Peppes Pizza Desember 2019
PREMIERE PÅ FRONTLOSJE-FESTIVALEN: – Dette er ein ekspressiv monolog som går i strupen på eksistensielle, politiske og kunstneriske problemstillingar, seier Ole Mads Sirks Vevle. Biletet er frå ei prøvevisning i 2019. (Foto: Roy Bjørge)

Samanbrotets estetikk

Ole Mads Sirks Vevle var ein sentral performancekunstnar i Bergen på starten av 2000-talet. No er han tilbake med sin første monolog og sceneopptreden på 12 år.

Vevle er oppteken av dei store spørsmåla i livet. I programmet for hans nye monolog, med tittelen «ka?TARSIS», formulerar han det slik: «Kven er vi? Kvifor er vi her? Ete og drikke? Og kva er eigentleg kunsten si rolle? Skal kunsten vere politisk? Eller skal kunsten rykke deg ut av draumen og ta frå deg livsløgna di? Å rense sjela? Kva sjel?».

– Dette er ein ekspressiv monolog som går i strupen på eksistensielle, politiske og kunstneriske problemstillingar, forklarar han.

– Det eksistensielle alvoret førar til motseiande svar, kor sterke, dramatiske, tildels overdrevne kjensler kjem til uttrykk. Alt peikar mot eit samanbrot!

Ved bruk av eit svært overdrive, affektert og teatralsk språk blotta for ironi vil han prøve å tvinge fram svar på dei store spørsmåla.

Ved bruk av eit svært overdrive, affektert og teatralsk språk blotta for ironi vil han prøve å tvinge fram svar på dei store spørsmåla.

Aristoteles brukte det greske ordet «katarsis» («reinsing») om korleis ein tilskodar kan få «reinsa ut» vonde kjensler ved å sjå eit tragisk skodespel – altså at ein kan få ei kjenslemessig utlading ved å følge andre sine sterke kjensler. Karakteren Vevle gjev liv til i framsyninga lurer på om ei slik reinsing i det heile er mogleg, men han insisterar likevel på å prøve.

Frontlosje-festivalen har utspring i Frontlosjen – som er ein supporterblogg for scenekunst (frontlosjen.com) skipa av teatervitarane Ragnhild Gjefsen og Ingrid Saltvik Faanes vinteren 2012. Begge har mastergrad i teatervitskap frå UiB. Ragnhild er stipendiat i teatervitskap ved UiB, medan Ingrid jobbar på billettkontoret ved Den Nationale Scene og er frilansprodusent.

Frontlosjefestivalen blir halden på Cornerteateret 20.–22. februar, og Ole Mads Sirks Vevles monolog ka?TARSIS får premiere på 22. februar.

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:
Peisbord 800×300

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this