tesla1 e1493887303849
EIN BIL FOR FRAMTIDA: – Me lever allereie i framtida; tida for bensinbilar er snart over, seier Enok Groven. Til høgre: Arne Beck.

– Redda verda? Det kan eg!

Del artikkelen i Sosial medier

Hugsar du scena i den første Matrix-filmen der Neo (Keanu Reeves) får valet mellom å ta den blå eller raude pilla? – Det er akkurat der heile verda er no, seier Enok Groven og Arne Beck, to gode vener som trur at det framleis er håp om å berga kloda vår.

– Me vil stogga klimaendringane og leia menneska inn på ein betre veg. Dersom me skal greie det, trengs det at alle innser at det er vi sjølve som er den største trugselen, seier Groven, ein mann som ikkje fryktar for å ta store ord i sin munn.

– Ein kan ikkje kalla seg bergensar utan å redda verda minst ein gong.

Det fyrste steget på denne vegen har han brukt to og ei halv veke no i april til å gjennomføra. Saman med mote- og reklamefotograf Arne Beck har den populære Anno-deltakaren, modellen og skodespelaren testa om ein Tesla kunne brukast som transportmiddel på ein miljøvenleg tur til Dubrovnik i Kroatia.

tesla2 NY2
FRAMME I DUBROVNIK: Den kroatiske byen reknast som ein av dei vakraste og best bevarte i middelhavsområdet. Den blei svært skada under bombing i 1991, men er i dag gjenoppbygd. (Foto: Arne Beck)

ALLE VEGAR LEIER TIL ROM

– Kvifor akkurat Kroatia?

– Nei, ikkje for anna enn at Nikola Tesla var fødd og oppvaksen i den vesle kroatiske landsbyen Smiljan, seier Groven.

Så er den store amerikanske fysikaren og oppfinnaren også noko av eit førebilete for dei to, i tillegg til at bilmerket dei køyrde sørover i sjølvsagt er oppkalla etter han. Mykje kunne vore annleis i dag dersom verda hadde vore meir viljug til å lytta til Teslas idear den gongen; ikkje minst kongstanken om trådlaus overføring av straum.

Det er gjerne slik, at vegar leier til Rom. Men ein kan ikkje reisa alle vegane samstundes.

Slik sett minnar han litt om dei to fantastane som sit framføre meg og diskuterar korleis dei skal få heile verda til å skifta over på eit nytt og meir miljøvenleg spor. Sjølv funderar eg på korleis eg skal klare å komprimere den vidtrekkjande samtala vår ned til ei alminneleg avissak. For det er gjerne slik, at alle vegar leier til Rom. Men ein kan ikkje reisa alle vegane samstundes.

– Det byrja med at me sat på Det lille Kaffekompaniet og diskuterte om det kunne vera mogleg å få til ein sponsa Tesla-tur gjennom Europa, der me dokumenterte reisa gjennom film og bilete, fortel Groven.
– Og du var like impulsiv som alltid, tok opp mobilen og ringde Joar Tenfjord medan me sat der, legg Beck til. 

BERGENSARAR PÅ REDNINGSTOKT

Tenfjord er ingen annan enn dagleg leiar for Tesla Motors Bergen. Han inviterte dei til eit møte, men minna dei samtidig på at dei ikkje var dei einaste med ein slik idé.

– Eg svara at dei er ikkje oss, og at vi kjem til å gjera dette mykje betre enn nokon andre, seier Groven.

tesla3
EIN MODERNE VIKING: – Vikingane hadde dei mest moderne skipa den gongen, mens vi har hatt med oss den mest moderne bilen, seier Enok Groven.

På møtet presenterte dei ideen som eit prosjekt for framtida, og at dei såg for seg både ein dokumentarfilm og spreiing av opplevingane via sosiale media og avisintervju. Tenfjord ville gjerne hjelpa dei med å gjennomføra prosjektet, og lånte dei ein heilt ny Tesla Model S 90D.

