RB Einar Selvik Haakonshallen 220219 0121
TILBAKE TIL RØTENE: Einar Selvik syng med kraft og malm, medan han akkompagnerar seg sjølv på ein kopi av ei gamal middelalderlyre.

Nytt liv til urgamle songar

Del artikkelen i Sosial medier

Einar Selvik har brukt dei siste 20 åra på å setja seg inn i norrøn kultur, musikk og gamal sagalitteratur. No reiser han rundt og framfører delar av kulturarven vår – på konsertar som er like mykje historietimar som musikk.

Håkonshallen, den gamle steinhallen frå 1200-talet, var ei perfekt ramme for Einar Selviks solokonsert fredag kveld, der han framførte nesten heile det siste albumet Skald, samt utvalde songar frå Wardruna-albumet Runaljod 2: Yggdrasil (2013).

Om ikkje internasjonalt så var det i eitkvart fall eit paneuropeisk publikum som fylte salen til siste stolrad. Rundt oss kunne me høyra at diskusjonane gjekk både på fransk, italiensk, nederlandsk, tysk og engelsk.

Einar Selvik tek tidleg høgde for dette ved at han vender seg til publikum på engelsk («det stod mellom engelsk og swahili», forklarar han til den norsktalande delen av publikum). Eit klokt val, vil eg sei, i og med at konserten består like mykje av historieforteljing som musikk.

SVARTEDAUDEN OG DANSKETIDA

Me får vita bakgrunnen både for dei einskilde songane, for instrumenta han spelar på, og for vegen hans fram mot det som meir og meir teiknar seg som ei livsoppgåve for den unge skalden.

«Røtene til den norrøne kulturen går tilbake til bronsealderen og folkevandringstida, då folk frå ulike kulturar møttes her nord. Slik har det alltid vore, og slik fortset det med å vere. Men i dag fryktar me folk som kjem utanfrå» seier han.

[PostBlock id=269]

Han forklarar at nordmenn flest ikkje lenger forstår det gamalnorske språket som fleire av songane er ikledd – og at dette skuldast svartedauden, då dei fleste skriftkundige strauk med – saman med kanskje så mange som to tredjedelar av Noregs befolkning – og den påfylgjande dansketida, då skriftspråket var dansk.

Som på plata byrjar han konserten med å påkalla dei fire vindretningane gjennom songen Vardlokk. Ifylgje Eirik Raudes saga var dette eit kvad som var naudsynt for at volva (trollkvinna) Torbjørg kunne seia fram seiden sin (sjå inn i framtida).

Einar Selvik syng med kraft og malm, og akkompagnerar seg sjølv på ein kopi av ei middelalderlyre som fyrst ble vist fram for målarane Adolph Tidemand og Joachim Frich då dei vitja Numedals-garden Kravik i 1848.

Det let autentisk, og saman med orda i den magiske opningssongen er det som om vi vert tekne tilbake til ei anna tid, der me er samla til gjestebod i den gamle festsalen. Det er ingenting å utsetja på måten Einar Selvik ber fram dei gamle songane, og dei anekdotiske forteljingane hans inneheld både visdom og humor.

Han fortel at songen Fehu har fått namn etter runeteiknet for F, som betyr krøtter – men også rikdom. Hadde du mange kuer, så var du rik. Men rikdom skapte også strid. «Songen fortel at ein orm kviler på alt gullet, og vernar det. Og ormen veks i takt med rikdomen» forklarar han.

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

Einar Selvik i HaÌŠkonshallen
Einar Selvik i HaÌŠkonshallen

Alle foto: Roy Bjørge

Alle foto: Roy Bjørge

«BOOTY CALL» FRÅ SETRA

Songen Vindavla vert framført på tagelharpe, eit gamalt feleliknande instrument som har vore i bruk sidan vikingtida, og kanskje før. «Når eg gjer meg kjend med desse instrumenta, unngår eg å høyre innspelingar andre har gjort på dei» seier Selvik, som har stor tru på metoden med å kultivera det som fungerar best framom eit publikum.

Bogen han spelar med ser mest ut som ein heimelaga pileboge. Lyden han får fram er monoton og dronande, ein stad mellom indisk tradisjonsmusikk og Velvet Underground, medan songen hans er svært rytmisk og intens, nesten som ei gamal form for rapping. «Sett beats til denne, og du har ein hit» tenkjer eg.

