me mellom anna vita at det var nettopp Charles Dickens’ kjende kortroman frå 1843 (originaltittel: «A Christmas Carol») som la grunnen for ei ny oppfatning av julas eigentlege innhald.

– Det med å gje almisser til fattige er noko kristne og religiøse alltid har halde på med, men det var Dickens som skapte omgrepet «the christmas spirit», som handlar om omsorg, toleranse og borgarleg humanisme.

Tessem skriv òg om korleis julenissen etter kvart framstod som ein blanding av den kanoniserte tyrkiske biskopen Nikolas av Myra (ca. 280-343) og dei nordiske fjøsnissane. Den fyrste teikninga av ein fjøsnisse blei laga i 1842 av den danske kunstnaren Johan Thomas Lundbye (1818-1848).

«EG VETT KA Æ SKA SKRIV»

– Det er veldig interessant å sjå korleis litteraturen og biletkunsten har vore med og forma korleis me tenkjer om jula, seier Kråkevik, og fortel om den fyrste norske forfattaren ho tok kontakt med då ho planla å gje nytt liv til dei gamle Juleroser-hefta.

– Ho fortalde om familien sin og døtrene sine og julefeiring, før ho avbraut seg sjølv. «Eg vett ka æ ska skriv, æ må legg på».

– Eg ringde til Herbjørg Vassmo, og forklarte henne kva tankar eg hadde om dette. Så viste det seg at ho òg var vaksen opp med desse hefta, men at dei var blitt lagt på loftet hjå bestemor hennar i lag med alle Hamsun sine bøker – for dei var det ikkje lov å lesa heime hjå henne då ho vaks opp.

Den unge Wassmo sneik seg difor i skjul opp på loftet, og sat og las «Landstrykere» og «Victoria» i smug. Etter kvart fann ho òg ei kasse med Juleroser og andre gamle julehefte.

– Etter at me hadde snakka lenge om det, spurte ho meg (Kråkevik legg om dialekta til nordnorsk) «men ka hadde du tænkt æ sku skriv om da?». Eg sa at eg hadde tenkt noko rundt ordet «julesorg», som står i ein dansk julesalme av Grundtvig som heiter Velkommen igen, Guds engle små, fortel ho.

– Då blei det heilt stille i den andre enden, og eg tenkte at «oi, no har eg trakka uti». Så byrja ho å snakka, og fortalde om familien sin og døtrene sine og julefeiring, før ho avbraut seg sjølv. «Eg vett ka æ ska skriv, æ må legg på». Så det blei den fyrste novella me fekk. Den heiter «Julerosa», og kom på trykk i 2015-heftet.

SKAL VERE NOKO FOR ALLE

DEN FYRSTE FJØSNISSEN: Den danske kunstnaren Johan Thomas Lundbye laga i 1842 denne teikninga av ein fjøsnisse.

– Du fryktar ikkje at du skal gå i ei slik patosfelle (patos er eit retorisk verkemiddel der ein frir til kjenslene for å skape engasjement) med desse hefta; og at det blir for mykje kos og blomar? Jula er jo eigentleg ein stor klisjé?

– Det er to ting du spør om her. Patosfella er ein ting, kos ein annan – men eg vil påstå at Juleroser er ingen av delane. Me er veldig ambisiøse på vegne av innhaldet vårt. Det me må passa oss for er sjølvsagt patos – at det ikkje blir for høgtideleg og for fullt av seg sjølv.

– Du kunne fått Steffen Kverneland til å laga ei side med ein amputert juleklassikar? Det ville ikkje vore mykje patos?

– Ja, og det kan godt vere at han blir med i ei komande utgåve. Han er fantastisk. Det eg kan seie er at han skal skriva noko veldig spanande for oss, seier ho.

