HEILSTØYPT DEBUT: – Tanken var å laga musikk som kan få fram kjensler som til dømes sorg, einsemd og melankoli – samstundes som den kan få fram styrken din og gjeva deg håp, seier Irmelin Fimreite. (Foto: Benjamin Bargård)

EP-debut: Musikk for levande bilete

– Dette er mi første utgjeving som sjølvstendig artist, seier Irmelin Fimreite, som i går slapp ein EP med fire heilstøypte instrumentalar. Går det rette vegen for henne, er det nok ikkje lenge før dei blir å høyre i ein film eller tv-serie – alle som ein.

Irmelin Fimreite kjem opphavleg frå Hyllestad kommune i Ytre Sogn, men har budd i Bergen dei siste 16 åra. Her har ho bygd sitt eige studio heime i huset der ho bur.

– Eg har spelt inn all musikken sjølv. Min mann har både miksa, mastra og produsert musikken, fortel ho om debut-EPen, og legg til at dei fire svært filmatiske instrumentalane kom til henne som ein måte å uttrykke kjensler på.

– Låta «Einsam i frykta» vart til under pandemien, med alle tankar og kjensler eg hadde då, forklarar ho.

– «Einsam i frykta» vart til under pandemien, med alle tankar og kjensler eg hadde då.

No er ikkje Irmelin heilt ny i musikkbransjen. Ho var tidlegare vokalist og trommis i det særmerkte indiebandet Arvandor, som etter det underteikna kjenner til rakk å gje ut EPen Message Received (2012) og langspelaren Arvandor (2013).

– I dei siste åra har eg jobba med mitt eige prosjekt. Eg har lenge hatt ein fascinasjon for filmmusikk, spesielt Hans Zimmer, og ynskte å prøva ut mine eigne idear, fortel ho.

– Tanken var å laga musikk som kan få fram kjensler som til dømes sorg, einsemd og melankoli – samstundes som den kan få fram styrken din og gjeva deg håp.

EPen «Einsam i frykta» blei utgjeven på eige selskap 8. april. Musikken er lagt ut på Spotify, iTunes og Youtube Music. Høyr EPen HER

ANNONSE:
Lønvardstoppen Oppstartsfest & Visningshelg

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this