Felleskjøpet
SALMAR TIL TRØYST OG HÅP: – Eg er skremd av at menneska har så mykje vondskap i seg. Samtidig er eg litt naiv av natur, og tenkjer at dei aller fleste er gode på botnen, seier Sigrid Moldestad. (Foto: Magnus Skrede)

Salmar til trøyst og håp

Folkemusikaren busett i Sælegrend i Åsane går ei travel tid i møte. I dag inviterar ho til salmekveld i Bergen Domkirke, og på måndag blir ho tildelt Medaasprisen. Deretter skal ho i gang med å øve inn songar til ein vestlandsk miniturné med fem julekonsertar.

– Eg blir litt mørkredd og motlaus av den tida me lever i no, seier Sigrid Moldestad.
«Sover vreden på jorda når det er natt?» er startlinja på hennar eigen Vintersong, som også har gjeve tittel til julekonsertane.
– Eg slapp ein video til Vintersong 13. november i fjor, som var same dag som det blei gjort ei rekkje terroråtak i Paris, fortel ho.

Salmar på nynorsk

Sjølv var ho på turné i Tyskland saman med Karl Seglem då nyhenda om åtaka kom. 130 personar blei myrda. Konsertsalen Bataclan i Paris var ein av stadene som blei råka, midt under ein konsert med Eagles of Death Metal.

– Dei aller fleste kjenner ei slag trøyst i salmane; eit halmstrå ein held i når ein er i mørket.

– Eg blir litt mørkredd og motlaus av den tida me lever i no, vedgår ho.
– «Alle er barn når de sover» skreiv Rolf Jacobsen. Men søv vondskapen nokon gong?

«Sova under englevakt i stova» er tittelen på fredagens salmekonsert med Sigrid Moldestad, eit arrangement som kom til etter at domkantor Kjetil Almenning spurte henne om ho ville spela på årets Kirkeautunnale.

– Det er skrive utruleg mange fine salmar. Mitt fokus har vore å presentere nynorske salmar, seier ho.
Tidlegare var det ikkje tillete å synge nynorske salmar i kyrkja. Den fyrste nynorske salmeboka kom ikkje før i 1925.

Trøyst og håp

Tittelen på konserten har ho henta frå «Ned i vester soli glader», ein kveldsalme frå Eid i Nordfjord med tekst av læraren, presten og forfattaren Anders Hovden (1860-1943). Musikarar på konserten blir Sigbjørn Apeland (trøorgel og kyrkjeorgel), Kåre Opheim (trommer) og britiske Brian Jon «BJ» Cole (pedal steel-gitar).

Sistnemnde er litt av ei legende, og har tidlegare spela med blant andre Elton John, Sting, Robert Plant, David Gilmour, Roger Waters, David Syvian, Björk og Katie Melua.
– Eg er utruleg spend og glad for at han blir med, seier Moldestad, som sjølv vil spele hardingfele og syngje.

– Kva har salmane å sei oss i dag?
– Dei aller fleste kjenner ei slag trøyst i salmane; eit halmstrå ein held i når ein er i mørket, tek kveld, eller er i ein utfordrande situasjon med sjukdom eller tap. Her er mykje god poesi, og mange av dei tek opp dei store spørsmåla i livet. Eg tenkjer også på det inderlege i dei; på håpet som ligg der.

Fascinert av døden

sigridmoldestad-fakta
DEI BESTE SONGANE: Den doble samle-cden Så ta mitt hjerte inkluderar to av Sigrid Moldestads eigne julesongar.

– Du har sjølv skrive songar som tek opp alvorsame tema. Kunne du tenkje deg å få nokre av dei inn i salmeboka?
– Det har eg aldri tenkt over. Men eg er oppteken av dei store spørsmåla, også i eigne tekstar.

– Døden fascinerar meg litt; eg plar lese dødsannonsane i avisa, og lagar meg historiar av det eg les. Det er noko med det forgjengelege i livet, at alt er over, og korleis vi som er igjen stiller oss til det.

– Fryktar du døden?
– Alle gjer vel det; tanken på ikkje å leve lenger, noko som alle på eit eller anna tidspunkt har ei samtale med seg sjølv om.

– Skriv du songar om døden?
– Ja, men på eit meir subtilt vis. Eg skreiv Herrelause sko etter at fleire eg kjende døydde i løpet av kort tid. Det er alltid rart når slikt skjer.

Skjemt og alvor

– Den kunne vel blitt brukt som salme?
– Ja, heilt klart. Ein annan er Tungt glir båten, der eg nytta ein tekst av Jan Magnus Bruheim. Det blei absolutt ein salme. Spelmannen også, der eg omsette Dag Anderssons svenske originaltekst til nynorsk.

– Og på måndag blir du hylla av ein norsk spelemann, rett nok avdød?
– Åja. Eg blei veldig glad då eg fekk vite det. Ivar Medaas var ein pioner innan vestnorsk underhaldning, musikk og visekunst.

– Eg kjenner meg litt beslekta med han. Han var ein glimrande spelemann som brukte dialekta si, skjeglinga og alt som gjorde han litt annleis til noko positivt. Han er eit ideal for meg i dét. Og bakom alt det løgne låg det eit djupt alvor og ein poetisk visesongar. Eg har brukt fleire av songane hans i mitt eige repertoar.

– Kva betyr det å få ein slik pris?
– Det betyr mykje i hjarta, og er mest av alt ein klapp på skuldra og ei anerkjenning for det ein har gjort og gjer. Det er jo ikkje anna enn stas. Eg fortenar ikkje nokon pris.

  • Bergen domkirke, fredag 21. oktober: Sigrid Moldestad med band spelar salmekonserten «Sova under englevakt i stova»..
  • Den Nationale Scene, måndag 24. oktober: Sigrid Moldestad vert tildelt Medaasprisen. Ho vil her dela scene med blant andre Helge Jordal, Finn Tokvam, Mads Eriksen, Odd Erik Lothe og Torkjell Børsheim frå dansegruppa Frikar, i tillegg til sitt eige band. Konferansier: Dag Lindebjerg.
  • Vestlandsturné med julekonserten Vintersong: Voss Kino, laurdag 15. desember / Sogndal kulturhus, sundag 16. desember / Florø samfunnshus, måndag 17. desember / Trivselshagen i Sandane, tysdag 18. desember / Fløyen i Bergen, onsdag 19. desember.

Fakta

Sigrid Moldestad

  • Felespelaren og songaren Sigrid Moldestad (f. 1972) er fødd og vaks opp i Breim i Nordfjord, og tok utdanning ved Ole Bull-akademiet på Voss.
  • Saman med Liv Merete Kroken har ho gjeve ut to plater som duoen Spindel: Spindel (2001) og Aminje (2005).
  • Trioinnspelinga Gamaltnymalt (saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes), som kom i 2005, blei tildelt Spelemannsprisen i klassen folkemusikk/gamaldans.
  • Ho debuterte som soloartist med albumet Taus (2007), som blei tildelt Spelemannsprisen i same klasse.
  • Sidan har ho gjeve ut tre album til: Sandkorn (2010), Himlen har sove bort mørkret (2010) og Brevet til kjærleiken (2014).
  • Like før jul i fjor kom ho ut med ein eigen EP knytt til høgtida.
  • Den doble samle-cden «Så ta mitt hjerte» kom også ifjor, inkludert to av julesongane hennar (Vintersong og Mot Jol).
  • Meir informasjon: facebook.com/sigridmoldestad
Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this