– Ellers er det alltid slik at når du får ein suksess – slik Juleroser har fått – så er det alltid nokon som skal kritisera. Samstundes kan det fort bli anten for mykje høgkultur eller for folkeleg. Løyndomen ligg i å finna den rette balansen. Målet er at hefta skal nå veldig breidt. Det skal vere noko for alle i familien; noko for ulike typar menneske.

JAKTAR PÅ STJERNESTØV

Som døme på dette trekk ho fram at årets hefte også inneheld ein del faglitteratur, mellom anna ein artikkel skriven av Jon Larsen – kjend som gitarist i jazzbandet Hot Club de Norvège.

– Han forsvann heilt frå konsertscena i mange år fordi han går og leitar etter stjernestøv, fortel ho.

EIT SMYKKE I MINIATYR: Mikroskop-foto av ein av fleire mikrometeorittar som Jon Larsen fann på varehuset Bauhaus Liertoppen. – Den ser ut som noko ein gullsmed har laga, seier Herborg Kråkevik. (Foto: Jan Braly Kihle/Jon Larsen)

Som sjølvlært geolog har Larsen utvikla enkle metodar slik at alle kan finne mikrometeorittar. Forskarar frå NASA hadde sine tvil om dette, og i 2017 inviterte dei han difor over til Johnson Space Center i Houston.

Der utstyrte han forskarane med feiekostar, og tok dei med for å samla takstøv frå romsenteret – som han så henta dei bittesmå stjernestøv-partiklane ut frå ved hjelp av sil og magnet.

Det heile tok til ein dag han skulle tørke av hagebordet – og såg ein liten steinpartikkel på kluten. «Den blinket som om det var metall på den. Jøss, er det utenomjordisk materiale? tenkte jeg» fortalde han til Dagbladet i mars 2017.

– Me andre hadde kanskje berre sopt partikkelen vekk og ikkje tenkt meir på det, men han sjekka den i mikroskop – og sidan balla det på seg. No har han skrive bok om oppdaginga – og altså ein tekst i Juleroser.

Kråkevik blar opp på sidene der artikkelen står.

– Sjå kor vakre dei er, seier ho, og peikar på bileta av dei bittesmå partiklane, fotografert gjennom mikroskop.

– Det er heilt utruleg. Sjå, her er det ein som ser ut som eit smykke frå ein gullsmed.

JULEKONSERT I HÅKONSHALLEN

– No har me snakka mykje om årets Juleroser-hefte. Ved sida av dette skal du ha ein spesiell julekonsert i Håkonshallen, saman med Kåre Conradi?

– Me budde på ei slik hylle i fjellet, så det var ikkje så gode tv-signal. Det fyrste eg såg var Jul i Skomakergata. Då var det slik at eg så vidt kunne skimta Skomaker Andersen.

– Konserten blir ei blanding av historiar og songar, og kjem ut frå at eg og Kåre har kjend kvarandre i 25 år – og alltid har snakka om at me har lyst å opptre i lag. Til slutt sa Kåre at no må me berre gjera ein konsert, for det kan me få til. Den skulle eigentleg berre vere i Håkonshallen, men så spurde dei oss om me kunne opptre i Kristiansand også – så me skal dit og «øva» oss før me kjem til Bergen.

Bandet består av Helge Lilletvedt (piano), Ivar Thormodsæter (trommer), Halvor Folgerø (bass) og Hans Mathisen (gitar). Konserten har fått namnet «Juleminner», sidan den byggjer på ei brevveksling mellom Conradi og Kråkevik der dei skreiv til kvarandre om kva dei hugsa frå julefeiringar gjennom barne- og ungdomstid.

– Kva er dine beste juleminner?

– Eg er utruleg velsigna med ei veldig god barndomsjul, der eg tviheldt på å gå rundt i pyjamas på julafta til eg var langt oppe i tenåra. Eg ville ikkje at barndomen skulle ta slutt, fortel ho.

HERBORGS JULEMINNER

Fjellgarden i Jondal der Herborg Kråkevik vaks opp ligg langt frå andre folk, og om vinteren var vegen ikkje framkomeleg for andre køyretøy enn traktor.

