Klangkollektivet3 Gjengen i studio
GJENGEN BAK KLANGKOLLEKTIVET: I 2012 gjekk ein gjeng med musikkelskarar saman for å løfte Bergens undergrunn til overflata. Frå venstre: Charlotte Todnem, Jørgen Stangeland Bach, Marianne Stockinger (framme), Silve Hellevang Stav (bak), Solgunn Slåtto, Elise Hessevik. (Foto: Kristoffer Øen)

Siste natt med Klangarane

Del artikkelen i Sosial medier

Førstkomande laurdag feirar Klangkollektivet fem års suksess for norsk og bergensk musikk med ein siste klangkveld på Østre.

– Det blir ein programspekka konsertkveld etterfulgt av Ekko-klubb både oppe og nede på Østre, lovar Solgunn Slåtto, initiativtakar og dagleg leiar for Klangkollektivet.

– Me har fått testa ut strategiar for å presentera snevrare musikalske uttrykk til eit større publikum.

I 2012 gjekk ein gjeng entusiastiske og idealistiske musikkelskarar saman for å løfte Bergens undergrunn til overflata, og då ikkje berre i Bergen, men til resten av landet og eit internasjonalt publikum.

Bookingbyrået, plateselskapet og studioet Klangkollektivet har vore på på Eurosonic og Roskilde med Electric Eye, på by:Larm og Spot med Línt, SXSW med Alexander von Mehren, på Urørt-finalen med Ekkolodd, Trondheim Calling med Lumikide, Vill Vill Vest med Elida og i Kina med Monstereo. For å nemne noko.

Solgunn Slaatto foto Helge Brekke
INNTEK NØRDEPOSISJON: – Eg skal inn i nørdeposisjon på master i København, seier Solgunn Slåtto, som for tida studerar ved Copenhagen Business School. (Foto: Helge Brekke)

– Me har oppnådd dei mål og ambisjonar me sette oss for fem år sidan. Artistane våre har reist til alle kantar av verda, og saman med dei har me fått testa ut strategiar for å presentera snevrare musikalske uttrykk til eit større publikum.

Klangkollektivet har vore ei eksperimentell leikegrind som har betalt seg i opplevingar og erfaring dei involverte aldri ville ha fått annan stads frå. ’Klangarane’, som dei har kalla seg, vil fortsetja med kulturrelatert arbeid eller studiar; Solgunn Slåtto med ein master ved Copenhagen Business School.

– Eg skal inn i nørdeposisjon på master i København, mine kollegaer satsar og nørdar på andre kantar, og artistane skal vidare. Det har vore eit eventyr av ein utforskningsperiode, med ein lidenskap for musikken som har styrt det heile.

Den aller siste klangkvelden vert arrangert saman med Ekko, og på scena står blant andre Línt, Monstereo og Ekkolodd, tre band som har vore med like frå starten:

Línt har nettopp vore på turné i Tyskland, der debut-albumet «Then They Came For Us» nettopp har kome ut og fått svært god mottaking frå både publikum og presse.

I mai spelar bandet på Danmarks svar på Bylarm, SPOT. Konserten på Østre på laurdag blir einaste ordinære konsert med Línt på heimebane i år.

Når det gjeld Monstereo, så sto dei bak Klangkollektivets første utgiving, dobbeltvinylen «Spacesuits, On!» i januar 2013. Det var etter ein dobbeltkonsert med Ekkolodd og Monstereo på Hulen at Klangkollektivet vart til i 2012.

Ekkolodd kjem også på den aller siste klangkvelden, med sin drøymande psykedeliske pop og absurde tekstar framført på gudbrandsdalsdialekt.
– Det er leikande og støyande gitarriff, perlande piano og svevande vokalmelodiar, seier Slåtto.

Tradisjonen tru vil det også bli presentert eit namn frå liknande miljø i Danmark (Waldo & Marsha i 2014 og De Underjordiske i 2015).

– The Entrepeneurs leverer energisk, umiddelbar og melodiøs punkrock toppa av ein karakteristisk krystallklar lys vokal.

Dei har difor invitert den danske noise-rock-trioen The Entrepreneurs, som Soundvenue omtalar som Danmarks beste live band. Dei er også blitt hylla i spaltene til Rolling Stone og Clash. Bandet er del av Thy Music Collective, eit artistkollektiv frå Thy på Nord-Jylland inspirert av Klangkollektivets modell.

– The Entrepeneurs leverer energisk, umiddelbar og melodiøs punkrock toppa av ein karakteristisk krystallklar lys vokal, lovar Slåtto, som legg til at på klubbprogrammet denne kvelden står Tarjei Nygård og Ekko DJs Asel og DJ Kalv$macker.

Rørsla Klangkollektivet er unik, men ikkje modellen. Skogen av ulike musikkselskap som har dukka opp etter Klangkollektivet står i full blomst, og vitnar om eit sterkt undergrunns-Bergen. Klangkollektivet overrekk malar og verkty, som platekontrakten, til Brak, med tanke om å hjelpe nye som startar opp liknande initiativ.

– Då me starta opp, var det umogleg å få tak i ein oppdatert mal på platekontrakt. Me ynskja også å bryte litt med det juridiske språket, og har brukt mykje tid på å formulere denne. Den er attpåtil på nynorsk – som jo er mykje lettare å forstå enn jusspråket, avsluttar Slåtto.

– Me håpar at me gjennom vårt tiltak har medverka til eit sterkare musikkmiljø for byen vår.

– Klangkollektivet starta fordi det mangla ein inkubator for mellomsjiktet av artistar i Bergen, seier Frøydis Moberg, styreleiar for Klangkollektivet.

– Me håpar at me gjennom vårt tiltak har medverka til eit sterkare musikkmiljø for byen vår. Slik byens mylder av små selskap fungerer i dag, er me ikkje bekymra for verken undergrunnsmiljøet eller mellomsjiktet.

Ho rettar også stor takk til Bergen Kommune, som saman med Brak har vore viktige støttespelarar sidan starten, og vist stor interesse og forståing for musikkfeltet.

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this