Det er som om føtene sit litt fastare mot grunnen etterpå, når me vandrar ut frå middelalderborga og tilbake, inn igjen i vår eiga tid. Ingenting kan veksa utan røter.

Neste låt blir også framført på eit framandarta instrument, sjølv om bukkehorn har ein rik tradisjon her nord – både til kulokking, til å skremma rovdyr – og, som Selvik foreslår, «booty calls» for einsame gjetarar. Han spelar ein langsom og klagande melodi, heilt nydeleg – det let som ein slag folkjazz i krysningspunktet mellom Jan Garbareks svale eurojazz og armensk dudukmusikk.

Resten av konserten vert framført på kraviklyra, som på ein måte er hans signaturinstrument (han kler det veldig godt). Fyrst får me Ormagardskvedi, basert på diktet den mytiske småkongen Ragnar Lodbrok skal ha kveda då han blei kasta i ormegarden for å døy. «Kva gjer ein då, spør Einar Selvik retorisk. «Jau, ein lagar poesi. Makes perfect sense».

Også neste låt handlar om eigen død, denne gongen melodien Gravbakkjen, som omstreifaren/tateren Petter Strømsing (1759-1839, ofte nemnd som modell for songen Per Spelmann) skreiv for si eiga gravferd. «Sonen hans framførde den i gravferda» fortel Selvik, som sjølv har skrive teksten til den gamle melodien.

«Eg dedikerar den til nokon, men det blir for vanskeleg å seie til kven», seier han, litt gråtkvalt, og syng dei gripande orda: «Tonar det let / Einkvan gret / Og tvifelt svir dei sår / som ingen andre kan sjå».

EIN SONG FOR ALT

Konserten nærmar seg no slutten, men dei fleste frammøtte er nok ikkje nøgde før dei har fått to av dei best kjende Wardruna-songane. Og heilt rett. Fyrst får me Voluspá – der han gjev nytt liv til den gamle norrøne skapelsesforteljinga og endetidsprofetien.

Her arresterar han oss faktisk – i og med at han avviser at diktet handlar om dommedagsmentalitet. «Sjølv ser eg det meir slik, at når ein sivilisasjon går under, så betyr det ei ny byrjing» seier han. «Det er trøystefullt å tenkja på, spesielt i vår tid».

[PostBlock id=235]

Til slutt får me, nærast sjølvsagt, Helvegen, som er nok ein song om å æra dei døde. Han takkar oss for at me kom, og seier at det eigentleg berre er ein stor bonus for det arbeidet han gjer med å gå inn i dei gamle skaldetekstane. «Skaldisk poesi inneheld stor venleik. Me er berre amatørar, me har mista så mykje. Me treng å få litt av dette tilbake i samfunnet» seier han.

«Medan dagens nordmenn er livredde for å høyra si eiga stemme, så hadde dei den gongen ein song for alt. Kjenner du deg nedfor, og klarar å smelte den kjensla saman med ein song, så vil du kjenne deg betre. Dette er ein song om døden, om å døy».

Applausen etterpå er langvarig og ståande. Ein spanjol ved sida av meg ropar ut noko uforståeleg – men Einar forstår: Han vil ha songen Rotlaust tre fell (frå den andre Wardruna-plata). Det får han også, i skaldisk versjon. Med stor stemmeprakt syng han «den song / som i fordums liv avla».

Det er som om føtene sit litt fastare mot grunnen etterpå, når eg og fotografen vandrar ut frå middelalderborga og tilbake, inn igjen i vår eiga tid. Ingenting kan veksa utan røter.

Settliste

  1. Vardlokk (Skald, 2018)
  2. Skald (Skald, 2018)
  3. Ein sat hon uti (Skald, 2018)
  4. Fehu (Runaljod 2: Yggdrasil, 2013 / Skald, 2018)
  5. Sowelu (Runaljod 2: Yggdrasil, 2013)
  6. Vindavla (Skald, 2018)
  7. Bukkehorn-improvisasjon
  8. Ormagardskvedi (Skald, 2018)
  9. Gravbakkjen (Skald, 2018)
  10. Voluspá (Skald, 2018)
  11. Helvegen (Runaljod 2: Yggdrasil, 2013 / Skald, 2018)
  12. Rotlaust tre fell (Runaljod 2: Yggdrasil, 2013)

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this