Vennebyen September 2016
BYGGJER BRU: – Namnet Broen.xyz siktar konkret mot Øresundsbrua, men eg tenkjer like mykje i overført betydning, med tverrnordisk samarbeid, seier Hilde Sandvik. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

Vil samla Norden til eitt debattrike

Broen.xyz har som føremål å «endre den nordiske offentligheten gjennom grenseløs journalistikk». – Eg meinar at me har mykje å læra av kvarandre, seier Hilde Sandvik, grunnleggjar og sjefredaktør for det nye mediet/nettstaden.

Den tidlegare debatt- og kulturredaktøren i Bergens Tidende har lenge vore oppteken av norsk, svensk og dansk allmente. Ho fortel at ho har lese danske og svenske aviser heilt sida ho byrja å lese trykte media, og har på den måten blitt meir og meir oppteken av både skilnadane og likskapane i debattane.

– Mange av debattane føregår parallelt, utan at noko lekk over landegrensene.

– Utfordringane er mykje dei same, og eg ser at mange av debattane føregår parallelt, utan at noko lekk over landegrensene, seier ho.

Ein tryggleiksventil

– Ser du for deg eit mediesamarbeid, eit slag NTB for Norden?
– Ja, på den måten at me vil setje agenda. For Broen.xyz er ikkje journalistikk berre ein måte å formidla røyndomen på, men også eit middel til å skapa endring. Broen.xyz vil vera ein tryggleiksventil som syt for å følgje dei vanskelege problemstillingane heilt til døra.

Broen.xyz vil, i tillegg til utsending av regelmessige nyhendebrev og den medieplattforma dei vil byggje undervegs, også arrangera tverrnordiske konferansar.

– Kjem det også papirutgåve av Broen.xyz?
– Ikkje no, men ein kan aldri vita. Nyhendebrevet vil vere vår primærkjelde, omsett til fleire av dei nordiske språka. Me vil også bruka dei digitale kanalane Medium (ei mellombels plattform medan nettstaden vert bygd opp), Twitter og Facebook.

«Uhyrleg hykleri»

I det siste i rekkja av nyhendebrev har ho teke med ein aktuell og tankevekkjande artikkel om flyktningstraumen. Under tittelen «Mens vi vænter på næste flygtninge-storm» tek den danske forfatteren Jens Martin Eriksen oppgjer med det han kallar eit «uhyrleg hykleri».

«Vi begræder druknekatastroferne i Middelhavet og i Det Ægæiske hav, også selv om incitamentet til den farlige færd netop ligger i vores egen politik, der tilsiger at man ikke kan søge asyl fra vores udenlandske repræsentationer, og flygtninge derfor tvinges ud på disse livsfarlige sejladser for at redde sig i sikkerhed» skriv Eriksen i denne artikkelen, som er lagt ut på Broen.xyzs Medium-profil (medium.com/@broenxyz).

Erna Solberg i Det kvite hus

– Korleis skal du kunne leva av dette?
– Konferanser, foredrag og abonnementstenester er det som ligg inne i forretningsplanen, seier ho.

– Kva om det er slik at Norden har løysinga på dei problema som verda står overfor i dag?

– Eg meinar at den nordiske modellen har mykje for seg, både når det kjem til å styrka oss internt og til å læra ifrå oss, og at vi er ein stor marknad. Kva om det er slik at Norden har løysinga på dei problema som verda står overfor i dag? Store delar av verda misunnar oss det me får til her nord.

Barack Obama inviterte nyleg dei fem nordiske statsleiarane til felles samling i Det kvite hus, der tema som terrorisme, valdeleg ekstremisme, tryggleik, atomvåpen og miljø- og klimautfordringane stod på agendaen.

– Dette møtet kom i stand nettopp fordi Obama ser at dei nordiske samfunna får til noko som andre land slit med, seier Sandvik.
– Noko av det mest grunnleggjande er ein stor grad av tillit.

Nordisk union

– Ser du for deg ein nordisk union?
– Ein indre arbeidsmarknad med større harmonisering av arbeidsretten kunne vore ein veg å gå. Men føderasjon… det ligg nok eit stykke fram, men eg ser at både Petter Stordalen og den svenske historikaren Gunnar Wetterberg tek til orde for det.

«Norsk bør bli nordisk» var bodskapen frå Petter Stordalen i ein VG-kronikk i fjor sommar, skrive saman med Thomas Høgebøl (leiar av North Alliance). Når det gjeld Gunnar Wetterberg, så har han lenge vore ein varm forkjempar for ein nordisk forbundsstat. I ein kronikk i Sveriges største dagsavis, Dagens Nyheter, skreiv han nyleg at det «är en realistisk utopi med allt mer verklighet på sin sida».

