Felleskjøpet
Featured Video Play Icon

Vestlandet på sitt beste

Tom Roger Aadland inviterte vestlendingar til å bidra med eigne bilete frå landsdelen vår til hans nye musikkvideo. Resultatet blei overveldande.

– Då eg skulle lage musikkvideo til den nye songen min, Vestland, Vestland, tenkte eg at ein slik song handlar jo aller mest om menneska på Vestlandet, om korleis dei opplever naturen, vêret, lyset og alt det andre som gjer landsdelen unik, seier haugesundsartisten.

– Responsen var rett og slett rørande, og eit slåande uttrykk for at vestlendingar er glade i landsdelen sin.

Han inviterte difor, blant anna gjennom Bergensmagasinet, vestlendingar til å sende foto som viste kva Vestlandet var for dei. Like etter at dette var lagt ut, tenkte Tom Roger Aadland at det sikkert var ein forferdeleg dårleg idé, og at han sikkert ikkje kom til å få nokon bilete.

– Men det tok heilt av, og eg slutta å telje då eg hadde fått inn 600 foto, fortel han.
– Responsen var rett og slett rørande, og eit slåande uttrykk for at vestlendingar er glade i landsdelen sin.

Det har kome inn foto frå Jæren og Sunnmøre, Hardanger og Nordfjord, og det har nok vore eit luksusproblem for regissør Thomas Mortveit å velje ut bileta som fekk plass i videoen.

– Folk har sendt inn bilete av beitande sauer, barn på fjelltoppar, nedlagte fabrikkar, kvinner med vind og regn i håret, og fjordar og havsletter med så vakkert lys at det gjer vondt. Resultatet er eg stolt av å vise fram, både som artist og som vestlending.

LES OGSÅ: En indianer fra Haugesund

Videoen er regissert av Thomas Mortveit. Singelen Vestland, Vestland er produsert av Lars Voldsdal og innspelt i Velvet Recording med Kjetil Steensnæs (gitar, pedal steel), Sigbjørn Apeland (hammondorgel), Tor Egil Kreken (bass, banjo) og Erland Dahlen (slagverk, perkusjon). I tillegg medverkar Oslo Strings: Lise Voldsdal (fiolin, kor og strykearrangement), Ragnhild Lien (fiolin), Isa Caroline Holmesland (bratsj) og Kaja Fjellberg Pettersen (cello).

Tom Roger Aadland (foto: Arvid Børretzen)
Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this