tomrogeraadland
Tom Roger Aadland (foto: Magne Fonn Hafskor)

«Vestland, Vestland, mitt mørke fastland, alt-fell-på-plassland»

Del artikkelen i Sosial medier

Tom Roger Aadland inviterar vestlendingar som er glad i landsdelen sin til å bidra med favorittfotos til hans neste musikkvideo.

Haugesunds-artisten Tom Roger Aadland lagar musikkvideo til sin nye singel, Vestland, Vestland (høyr ein akustisk versjon i klippet frå TV-Haugaland nedst i denne saka), og treng bileter av vestlandsk natur, dyr og folk til bruk i denne. Bileta kan postast direkte på Facebook-sida hans.

– Kva er Vestlandet i dag? Er det ein strandnellik på ein holme? Ein perfekt himmel i vest? Ein byoriginal i gågata? Ein snødekt fjelltopp i julisola? Ein borerigg i ein fjordarm? Regn og kuling på bryllaupsdagen din? Send meg foto som skildrar Vestlandet i alt sitt mangfald! oppfordrar Aadland.

Singelen Vestland, Vestland er produsert av Lars Voldsdal og innspelt i Velvet Recording med Kjetil Steensnæs (gitar, pedal steel), Sigbjørn Apeland (hammondorgel), Tor Egil Kreken (bass, banjo) og Erland Dahlen (slagverk, perkusjon). I tillegg medverkar Oslo Strings: Lise Voldsdal (fiolin, kor og strykearrangement), Ragnhild Lien (fiolin), Isa Caroline Holmesland (bratsj) og Kaja Fjellberg Pettersen (cello).

Tom Roger Aadland spelar under Hordaland Teaters festopning neste fredag, der han skal framføre «Lagnaden sin vri» i duett med Elisabeth Moberg, samt hans nye singel, «Vestland, Vestland».

Del artikkelen i Sosial medier

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this