PREMIERE: Lydsporet til musikkfilmen MULM vert utgjeve digitalt i dag – fronta av eit stemningsfullt utdrag med opne og aude landskapsbilete frå Island.
Konsertfilmen er eit samarbeid mellom postrock-bandet LÃnt og filmskapar Tommy Næss, og trakk full sal i Røkeriet pÃ¥ USF Verftet under premieren i Bergen.
Verket kan i sin heilskap berre opplevast live, men no blir altså musikken tilgjengeleg på strøymetenester. Verket utforskar grensene mellom film og musikk, og tematiserer menneskets væren i verden.
Filmen reiser fleire filosofiske spørsmål, både knytt til tida me lever i og måten musikk og levande bilete kan utdjupe eller forsterke kvarandre.
Filmen reiser fleire filosofiske spørsmål, både knytt til tida me lever i og måten musikk og levande bilete kan utdjupe eller forsterke kvarandre. «I den naturlige verden finnes en stillhet vi som mennesker har fjernet oss fra ved å endre, bygge og omskape. Den er der, men vi ser den ikke, føler den ikke» forklarer presseskrivet fra filmskaparen.
I filmen følger vi ein skikkelse som flyttar seg gjennom ulike miljø, driven av ei uro eller ei form for framandkjensle. Kva bevegar den seg frå, kva søker den?
Eg siterar presseskrivet igjen: «Dagens samfunn synes å kreve mere og mere tilpasningsdyktige borgere, og både arbeidsplasser og arbeidssøkere skilter med å være fleksible og omstillingsdyktige. Hva er vår plass i naturen? Hva er menneskets kjerne, fjernet fra ytre krav?»
[PostBlock id=183]
Filmmusikken er laga av det bergensbaserte bandet LÃnt, som – inspirert av blant andre Mogwai, Godspeed You! Black Emperor og Sigur Rós – fÃ¥r fram ambiente og draumande gitarkomposisjoner.
Debutalbumet «Then They Came For Us» blei tildelt terningkast 5 både i VG og Bergens Tidende. Dei har blant anna spelt på den danske showcasefestivalen Spot i Aarhus, by:Larm i Oslo, Trondheim Calling, Øya og Hove.
