Felleskjøpet
NY SJEF: Hordaland Teater fekk i vår ny teatersjef, ho heiter Solrun Toft Iversen. Dei har òg fått eit heilt nytt kontor i sentrum, i Teatergaten.

Teater med timing

Meir bordtennis og mindre ekkokammer, er slagordet til Solrun Toft Iversen, sjef ved Hordaland Teater.

Hordaland Teater fekk i vår ny teatersjef, Solrun Toft Iversen. Dei har òg fått eit heilt nytt kontor i sentrum, i Teatergaten, passande nok. Når eg kjem inn dit ein førsommardag, er det meir eller mindre tomt, med unnatak av eit par menneske og ein heil del pappeskar. Men midt på golvet i fellesrommet står eit bordtennisbord. Dét har dei fått opp.

– Ja, det var det viktigaste, seier Iversen.
– Alle kunstnarar og kulturfolk som kjem innom her bør ta eit slag bordtennis før dei går igjen.

– Eg tenkjer på det som ein ny start for teatret, at det blir eit nytt teater.

Det er altså ikkje duka for pling-plong-teater her, meir ping-pong. Det kan vel òg vere avslappande med ei slik innretning for sjefen sjølv, som kom inn i jobben under særskilde omstende.

Hordaland Teater stod utan sjef i eitt år grunna leiarkonfliktar, Iversen sjølv var på den tida konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater. Etter å ha blitt oppmoda om å søke sjefsstillinga ved Hordaland Teater, hoppa ho meir eller mindre inn i stolen utan tilløp, som i stille lengde.

– Det har vore overveldande, men på ein god måte. Det er spesielt å starte i ein jobb utan den vanlege planleggingstida. Vanlegvis har ein betre tid, til tankeprosessar for eksempel, kanskje har ein òg ein arbeidsperiode parallelt med sitjande sjef. No blei eg meir kasta inn i det. Men alt dette, saman med flyttinga til Logen, gjer at eg tenkjer på det som ein ny start for teatret, at det blir eit nytt teater.

Midt i kulturløypa

Hordaland Teater har sidan 1988 hatt sete på Stend. Dei har vore profilerte som barne- og ungdomsteater, dokketeater, turnéteater og nynorskteater. Men for enkelte byfolk som er bortskjemde med kulturtilbod rett rundt hjørnet i sentrum, har reisa til Stend fortona seg lang: først ti timar med buss, så båt for tog i eit par dagar, deretter Twin Otter over fjella, før ein endeleg var framme.

No er flyttinga til – og ombygginga av – Logen i gang, sentrumskontoret er på plass, og etter kvart skal teatret ikkje ha drift på Stend lenger.

– Det trur eg blir bra. Når vi er her no, kjem kunstnarar innom heile dagen, vi kjenner at vi er i løypa. I ein by skjer det så mykje meir, og eg trur det er viktig at vi er ein del av eit fagmiljø.

– Når det gjeld ombygginga av Logen, var det naudsynleg med ei oppgradering. Publikum skal framleis merke at dei er på Logen, men dei kjem inn i eit nytt areal. Dei skal kunne vere der også utan å ha billett til ei førestelling. I foajeen skal det vere samtalar, opplesingar, og andre gjennomgangskonsept. Logen skal ikkje ligge i dvale, heller ikkje i ombyggingsperioden, lovar ho.

Samstundes skal Hordaland Teater halde fram å vere eit turnéteater. Sjølv om det tyder dobla aktivitet. Men Iversen meiner ikkje at teatret berre har livets rett om alt dei viser fram er eigenprodusert.

FLYTTAR TIL SENTRUM: Ombygginga av Logen er i gang, sentrumskontoret er på plass, og etter kvart skal Hordaland Teater ikkje ha drift på Stend lenger.

– Eg tenkjer at gjestespel er det ikkje noko i vegen for å ha. Berre det kjem publikum til gode, kunsten til gode, og så lenge vi som teater kan stå inne for det, er det ikkje noko gale i å vise fram andre sine ting. Det er tvert om viktig å vere med på å formidle den gode kunsten. Samtidig som vi skal bringe ut vårt, andre plassar.