– Det var liksom litt julekortjul, med mykje snø, og fuglar som forsynte seg frå fuglebanda. Eg hugsar korleis eg vakna om julafta til lukta av at mor mi steikte mjølkekaker på kjøkenet. Det var det beste eg visste. Me fekk seint fjernsyn, så dei fyrste åra eg hugsar høyrde me mykje på radio.

– Dette var på 70-talet?

– Ja. Eg er fødd i 1973. Me budde på ei slik hylle i fjellet, så det var ikkje så gode tv-signal. Foreldra mine kjøpte eit reisefjernsyn i 1979, så det fyrste eg såg var Jul i Skomakergata. Då var det slik at eg så vidt kunne skimta Skomaker Andersen.

På ettermiddagen gjekk ho inn til bestemora for å høyra på radiosendinga når kyrkjeklokker frå heile Noreg rinde jula inn. Så var det julemiddag, som bestod av lutefisk, potetkaker, mjølkekaker og risgrautsuppe.

MORGONDAGENS KLASSIKARAR: – Kanskje nokon av tekstane frå Juleroser òg blir ståande. Det er så lett å gløyma at juleklassikarane ein gong var nye og sjokkerande, seier Herborg Kråkevik. (Foto: Roy Bjørge)

– Hadde de gran eler furu som juletre?

– Begge delar. Me hadde gran inne hjå foreldra mine, medan bestemor – som budde i andre enden av huset – hadde ei slik lita furu som stod oppe på skjenken.

– Brukte ho levande ljos på treet?

– Nei, då eg var liten så var det elektrisk lys over alt; me var så redde for brann. Men det må eg seie, at det er kanskje ein av dei finaste tinga med å feira jul i Danmark. Der er det alltid levande lys på treet, fortel ho.

– Det er slikt ein gjerne ikkje tek seg tid til i vår verd – det er berre å skru på ein knapp og så er ljoset på – mens det der med å tenna ljosa på treet; det er jo eit roande ritual i seg sjølv.

– Det gjer til at du må sitje og sjå på ljosa medan dei brenn ned. Det er slikt ein gjerne ikkje tek seg tid til i vår verd – det er berre å skru på ein knapp og så er ljoset på – mens det der med å tenna ljosa på treet; det er jo eit roande ritual i seg sjølv.

– Eg trur eg hadde vore livredd, med levande ljos på eit tørt nåletre, kommenterar eg.

– Du må berre gjera det forsiktig, og ha ei bytta med vatn i nærleiken. Heime i Danmark tenner me ljosa på treet kvar dag i romjula.

NORSK JUL I DANMARK

– Får du ta med noko av di norske jul over til din danske familie i Viborg?

– Mor mi gjev meg lyng og mose frå skogen heime i Drebrekke i Jondal, og det pyntar me alltid adventskransen med. Og så har me alltid pinnekjøt på fyrste juledag.

– Det er ikkje vanleg kost i Danmark?

– Nei, det var ingen i den familien som visste kva det var. Men eg har ikkje teke med lutefisken enno.

– Likar dei pinnekjøtet?

– Dei elskar det. Pinnekjøt er det beste dei veit; heile familien.

– Er det frå dansk sau?

– Nei, eg plar kjøpe det her og ta med meg. Det er jo stort overskot på sauekjøt i Noreg, så det er viktig at me et det opp

  • Den femte utgåva av Juleroser er ute no, utgjeven av Samlaget. Herborg Kråkevik sit òg i redaksjonen til juleheftet Barnas Juleroser, som kjem med si andre utgåve i år.
  • Under tittelen Juleminner inviterar Herborg Kråkevik og Kåre Conradi til fire konsertar i Håkonshallen fredag 13. desember og sundag 15. desember. Meir informasjon: bergenlive.no
Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:
Peisbord 800×300

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this