Hanne Kolstoe foto SIgve Knardal
NY REMIX: – Det er kult at låtane kan få nytt liv i remixform, seier Hanne Kolstø. (Foto: Sigve Knardal)

PREMIERE: Klubbmix fra Kolstø

Del artikkelen i Sosial medier

– Tanken bak er berre å gje ut musikk saman med folk eg likar. Enkelt og greit, seier indie/elektropop-artisten Hanne Kolstø, som gjev ut ein serie på fire remixar. Den andre kom i dag.

Så er også det siste albumet Fare, som kom ut i februar, særskild veleigna til å bli kledd opp i basstung klubbdrakt. Den første remixen i denne serien var Greinene, og i dag kjem altså Ikkje rør, som Bergensmagasinet her har premiere på.

Dei neste to låtane som får ei beatstung overhaling, er For nær, som kjem ut 22. juni,  før serien vert avslutta med ein remix av Stein/saks (frå forrige plate, Fest blikket) 20. juli. Vonleg vert også dei fire remixane samla opp på ei DJ-venleg vinyl-EP (plateselskapet, Jansen Records, ber meg understreka at det i skrivande stund ikkje føreligg nokon slike planar).

– Eg kjenner ofte på lysta til å ville stikke av frå alt.

Dei tre første remixane er gjort av Oslo-bandet Pow Pow, medan den siste i rekka er knotta fram av elektronikaduoen Ost & Kjex.

– Sigurd Thomassen i bandet mitt spelar også i Pow Pow, så der er den linken. Når det gjeld Ost & Kjex, så har eg samarbeida med dei i mange år. Det er heilt naturleg å rote seg inn i felles prosjekt då, fortel Kolstø.

Albumet Fare, der låtane som no er remixa er henta frå, er hennar åttande langspelar sidan debutplata Riot Break (2011). Som vanleg har ho produsert albumet saman med stordabuen (no busett i Oslo) Øyvind Røsrud Gundersen. Eit gjennomgåande tema på albumet er isolasjon og einsemd, spesielt den som kan oppstå i mellommenneskelege forhold.

– Det kan kanskje vere greit å vite at ’fare’ også betyr ’å stikke’ på mi dialekt, forklarar Kolstø, som er født og oppvaksen i Sykkylven.
– Eg kjenner ofte på lysta til å ville stikke av frå alt.

Del artikkelen i Sosial medier

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this