SNIKLYTTING: – The End handlar om å kome til det stadiet der du ikkje lenger veit kven du er, seier Elida Høgalmen. Høyr hennar melankolske debutsingel her i Bergensmagasinet.
– Bergen har fått ei ny stemme, seier Solgunn Slåtto frå Klangkollektivet, som i morgon inviterar til sleppekonsert for den nye singelen.
– Publikum vart sett på lydlaus under konserten på Vill Vill Vest tidlegare i haust.
– Publikum vart sett på lydlaus under konserten på Vill Vill Vest tidlegare i haust. Det var skjørt men sterkt, melankolsk men oppløftande, nakent med mange lag buldrande under overflata, fortel ho.
Når Klangkollektivet i morgon gir ut Elida Høgalmens første singel, The End, er det berre å la seg begeistre. Dette er eit blått lite meisterverk, med dryppande klavertonar rundt stemma hennar, som minnar litt om ei yngre Björk (litt slik som ho syng på jazzplata Gling-Gló frå 1990). Tittelen er ellers eit bra val på ein debutsingel, i og med at den peikar like mykje framover som bakover.
– The End handlar om å kome til det stadiet der du ikkje lenger veit kven du er, ikkje lenger føler noko som helst, og treng at eit eller anna skal dukke opp og rive deg ut av bedøvelsesrusen, seier Elida Høgalmen.
Etter å ha brukt ungdomsskuletida på Youtube-filmar som How to play Coldplay on guitar/keyboard, og studert musikk på både vidaregåande og folkehøgskulen, droppa Elida ut av jazzstudiar ved Griegakademiet i Bergen for å få avstand frå institusjonelle konvensjonar for musikken. Ho ville konstruere sitt eige rammeverk.
Singelsleppet blir markert på årets Klangkveld på Victoria kafé og pub (Kong Oscarsgt. 29) førstkomande fredag (18. november), der også Andreas Høvset (Verdensrommet) spelar solo og produsentduoen Mato Grytten (Vibbefanger/ Hester V75) DJar. Det nye radioprogrammet Nesten Kult sender direkte først på kvelden, der dei pratar med kveldens artistar «om livet og sånt».
Elida Høgalmen – The End
All through our time
I thought I just didn’t have a heart
Now I can feel it beating in double-time
This is the end
Now I know that my heart
Was hiding all the time inside of you
I couldn’t feel it then,
but now I feel it all
This is the end
Now I want to fall
Into the arms of a stranger
Just to feel, to feel anything at all
And I do
All through our time
I thought I just didn’t have a heart
Now I can feel it beating in double-time