Arctic Spas Kampanje November
KJÆRLEIKENS MYSTERIUM: – Sjølv om du har vore lukkeleg gift i nokre år, så blir du ikke så mykje klokare på kjærleiken av den grunn, seier Tom Roger Aadland. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

Undervegs mot kjærleiken

– Eg kjenner ei dragning mot romantikkens mysterium, seier Tom Roger Aadland, som nyleg kom med albumet Songfugl.

På Haugesunds-artistens sjuande album opprettheld han den sjølvpålagde tradisjonen med å la platene veksle mellom å innehalde eigenkomponerte låtar og førebiletlege gjendiktingar av Bob Dylan-songar.

– Veldig mykje av det som skjer når ein ny song blir til, kan ikkje forklarast rasjonelt. Det same kan gjelda for ein konsert. Matematikk duger ikkje i slike høve, du kan ikkje bruke addisjon for å forklare kva som fungerar, og kva som ikke gjer det.

Den nye plata tilhøyrer fyrstnemnde kategori, og blei nyleg tildelt terningkast fem av Bergensmagasinets platemeldar, som konkluderte med at «dette er poesi like mykje som musikk».

Det handlar om kjærleik, eller som Jan Erik Vold skriv (i diktet Et nytt møte): «Å veksle / disse sjetongene inn, det er der / det virkelige / arbeidet ligger», der han samanliknar ny kjærleik med det å vinne jackpot etter jackpot på ei pengespelmaskin. Dette er eit språk som Aadland forstår.

KJÆRLEIKEN OG DØDEN

– Sjølv om du har vore lukkeleg gift i nokre år, så blir du ikkje så mykje klokare på kjærleiken av den grunn, seier han.
– Det blir litt som eit fysisk puslespel, eller som ein Rubiks kube, litt den slags ting.

– Handlar det om å vere undervegs?

– Ja, for meg er det eit motiv som eg stadig vender tilbake til i songane mine.

– Det andre store temaet innan songkunsten og poesien er døden. Var det den du adresserte på albumet Rapport frå eit grensehotell, som kom ut i 2015?

– Heilt klart. Eg er nok eit menneske som tenkjer meir på døden enn dei fleste, utan at det betyr at eg er plaga med dødsangst. Men eg er fascinert over den situasjonen. Eg elskar livet; uansett kva dør du kjem inn gjennom, så er det fysiske livet vårt eit heilt fantastisk konsept.

– Brukar du draumar i skrivinga di?

– Nei, veldig lite. Eg hugsar få av draumane mine. Men eg opplever stadig slike synkronistiske hendingar. Eg hugsar at eg i haust sat med kjøkenbordet saman med mor mi og prata om to personar som døde då eg var liten. Litt seinare same dagen sende ein ven av meg eit bilete av dei to via Messenger. Han kunne umogleg vite at eg ei kort stund før hadde site heime hos mor og prata om dei, fortel han.

– Eg har det litt på same måten med låtskrivinga. Veldig mykje av det som skjer når ein ny song blir til, kan ikkje forklarast rasjonelt. Det same kan gjelda for ein konsert; i kva grad den blir vellukka, gjerne mot alle odds. Matematikk duger ikkje i slike høve, du kan ikkje bruke addisjon for å forklare kva som fungerar, og kva som ikke gjer det.

JAKTA PÅ PERFEKSJON

Tom Roger Aadland er opphavleg frå Vikebygd, som ligg fire mil frå Haugesund. Han flytta til Tøyen i Oslo i 2004, og har sidan levd av å vera artist.

– Korleis klarar du å få det til å gå rundt?

– For min del har eg fleire bein å stå på. Eg skriv songar, mest for meg sjølv, men iblant også for andre, og mottek dermed Tono-pengar for opphavsrett. Dessutan er eg medviten på å vere pragmatisk når eg turnerar. Det er vanskeleg å gå i pluss når eg turnerar med band, så eg vekslar litt mellom det og å spele solo eller med eit mindre ensemble.

– Har du spelt på festivalar?

– Litt, men eg har ambisjonar om å gjere meir av det. Når det er sagt, så spelar eg heller for 300 lyttande enn 1300 som er på fest. Høgdepunktet i fjor var Olavsfestdagene i Trondheim. Det var eit stort og lyttande publikum.

– Du lagar musikk med bodskap?

– Eg tenkjer ikkje så mykje på det, men det er musikk med eit uttrykk.

– Musikk med nerve?

– Eg trur det. Eigentleg kjenner eg litt på at eg er ferdig med åra då eg tvilte på om eg hadde noko å levera. Tilbakemeldingar eg får frå lyttarane mine er ein god motivasjon.

Aadland medgjev at han er veldig sjølvkritisk, og lenge har hatt ein ambisjon om at alt han lagar skal vere perfekt.

– I seinare tid har eg lært meg å slappe av frå det. Erfaringa mi viser at det nok ikkje finst perfeksjon på denne planeta. Andre ting er meir viktig, seier han.

– Henrik Tikkanen (finsk illustratør og forfattar, journ. komm.) sa noko om at du må våge å la dei dårlege linjene stå, fordi dei er med og støttar opp om og styrkar dei gode. Du veit alltid når du har ein bra setning – og du har ofte ei nagande kjensle når du ikkje er der. Dersom noko er så dårleg at du kjenner at det distraherar, må det sjølvsagt forbetrast. Men det er noko der, at det ikkje handlar om feil, men om å uttrykkje det du gjer best mogleg; å treffe best mogleg.