Etterpå gjekk runden med å skaffe sponsorar. Her fekk dei med både Reindyrka, Vikja, Mamahuhu og Phase One, der sistnemnde lånte dei eit svært kostbart profesjonelt kamera til ein verdi av 700.000 kroner.

– Me er bergensarar, og det forpliktar. Ein kan ikkje kalla seg bergensar utan å redda verda minst ein gong, seier Groven, med ein litt tvetydig smil, omtrent som om han faktisk meinar det han seier.

– Det er berre slik me er her vest. Me likar å bruka store ord og å få ting til å skje. Dette går heilt tilbake til vikingane, som me er etterkomarar av.

– Ein gamal tradisjon på den tida gjekk på det å vera ærleg. Dei skulle ikkje baksnakka, då var det betre å sei meininga si rett til den det handla om. Du kunne heller ikkje stele, det var uærleg. Men det var lov å rane.

Dokumentaren dei planlegg har arbeidstittelen Tidsreisa. Målet både med denne og med Tesla-turen er å sjå på kva som ventar oss i framtida, blant anna gjennom intervju med forskarar og andre dei møter undervegs. Tanken er å sy saman ein pilot, og få vist den til ulike produksjonsselskap med håp om at nokon ser potensialet til å gjere den til ein serie.

«DETTE KAN EG»

– Heilt sida eg var med i Anno har eg hatt ein draum om å lage meir tv. Eg vant Gullruten, noko som er prov på at dette er noko eg kan, seier Groven.

– Me ser for oss ein usminka og utilslørt serie der me møter folk der dei er. Eg vil intervjua og filma folk som nyttar liva sine på å gjera ein skilnad. Det trur eg vil kunna inspirera andre og føra til glede.

– Har de ein bodskap som de ynskjer å fremja gjennom ein slik dokumentarserie?

– Ikkje berre ein, men mange. Det blir som ein stor paraply. Me ynskjer å gjera vårt for å redda verda. For å gjera det, må me både sjå litt inn i framtida og kunne litt om historie, seier Beck, som snart viser seg som ein mann med minst like store vyer som Groven.
Skilnaden er at Arne Beck stoggar seg sjølv innimellom; ser tankefullt opp i taket, før han set augo i deg med ny glød.

– Ingen kunne førestilla seg der me no er for berre ti år sidan. Mobiltelefonane er blitt datamaskiner, me les bøker på nettbrett og kommuniserar med kvarandre på Facebook og andre sosiale media i staden for å møtast andlet til andlet, opnar han etter ein slik snartur opp i tenkjehetta.

tesla4
BERGEN DUBROVNIK TUR/RETUR: Turen nedover gjekk via Sverige til København, Berlin, München, Senj (Kroatia) og Dubrovnik, som var reisas mål. Heim igjen tok dei en omveg over Adriatarhavet til Roma, før dei snudde nordover via Firenze, Pisa, Genova, Hamburg, Larvik, Oslo og til slutt Bergen. (Foto: Arne Beck)

– Eg studerar nevrobiologi, og veit at det allereie er snakk om å spleisa hjernen med datamaskiner. Snart kan du sitja ved ein skjerm og avgjera kva rørsler kroppsdelar skal gjera eller lesa andre sine tankar.

– Når du først er tilkopla, kan du ikkje lenger velja å ikkje vera det. Utviklinga går så fort no at det er vanskeleg å hengja med.

– Det som er sikkert, er at det kjem til å skje store klimamessige endringar i ganske nær framtid dersom me ikkje gjer dei rette vala no.

Éin slik rett ting er å kjøre elektrisk bil. Groven meinar at me her snart ikkje vil ha noko val.

– Eg trur at bensinbilar vil bli forbodne innan fire år, seier han.

– Mange trur at ein elbil køyrer 50 kilometer før den må ladast på ny. Dette var noko av det me ville motbevisa med turen vår. Du treng ikkje lenger fylla bilen med fossilt brennstoff. Me lever allereie i framtida; tida for bensinbilar er snart over.

– Korleis gjekk det med lading undervegs til Kroatia?

– Det var ikkje noko problem, det er superladarar overalt, seier Beck, som var den som køyrde bilen.

