KJEM TIL EIN SKJERM NÆR DEG: – Dette er ein ekspressiv monolog som går i strupen på eksistensielle, politiske og kunstneriske problemstillingar, seier Ole Mads Sirks Vevle. Biletet er frå ei prøvevisning i 2019. (Arkivfoto: Roy Bjørge)

Samanbrotets estetikk

Ole Mads Sirks Vevle var ein sentral performancekunstnar i Bergen på starten av 2000-talet. No er han tilbake med sin første monolog, og i kveld kan du sjå den direktestrauma via Facebook-sidea til Enkeltmannsforetaket.

Forestillinga ka?TARSIS! av Enkeltmannsforetaket Ole Mads S. Vevle hadde premiere 22. februar under Frontlosjefestivalen 2020 i samarbeid med BIT-Teatergarasjen. Etter festivalen blei forestillinga oppført ved kultursenteret Oseana.

Etter stor publikumspågang – og som følge av den globale pandemien – blir forestillinga no direktestrauma frå Cornerteateret – først i dag, og sidan ein gong til før sommaren.

Det er kjensla av samanbrot som her blir gitt eit kunstnerisk uttrykk, noko som gjer den ekstra aktuell i den underlege tida me lever i akkurat no.

Vevle er oppteken av dei store spørsmåla i livet. I programmet for monologen formulerar han det slik: «Kven er vi? Kvifor er vi her? Ete og drikke? Og kva er eigentleg kunsten si rolle? Skal kunsten vere politisk? Eller skal kunsten rykke deg ut av draumen og ta frå deg livsløgna di? Å rense sjela? Kva sjel?».

– Dette er ein ekspressiv monolog som går i strupen på eksistensielle, politiske og kunstneriske problemstillingar, forklarar han.

– Det eksistensielle alvoret førar til motseiande svar, kor sterke, dramatiske, tildels overdrevne kjensler kjem til uttrykk. Alt peikar mot eit samanbrot!

Ved bruk av eit svært overdrive, affektert og teatralsk språk blotta for ironi vil han prøve å tvinge fram svar på dei store spørsmåla.

Ved bruk av eit svært overdrive, affektert og teatralsk språk blotta for ironi vil han prøve å tvinge fram svar på dei store spørsmåla.

Aristoteles brukte det greske ordet «katarsis» («reinsing») om korleis ein tilskodar kan få «reinsa ut» vonde kjensler ved å sjå eit tragisk skodespel – altså at ein kan få ei kjenslemessig utlading ved å følge andre sine sterke kjensler. Karakteren Vevle gjev liv til i framsyninga lurer på om ei slik reinsing i det heile er mogleg, men han insisterar likevel på å prøve.

Ole Mads Sirks Vevles monolog ka?TARSIS hadde premiere 22. februar på FrontlosjefestivalenDirektestrauminga av forestillinga er utvikla i samarbeid mellom Ole Mads S. Vevle, fotograf Lars Svenkerud og Camilla Svingen/Syv mil. Forestillinga vert strauma i dag, onsdag 6. mai, kl. 20.00 på Facebook-sida til Enkeltmannsforetaket

ANNONSE:
Peisbord 800×300

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this