LÆRDOMEN FRÅ DYLAN

– Så du er ikkje lenger så redd for å gjere feil?

– Eg tenkjer ikkje på det lenger, bort sett frå når eg snakkar om det. Alt handverk handlar om det same; om å rydde distraksjonane ut av vegen.

– Er dette ein lærdom du har fått med deg gjennom Dylan-tolkningane dine; at du har vore tett på tekstane til ein av dei største?

– Det er eit godt spørsmål. Eg har lært enormt mykje om timing og frasering, og det har vore flott å arbeide med tekstane hans, seier han.

– Dei språklege bileta til Dylan treffer så sterkt at dei set avtrykk i deg. Når eg gjendiktar tekstane hans på norsk, treng eg nesten berre å tøme stoff opp i det avtrykket. Ein ting eg har lært, er at ein kjærleikssong kan byrje med nesten kva som helst som tema. I Want You opnar med noko som minnar veldig om ei gravferdsscene, seier han, og siterar: «The guilty undertaker sighs / The lonesome organ grinder cries».
– Det handlar om å finna ein inspirerande kode.

Den nye plata heiter passande nok Songfugl, og er innspelt på Velvet Recording i Spydeberg utanfor Askim, med Lars Voldsdal som produsent. Musikarane er dei same som har vore med på Aadlands tre siste album: Kjetil Steensnæs (gitar, steelgitar), Tor Egil Kreken (bass), Erland Dahlen (slagverk, piano, sag og dulcimer) og tangenttrollmannen Sigbjørn Apeland (hammondorgel og harmonium); Bergens eige svar på Garth Hudson.

I tillegg har han med Oslo Strings, som fargelegg fleire av låtane med varme strykarar, arrangert av Lise Voldsdal, Ingrid Andsnes, som spelar flygel på Det vakraste ordet, og Lars Håvard Haugen (Hellbillies), som takkar for sist (Aadland skreiv låten Søvnlaus for hallingdalsbandet) med hylande rock’n roll-gitar på Moskusen på Dovre.

– DET BESTE ALBUMET EG HAR LAGA

– Kva synest du kjenneteiknar Songfugl?

– Fleire har sagt til meg at det antakeleg er det beste albumet eg har laga. Eg er ikkje ueinig i det. Det melodiske er viktigast; det har fått veldig stor plass, og har diktert nokre av dei musikalske grepa, slik som at eg brukar strykarar, seier han.

– Songfugl er eit godt eksempel på ei plate som over hovudet ikkje blei slik som eg hadde planlagt. Mange, inkludert meg sjølv, sette stor pris på Rapport frå eit grensehotell, så det var mange som forventa ei ny mørk plate. Då eg byrja å plukke ut dei beste songane denne gongen, blei eg difor overraska over kor lyse dei var, på same måte som eg blei sjokkert då eg oppdaga kor mørk Grensehotell blei, ikkje minst sidan det albumet blei skriven i ein periode då eg hadde det veldig bra.

– Du hadde ikkje mista nokon som stod deg nær?

– Far min døydde like etter at plata kom ut. Men eg veit ikkje; det er lett å finne både mørke og lyse element i livet. Ein gong klarar eg kanskje å samle fleire av livets fasettar på ei og same plate.

– Har du prøvd å skrive frå eit kvinneleg perspektiv?

– Nei, eg trur ikkje det, eg går ikkje inn for å skape kvinnelege karakterar. Men det ligg nok der likevel. Kona mi plar seie at eg og dottera mi er feministane i familien. Eg har ein kolossal tillit til kvinner, og synes sjølvsagt at kvinner i altfor liten grad har fått fortelje sine historier. Oppveksten min var i eit miljø med mange kvinner, og eg trur nok at eg forstår endå mindre av menn enn av kvinner, for å seie det slik.

KJÆRLEIKEN TIL BERGEN

– Eg har forstått at du er glad i Bergen. Kor kjem den kjærleiken frå?

– Det byrja med at eg på vidaregåande pendla hit for å ta gitartimar, og at eg seinare hadde sivilteneste her. For meg var Bergen byen for bohemar og draumar, for alt som var mogleg, like sidan eg var 17 år. Då eg omsette Dylan-låten Tangled Up in Blue, var det heilt medvite å plassere den i Bergen. Det er ein svært raus by, som ikkje knuser draumar, tvert imot.

– Er det ein stad å kome til når du døyr?

– Hehe, kanskje. Eg er i det heile teke svært glad i Vestlandet.

– Ja, du kjem med ein sterk hyllest til landsdelen vår i opningssongen på plata – når du syng «Vestland, Vestland / Mitt mørke fastland / Mitt alt fell på plass-land / Kvar gong eg ser deg blir eg litt fornøyd»?

– Heilt klart. Vestlandet ligg som ein raud tråd i mykje av det eg skriv. Samtidig vaktar eg meg vel for at det ikkje blir for cheesy. Vestland, Vestland er tenkt som ein litt nyansert kjærleikssong. I desse tider skal ein halde tunga beint i munnen når ein er patriot.

SYNG OM KJÆRLEIKEN: – Då eg plukka ut songane til Songfugl, blei eg overraska over kor lyse dei var, på same måte som eg blei sjokkert då eg oppdaga kor mørk Grensehotell blei, ikkje minst sidan det albumet blei skriven i ein periode då eg hadde det veldig bra, seier Tom Roger Aadland. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

 

 

ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this