owen jones
MØT FORFATTAREN: Owen Jones har vekt internasjonal merksemd med bøkene «Chavs: The Demonization of the Working Class» og «The Establishment: And How They Get Away With It».

Møt Owen Jones

Del artikkelen i Sosial medier

På torsdag inviterar tidsskriftet Røyst til sleppefest for den nye utgåva. Her kan du møte britiske Owen Jones, som blant anna har vore ein sentral person i kampanjen mot brexit.

Røyst er eit politisk tidsskrift med undertittelen «Politikk og tankeleik på venstresida». Det blei grunnlagt i 2013 av studentar tilknytt Universitetet i Bergen og Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Første utgåve kom ut mai 2014, og i neste veke kjem utgåve nr. 5.

Alle redaksjonsmedlemane er studentar med bakgrunn frå ulike institusjonar for høgare utdanning i Bergen. Temaet denne gongen er moral, eit omgrep som vert utforska gjennom eit utval tekstar frå både etablerte og nye skribentar.

Vår tids George Orwell

Ein av desse er britiske Owen Jones, kjent som spaltist i The Guardian og New Statesman, og forfattar av fleire debattbøker. Han har vore ein sentral person i valkampen til Labour-leiar Jeremy Corbyn. og jobba for Remain-kampanjen mot brexit. Russel Brand har tidligare skildra Owen Jones som ein George Orwell for vår tid.

– Ei radikal venstreside til venstre for sosialdemokratiet har brote gjennom i fleire land, men opplever veksesmerter.

På sleppefesten vil Røyst og forfattar Owen Jones ta fatt i dei store spørsmåla i vår tid.
– Ei radikal venstreside til venstre for sosialdemokratiet har brote gjennom i fleire land, men opplever veksesmerter, seier Karina Asbjørnsen, som er med i redaksjonen.

Ny venstrepopulisme

I Hellas må regjeringspartiet Syriza framleis stri med EU sine finansreglar. I Storbritannia møter Corbyn stiv motstand frå eige parti, medan Podemos i Spania tapar terreng til høgrepopulistar. Til trass for partpolitiske gjennomslag, slit Sanders sitt korstog mot pengemakta i det amerikanske valsystemet i motbakke.

Ligg framtida for denne nye venstrepopulismen i eller utanfor EU? Er det mogleg å vinna arbeiderklassestemmer attende frå høgreradikale rørsler? Eller sit dei framleis fast i falske motsetnader mellom identitet og økonomi?

Møtet vert arrangert i samarbeid med Forum for vitenskap og demokrati ved Universitetet i Bergen. Etter møtet spelar DJane Holtmon & Ø ei blanding av RnB, pop og gamle hits du ikkje hugsar at du likte. Tid og stad: Chagall (Vaskerelven 1), torsdag 18. august kl. 19:00-23:00.

 

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this