Når Agnes Ravatns Fugletribunalet kjem hit i haust frå Sogn og Fjordane Teater, skal for eksempel Hordaland Teaters Skomakarens draum til Sogn og Fjordane.

Gjennom ulike modellar ønsker ho òg å samarbeide med Haugesund Teater, Rogaland Teater og Teatret Vårt i Molde, som er dei største vestlandsteatra. Og sjølvsagt med «storebror i Oslo», som ho kallar Det Norske Teatret, eller som ho rettare kallar sjefen der, Erik Ulfsby.

– Han har etablert ei nynorsk scene for samtidsspørsmål og samtidsteater, han er ikkje berre ein nostalgisk kulturforvaltar, seier ho, og impliserer samstundes at ho sjølv ikkje ønsker å berre vere ein nostalgisk kulturforvaltar.

Kven er vestlendingen?

Sjølv har Iversen uttalt at ho vil forvalte eit teater som speglar kven vi er som vestlendingar. Men vestlendingen er jo òg bergensaren. Kan ei nynorsk scene midt i Bergen sentrum føre til ei identitetskrise for bergensaren, som tradisjonelt berre har to kjønn i sin grammatikk?

Kan ei nynorsk scene midt i Bergen sentrum føre til ei identitetskrise for bergensaren, som tradisjonelt berre har to kjønn i sin grammatikk?

– Hehe, det handlar jo om korleis vi opplever den bergenske identiteten. Borgarskapet ligg framleis langt framme i panna når vi tenkjer på bergensarar. Men eg er frå Sotra, har studert i Bergen, noko veldig mange frå områda rundt byen har gjort, og gjer.

– Det er mange tilflyttarar her, og minst like mykje nynorsk i bruk i Bergen som bokmål. Tida er forbi då det finbergenske dominerte. Men Hordaland Teater skal leggje vekt på å spele på nynorsk og på dialekt, og bergensk er også ei vestlandsk dialekt.

Ho seier at det finst mange spanande krefter i regionen både blant skodespelarar og regissørar, som det er naturleg å knyte til teatret. Samstundes er ho på vakt overfor ekkokammer-effekten.

– Den vestnorske forankringa må òg ha motstand. Vi må møte verda utanfor og hente blikka deira inn, gjennom å hyre regissørar frå Danmark, til dømes, seier Iversen, som sjølv har ei dramaturgiutdanning frå Århus.

– Kva med satsinga på barn og unge, vil du halde den ved like?

– Ikkje like mykje. Vi vil produsere noko for barn og unge årleg, men meir enn å spele direkte ungdomsteater, vil vi kanskje finne ei litt friskare teaterform som gir ei anna oppleving – ledige sceneproduksjonar for unge og unge vaksne. Vi har elles den fantastiske dokkespelaren Ljudmil Nikolov ved teatret. Han blir sjølvsagt verande, han er ein skatt. I seg sjølv, men òg som ein som rekrutterer nye dokkespelarar, seier ho.

Bakgrunn som fordel

Iversen har sjølv vore tilsett på Den Nationale Scene som sjefdramaturg i perioden 2009-2016. Kva tenkjer ho om konkurransen med DNS framover?

– I tillegg til at det er naturleg med eit nynorsk teater i Vestlandets hovudstad, har eg tenkt at med det sjølvbildet ein har i Bergen, og rommet ein har, er byen stor nok til to seriøse teater i byen. Dei andre scenene er også seriøse, for all del, men dei er meir kommersielle, DNS og Hordaland Teater har eit anna oppdrag.

Som dramaturg er Iversen vand med å vere tett knytt til sjølve produksjonane; til korleis dei blir til, og kva dei blir til. Er dette utgangspunktet ein fordel å ha som sjef?

– Ja, det meiner eg. Ved sida av å vere sterk på språk og tekst, har eg veldig mykje prosesserfaring. Som sjef skal eg gje ressursar inn i produksjonen, delegere ansvar og oppgåver, då er det ein fordel at eg har erfaring med korleis ein byggjer ei teaterførestelling. Eg respekterer biotopen eg går inn i, er organisk til stades. Det handlar om å vite kva ein er i: «No er det ein open fase, kva leitar vi etter no?». Av og til treng ein tid for å finne ut av ting.

