Horisont Skolestart
MØTE MED MEISTAREN: Claus Sellevoll som Sigbjørn Bernhoft Osa og Sigrid Moldestad i scenen frå Fleischers Hotel på Vossevangen 13. mars 1971, der spelemannen fortel korleis fela har teke han ut i verda. (Foto: Andreas Roksvaag)

Ekstraframsyningar av Heim

Over 7700 personar har sett første kapittel av den musikalske vestlandskrønika Heim. – Det har nærast blitt eit folkekrav at vi måtte legge ut enno fleire , seier informasjonsleiar ved Hordaland Teater, Irene Smørdal.

Fekk du ikkje tak i billett sist, eller vil dele Heim med andre vener, får du no altså ein ny sjanse etter sommarferien, med speleperiode frå 16. august til 7. september. Billettar til ekstraframsyningane er allereie lagt ut, så her handlar det om å snu seg fort.

Kva rørte seg i Hordaland, i hordalendingen sitt blikk på seg sjølv og på verda omkring oss i perioden 1965-1975?

I første kapittel av denne storsatsinga frå Hordaland Teater får du bli med tilbake til åra mellom 1965 og 1975. Eit stort lag av sterke vestnorske stemmer har her teke imot utfordringa om å skrive fram eit bilete om kven vi var då.

Kva rørte seg i Hordaland, i hordalendingen sitt blikk på seg sjølv og på verda omkring oss? Publikum blir invitert med på ei reise tilbake til hendingane, songane og livet den gongen. Og midt i alle hendingane står Voksne Herrers Orkester (Harald Dahlstrøm, Steinar Krokstad, Ole Marius Sandberg og Arild Seim) med eit utval av musikken frå den tida.

Episodane og «radioinnslaga» i det første kapitlet av denne krønika er skrivne av Ragnar Hovland, Finn Tokvam, Bjørn Sortland, Marie Amdam, Solrun Toft Iversen, Mari Hesjedal, Ingrid Jørgensen Dragland, Sigrid Moldestad, Marit Eikemo, Linda Børnes og Frode Grytten.

Skodespelarane som gjev liv til dei ulike karakterane er Sigurd Sele, Claus Sellevoll, Sigrid Moldestad, Anne Wiig og Ljudmil Nikolov, medan radioinnslaga vert lest av Bård Ose, Halvor Folgerø, Tony Ågotnes, Jo Grunde Straume Gudbrands, Bjørn Sortland, Christer Hjelmeland, Frode Grytten, Rolf Øvretveit, Jon Eirik Sira og Finn Tokvam.

Ekstraframsyningane av Heim vert sett opp i perioden 16. august – 7. september. Regi: Solrun Toft Iversen / scenografi: Tora Troe / koreografi: Hilde Sol Erdal / kostymedesign: Lise Christensen / lysdesign: Silje Grimstad.

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this