Kor var du på denne tida for 14 dagar sidan? Kva tenkte eller opplevde du då? Hugsar du sist du sakna ei hand å halde i? Når kjende du deg sist einsam eller redd?
Dei fleste av oss vil slite med å tidfeste svara på spørsmåla over, utan at det betyr så mykje i kvardagen.
Om du derimot slit med angst og depresjon, kan dette vere naudsynt informasjon å ha med seg til samtale med ein terapeut.
– Utgangspunktet for oppfinninga mi er handtrykket, seier Jørund Fjøsne.
Han hadde den opphavlege ideen – og har saman med eit større team utvikla hjelpemidlet Grasp.
Dette er ein slag bønneforma «angstball» støypt i silikon. Bak den uskuldige og enkle forma skjuler det seg avansert elektronikk som ikkje berre registrerar det kvar gong du klemmer på den, men også kor hardt og kor lenge du klemmer.
EI GRIPANDE GJENFOREINING

– Instruksen til ein brukar er at du ganske enkelt klemmer på ballen når du får eit anfall, har det vanskeleg eller opplever noko som skaper angst, forklarar han.
– Dersom det du opplever er langvarig eller intenst, klemmer du lenge og hardt, er det lettare, blir også klemminga instinktivt lettare.
Silikonballen får slik tilgang på verdfull informasjon, som så kan avlesast av ein terapeut. Ved å sjå ei veke eller to tilbake kan du dermed få eitt perspektiv på ting, og få fram når symptoma kjem tettast. Er det meir i helgar, eller er det særmerkte hendingar du kan knytta dei opp til?
– Folk er ikkje så god på å hugse kva som skjedde når, og det er der samtalen med terapeuten kan hjelpe. Dette blir då eit verktøy for å få fram når du hadde det tøft. I staden for verbalt å forklare ein inngang og kva og kvifor, så ser du det når du les av dataene.
– Er Grasp retta mest mot psykiatri, eller ser du også andre bruksområde?
– Me går først mot psykiatri, men på sikt er me opne for å bruke den også til andre lidingar. Fokuspunktet vårt no er på angst og depresjon, for der lærer me mest. Prosjektet starta der, og me har også fått veldig gode samarbeidspartnarar i det kliniske miljøet.
Ideen har ei ganske spesiell forhistorie, og går tilbake til 90-tallet. Jørund Fjøsne dreiv den gongen firmaet Fjøsne Design. Med base i Fitjar kommune dreiv han med industridesign, grafisk design og utsmykkinger. Ein dag fekk han førespurnad om han ville ta imot ein flyktning for språkopplæring og arbeidstrening. Det sa han ja til.
– Me utvikla etter kvart ein sterk venskap, fortel Fjøsne om flyktningen, som kom frå eit krigsherja land.
– Så gjekk det nokre år. Ein dag fekk han ein telefon frå eit flyktningmottak i ein annan del av Noreg. Dei hadde fått inn ein ung gut med same etternamn, og dei lurte på om det kunne vere ein slektning.
Fjøsnes ven stilte seg avvisande til dette. Dersom dette skulle stemma på alder, måtte det vera ein bror som var to år gamal då han blei røva bort av militsen. Dei to flyktningane fekk prata saman, utan at dei klarte å finne fram til noko som var felles. Men så kom dei fram til namnet på ei tante som begge kunne hugse. Då dei seinare leverte inn DNA-test, blei det slått fast at dei faktisk var brør.
– Historia deira er ganske utruleg. Guten hadde vore barnesoldat, og klart å stikke av frå geriljaen som hadde teke han til fange ein del år tidlegare, fortel Fjøsne.
– Han hadde opplevd unevnelege ting, og var veldig traumatisert. Det låg tjukt utanpå. Han hamna i psykiatrien, og eg blei spurt om eg kunne sitja med i samtalane med han.
– Kunne han engelsk?
– Ja, og etter kvart litt norsk også. Men det var fordommar, og det var mange ting som var vanskeleg. Eg reagerte på at behandlingstimane blei starta med at dei spurde om korleis han hadde hatt det i det siste. Eg visste korleis han hadde hatt det, eg visste kva som hadde trigga ting i dei siste vekene. Samstundes blei terapien veldig prega av det som hadde skjedd dei to siste dagane. Det blei berre veldig feil.
FEKK IDEEN UNDER TERAPITIMAR
– Fekk guten bruk for Grasp?
– Nei, men det var under terapitimane hans at eg begynte eg å tenke på kva eg, som designar, kunne gjere for å hjelpa menneske som ber på ulike traumer, fortel han.
– Instruksen til ein brukar er at du ganske enkelt klemmer på ballen når du får eit anfall, har det vanskeleg eller opplever noko som skaper angst.
– Tenk deg at du opplever angst og tvangstankar. Etter mykje om og men får du ein time hos ein behandlar, der du får snakke om det som plagar deg. Dette er kanskje den einaste staden der du tør å sei korleis du eigentleg har det. Når du då lukkar døra etter deg, er du ute igjen, der du ikkje kan snakke om desse tinga.
– Mitt håp er at det å ha dette overføringsobjektet med deg i lomma då – og vite at du får registrert det når ting er vanskeleg – ikkje berre kan vere ein hjelp i terapien, men også i augneblinken, seier han.
– Men for å ta det litt vidare, så var eg på denne tida med og starta selskapet Bryggen Research, og der fant me ut at me ville prøve ut denne ideen. Det første me gjorde var å gå til helseforetaket Vestre Viken. Me presenterte dei for ein prototype som var veldig begrensa, men det var nok til at dei forstod det, og ville hjelpa oss med å testa den ut.
LANSERING FØR JUL
– Når blir Grasp lansert?
– Den første versjonen skal vere ferdig før jul. Før me kjem så langt, må med ha produktet og infrastrukturen klar, appen og alt må virke bra, og den må vere CE-merka og «medical device approved». Dessutan må me testa den ut på pasientar. Det er me i gang med via ei innovasjonskontrakt som me har med helseetaten i Oslo kommune.
– Me brukar det me kallar brukarintegrert design og utvikling, som betyr at me samhandlar med dei som testar og bruker den, seier Ingvald Grindheim, som er dagleg leiar i Grasp AS.
– Så brukarane er med og utviklar produktet. Me lagar ikkje noko ferdig og trer ned over hovudet på dei. I staden får me tilgang på brukarar, og deira synspunkt og tilbakemeldingar. Så produktet blir evaluert og vidareutvikla undervegs.
Grasp har også inngått eit samarbeid med det bergenske spelutviklarfirmaet Turbo Tape Games, som skal bistå med visualisering av dataene «angstballen» registrerar.
– Ein klem på ballen kan kanskje vare i tre sekund. I eitt døgn er det 86.400 sekund. Turbo Tape Games kjem då med idear korleis vi kan få dette fram på ein god og tydeleg måte.
– Referansepunktet må vel vere pasienten sjølv; at ein samanliknar eit normaldøgn med eit ekstremdøgn?
– Ja, og så er det mykje nulldata; at du ikkje klemmer. Me må også finne ein god måte å få dét fram på.
