Arctic Spas Kampanje November
HELD TRADISJONEN VED LIKE: – I år som i fjor, og i forfjor, er Basarkonserten vår lagt til tida før jul, eit mørkt og fyldig alternativ i ei verd full av gløgg, sier Finn Tokvam frå danseorkesteret Finn-Erix. (Foto: Lina Børnes)

Finn-Erix gløymer ikkje heimepublikummet

Dei stiller med både stoveorgel, fagott og rytme-egg, dei tre musikarane i danseorkesteret Finn-Erix. Her skal det ikkje sparast på noko.

– Når me no skal arrangere vår tredje Basarkonsert på rad, blir me nødt å tenkje større, seier Finn Tokvam, orkesterets refrengsongar og rytme-eggist.
– Suksessen dei tidligare åra har vore formidabel, og gjeve oss oppdrag innanfor både jazz- og oljesektoren. Til trass for dette, gløymer me ikkje det trufaste heimepublikummet vårt.

Kva gjestar dukkar opp på scenen? Kven er årets nisse? Er fruktkorga framleis førstepremie?

Difor flyttar Finn-Erix med husorkester, gjestar og årer til USF Verftet for å skjenke bergensarane nok ein musikalsk julebasar.
– I år som i fjor, og i forfjor, er den lagt til tida før jul, eit mørkt og fyldig alternativ i ei verd full av gløgg.

Kva gjestar dukkar opp på scenen? Kven er årets nisse? Er fruktkorga framleis førstepremie? Dette er spørsmål ein kan stille seg, men som du må stille opp sjølv for å få svar på.

– Me lovar berre ein ting. og det er topp juleunderhaldning, kjem det bramfritt frå den populære refrengsongaren.

Finn-Erix har i over ti år begeistra og underheldt publikum gjennom tv og radio, festivalar og teaterscener. Det velkledde populærorkesteret består av Odd-Erik Lothe (stoveorgel), Halvor Folgerø (fagott) og Finn Tokvam (refrengsong og rytme-egg), men på Basarkonserten utvidar dei med fullt husorkester og fleire staselege gjestar. 

USF Verftet, onsdag 14. desember kl. 20.00-23.00

 

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this