Finlands olje

– Dette er vel tankar som rører ved den norske folkesjela, etter alle hundreåra med union med fyrst Danmark, sidan Sverige?
– Mitt mål er ikkje ein føderasjon. Det eg meinar, er at me har veldig mange spanande samtalar, og mykje å læra av kvarandre. Sjå på Vestlandets situasjon no, med ein stor knekk innan oljeindustrien. Då kan det vere nyttig å sjå på kva Danmark, Sverige og Finland har fått til gjennom periodar med lågkonjunktur.

– Noreg har vore i ein oljedvale som me treng å bli vekt opp frå.

– På den måten at Nokia blei Finlands olje?
– Ja, nettopp det. Der kan ein sjå på kva som skal til for å skapa innovasjon. Noreg har vore i ein oljedvale som me treng å bli vekt opp frå. I tidlegare tider var det alltid ein «drive» for å klara seg. Spørsmålet no er om me har fjerna oss for langt frå eit slikt pågangsmot. Her i Bergen er mykje pengar salta ned i eigedom.

Sjå til Sverige!

Den franske økonomen Thomas Piketty meinar at det er eit problem når formuar hopar seg opp hos eit mindretal i samfunnet, der arv blir meir viktig enn produksjon. Dette fører til ein sterk konsentrasjon av kapital, noko som igjen hindrar innovasjon og ny økonomisk vekst, alt medan den økonomiske ulikskapen aukar.

– Eg oppmodar gjerne kapitalsterke vestlendingar til å sjå mot Sverige, der mange nye industriar veks fram, seier ho.
– Eit anna felt er energi. Der kunne me fått til mykje gjennom ein felles nordisk politikk. Danmark er nesten sjølvforsynt av vindkraft, og Sverige har mange interessante eksperiment med solenergi.

Røvarstaten Island

– Kva skal me få frå Island?
– Å, eg elskar Island. Landet er ein skikkeleg røvarstat, der det politiske har spela fullstendig falitt. Det som skjer der, er som ein buljongterning med essensen for resten av Norden. I Danmark er allereie tilliten til politikarane på eit lavmål. Ei rekkje nye alternative politiske parti har dukka opp, med det felles at dei profilerar seg på å ikkje vere som andre politiske parti.

– Er det noko av det same me ser med Miljøpartiet Dei grøne i Noreg?
– Ja, når det gjeld at dei tenkjer uavhengig av dei tradisjonelle blokkene. Det som eg synes blir interessant å sjå, er om det er i politikken at dei store nye løysingane kjem, eller om det blir innanfor næringsliv og kultur.

broen1
NORDISK UNION OG SAMARBEID: Under Kalmarunionen (1397-1523) var heile Norden samla i eit tronfellesskap som foreina dei tre kongedøma Danmark, Norge (med Island, Grønland og Færøyene) og Sverige (med Finland). Parlamenta i dei nordiske landa har samarbeida i Nordisk råd sidan 1952, dei nordiske regjeringane i Nordisk ministerråd sidan 1972. (Foto: Søren Sigfusson/Norden.org)

Norden sett frå Broen.xyz

  • Danmark: – Eit lite land, med stort press på grensene. Store område har mykje arbeidsløyse. Danskane er ekstremt pragmatiske, og har lang tradisjon for eit skarpt offentleg ordskifte. Det er noko svært konkret og direkte i den danske debatten som eg likar godt. Akkurat no diskuterar dei eit forbod mot hatpredikantar. Danskane har også høg innovasjonstakt, og har vist at dei kan kome seg gjennom ei krisetid. Dei er dyktige handelsfolk, og det vert sagt at du må telje fingrane etter å ha forhandla med ein danske.
  • Island: – Sagaøya har ein veldig sterk kulturtradisjon og skyhøg sjølvtillit. Dei er veldig ekspansive og globale i måten dei tenkjer på. Dessutan har dei rike kunnskapar om eigne historiske røter, noko som er vesentleg for måten dei ser på seg sjølve.
  • Sverige: – Dei er veldig gode på å byggje industri og innovasjon, og dei har veldig god kommersiell teft. Både innan popmusikk og reint generelt ligg dei mykje tettare på USA enn dei andre nordiske landa. Det som skjer i New York, skjer i Stockholm 14 dagar etterpå.
  • Noreg: – Me har den dugnadsånda, det at me faktisk kan gå inn og løfta fram noko i fellesskap. Det er noko seigt over det norske, noko med at ein ikkje gir seg før ein har klart det. Så spørst det om olja har gjort noko med det, om den har endra oss. Det beste av det norske er Espen Askeladd; denne evna til å sjå kva som er mogleg, og så berre gjera det.
  • Finland: – Dei har eit godt skulesystem, med respekt for autoritetar. Dessutan har dei vist stor evne til å omstilla seg, med Nokia som det beste eksemplet på eit industrieventyr der dei gjorde suksess ved å vri om på produksjonen.
  • Dei baltiske statane: – Her tenkjer eg at ein stad må grensa gå for Broen.xyz. Det er klart at me kan kika mot dei, og dei er svært interessante i NATO-samanheng.

 

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this