Dette er faktisk noko Groven ikkje kan, så utruleg det enn høyrest. Eller han kan det sikkert, han er berre ikkje sertifisert for å sitja bak eit ratt.

– Kor langt kunne de køyra på ei lading?

– Det lengste var 430 kilometer; då hadde me tre prosent batterikapasitet igjen eller 14 kilometer. Dersom me gikk glipp av ein avkjørsel då, ville me stått der.

Løyndomen er at batteriet går fortare tomt dersom du er hard på pedalen. Du når lengst om du held eit jamt tempo på rundt 90 km/t. Dei opplevde likevel ingen vanskar med batterikapasitet nedover Europa, til trass for at dei stort sett låg i 150 km/t på motorvegane. Batteriet hadde framleis lang rekkevidde, og nettverket med ladestasjonar viste seg å vera godt utbygd. Her er med ved ein annan løyndom, som er at reisebudsjettet ikkje er avhengig av svingande bensinprisar når du køyrer elektrisk.

– I staden for å stoppa for å tanka og ta med ei pølse i handa, kan du heller kjøpa deg eit betre måltid på ein restaurant medan bilen står tilkopla ein superladar. Lading av Tesla er gratis over heile verda, opplyser Beck.

EIN BIL MED SJEL

– Kva vil du seie om køyregleda? Er det annleis enn å køyra ein vanleg bensinbil?

– Vel, eg har køyrd både Lamborghini, Ferrari og Maserati, men dette er heilt klart den beste bilen eg har prøvd. Responsen er heilt enorm; trykkjer du på gassen, så går den som ei kule. Dessutan slepp du å tenkja på slike ting som oljeforbruk og om motoren skulle gå varm.

– Det var oss tre på tur, eg, Enok og Teslaen; det er ein bil med sjel.

­Det er nesten kjærleik å spora i augo hans i det han fortset:
– Teslaen vil på tur. Den elskar både dei svingete vestlandsvegane, autobahn i Tyskland, kysten nedover i Kroatia og dei italienske småbyane, seier han.

– Det var oss tre på tur, eg, Enok og Teslaen; det er ein bil med sjel. Du merkar det når den går frå normalmodus til sportsmodus på motorvegen, og alt endrar seg, frå fjøring til rattstilling. Det blir ei heilt anna, meir organisk kjensle enn med andre bilar.

– Me gav bilen namn undervegs, seier Groven, som får siste ord:
– Etter kvart omtala me den berre som Vår framtidsven.

tesla FAKTA
KLAR FOR FRAMTIDA: Alle Tesla har hardwaren som trengst for å bli sjølvkøyrande, med eit tryggleiksnivå dei hevdar er monaleg høgare enn med ein menneskeleg sjåfør. (Foto: Tesla.com)

Fakta

Tesla Model S 90D

  • Rekkevidde per lading: 512 km (snøggleik: 100 km/t)
  • Akselerar frå 0-100 km/t på ned til 2.7 sekund.
  • 14 tre-posisjons dynamiske LED-svinglys gjev betre sikt nattestid.
  • Luftfiltreringsystemet fjernar 99.97% av eksos, allergen og bakteriar.
  • To motorar, ein framme og ein bak, gjev trekkraftkontroll under vekslande tilhøve.
  • Via den 17-tommers berøringsskjermen kan du blant anna opne panoramataket, tilpasse klimakontrollen, endre radiostasjon eller legge inn ein destinasjon.
  • Automatisk nykkellaus tilgang
  • WiFi og internett-tilkobling
  • Innfelte dørhandtak
  • HD ryggekamera
  • Hands free-samtale med Bluetooth
  • To USB-portar for media og straum
  • Nye sikkerhetsteknologiar (kollisjonsunngåing, automatisk nødbremsing) har byrja, og vert sendt ut via oppdateringar.
  • Framme er det kollisjonsputer for hovudet og bekkenet pluss to sidekollisjonsgardiner.
  • Firehjuls blokkeringsfrie skivebremsar med elektronisk parkeringsbrems.
  • Meir informasjon: tesla.com/no 

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this