Den potente vestlandslitteraturen

Når det gjeld kva ho ønsker å setje opp, vil ho ivareta den klassiske dramatikken, som Shakespeare og dei amerikanske realistane. Eit vitalt teater må også følge med på europeisk samtidsteater. Men aller mest vil ho sjå til Vestlandet. Det er berre slik at Noreg ikkje druknar i samtidsdramatikarar.

Det er ein grunn til at teatra ofte vel å dramatisere romanar; på det feltet er det meir å ta av. Solrun Toft Iversen har allereie sett opp Agnes Ravatns nemnde Fugletribunalet på Sogn og Fjordane Teater, som no kjem til Hordaland Teater. Ho kjenner ansvar for både å utvikle ny, norsk dramatikk, og for å gjere scenisk bruk av vestlandsforfattarane.

– Eg har sett i gang eit skriveprosjekt med tanke på å utvikle ny dramatikk, altså tekst skriven direkte for scene. Men det er òg naturleg for meg å sjå til dei vestlandske forfattarane, med tanke på å dramatisere noko av deira arbeid. Dei unge vestlandsforfattarane har vind i segla for tida, seier ho og nemner namn. Med fare for at dette er folk Iversen ikkje har tatt kontakt med enno, nemner eg dei ikkje vidare.

– Eg har sagt at vi skal ha ein urpremiere kvart år, og at det kan vere ei dramatisering av ei bok. Å ha ein årleg urpremiere vil leggje beslag på ein fjerdedel av budsjettet vårt. Men eg meiner det er ei særs viktig oppgåve, og med tanke på kor mange som er opptatte av den nye, vestlandske litteraturen for tida, trur eg heller ikkje det er noko høgrisikoprosjekt. Eg trur publikum vil ha det.

Personleg vil ho ha det. Ho seier at det er ein «coolness» over dette miljøet, ikkje noko støvete over dei.

– Vi kan ikkje snakke om eit elitistisk nynorskomgrep i dag, med desse representantane. Ravatn for eksempel, er lite jålete. Og ho har eit sterkt språksyn, og ein humor som er veldig potent.

Underdog med teft

Med repertoaret til hausten varslar ho blant anna at det vestlandske populærorkesteret Finn-Erix legg sin årlege julebasarkonsert til Logen, men òg at det Oslo-baserte turnéteatret Statsteatret vil ha Hordaland Teater som si bergensscene i hennar sjefsperiode. Statsteatret har i si historiske teaterferd kome til Episode 7, 1950 – Spionen, som vi får sjå på Logen til hausten.

– Men det kompaniet speler ikkje akkurat på nynorsk?

– Nei, det gjer dei ikkje. Men dei tar føre seg Noreg si historie. Og dei tar med seg eit teatersyn som korresponderer veldig godt med mitt. Så det er fleire omsyn å ta, seier Iversen.

– Eg ser rundt meg i dette kunstnarlandskapet og tenkjer: No hadde du god timing, Solrun!

Festframsyninga 29. september på Logen blir samansett av ulike stemmer, tekstar, musikk, helsingar. Det kan gi ein peikepinn på kvar Hordaland Teater skal vidare, eller på kva for krefter dei har rundt seg. Iversen kan ikkje seie meir spesifikt om programmet, så langt.

– Eg ville sagt at det var fordi det var hemmeleg, men det er òg litt fordi det ikkje er ferdig planlagt, seier ho og ler.

– Men det blir ein type «fragment av vår nye framtid på Hordaland Teater»?

– Ja, det kan vere ein god arbeidstittel. Men det er altså så mange gode stemmer i sving, og ingen av dei kjennest introverte. Dei skriv og verkar for oss og vår samtid. Det skaper ein del av stoltheita eg kjenner, sjølv om teatret vårt er ein underdog. Eg ser rundt meg i dette kunstnarlandskapet og tenkjer: No hadde du god timing, Solrun!

Programmet for hausten på Hordaland Teater finn du på hordalandteater.no

ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this