Felleskjøpet
NEI TIL TELJEKANT-LIKESTILLING: «I kvinnefrigjeringa er det kvinners kropp, liv, arbeid og premiss som må leggjast til grunn. I eit slikt perspektiv vert kvinneleg verneplikt i beste fall visjonslaust og heilt likestilt foreldrepermisjon ei slags statsfeministisk teljekant-likestilling som ikkje tek utgangspunkt i kvinna», skriv Oddny I. Miljeteig.

Kvinnedagen har vore føre si tid i 107 år

«Dersom du ikkje er føre di tid, kjem den aldri!» Utsegna tilhøyrer SVs fyrste partileiar, Berit Ås, framleis still going strong som glødande feminist i det ho ikkje er langt frå 90.

Tekst: Oddny I. Miljeteig

8. mars står for døra – igjen. Og igjen høyrer vi maset om at Kvinnedagen er utgått på dato, at i Noreg er kvinner meir enn nok likestilte menn – og at kvinnesak er noko som høyrde 70-talet til. Skal ein snakka om kvinneundertrykking i Noreg, er det muslimske kvinner vi talar om, og slett ikkje dei av oss som kan skriva historia vår mellom bakkar og berg attende i fleire hundreår.

Kvar 8. mars kler eg på meg knallraude strømper og kjenner på arven frå tidlegare generasjonars kvinneforkjemparar.

Men hallo? Skal eg oppsummera status for norske kvinners frigjering anno 2016, seier eg: «Hemsedalssaka.» Er du med? Andrea Voll Voldum frå Lærdal kjem og skal halda appell 8. mars i Bergen. Så la oss smella til med tala fyrst som sist, for vald og overgrep mot kvinner i det landet somme meiner «likestillinga har gått for langt»:

I 2014 vart resultatet av den første store valds- og valdtektundersøkinga i Noreg lagd fram. Undersøkinga er gjennomført av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag frå Justisdepartementet. Undersøkinga fann mellom anna at 9,4 prosent av kvinner i Noreg har opplevd å bli valdtekne, mot 1,1 prosent av mennene.

LES OGSÅ:
Erna Solberg: – Året har 365 kvinnedager
Camilla Stoltenberg: Hvor ble det av alle gutta?
Marte Mjøs Persen:  Fortsatt langt igjen til likestilling
Silje Hjemdal: – Slutt med hetsingen av kvinner
Sølvi Martinsen: Pensjonsråd for kvinner

9,4 prosent av kvinner. Det betyr det same som 200.000 kvinner. 200.000. Det er fleire enn det er innbyggjarar i Stavanger eller Trondheim – og berre 70.000 færre enn dei som totalt bur i Bergen. Det er eit kolossalt tal!

  • Halvparten (49 prosent) av kvinnene som rapporterte valdtekt, hadde opplevd valdtekt før fylte 18 år.
  • Det er ingenting som tyder på at valdtekt mot unge kvinner har gått ned over tid. Like mange yngre som eldre kvinner rapporterte valdtekt før fylte 18 år.
  • Seksuelle overgrep mot kvinner og menn blir stort sett utførte av menn.
  • Dei aller fleste valdtektsoffer kjende overgriparen. Dei største gruppene av valdtektsmenn var vener, kjende, nabo, kollega og kjærast/partnar eller tidlegare kjærast/partnar.

Så tek vi løna med det same. Ulikeløna. Kvinneløna står og stangar på 86-87 prosent av mannsløna. Det er kvinnefråtrekket. Og prosentar er ikkje kroner. Det er kronene vi lever av, og det er dei siste hundrelappane som avgjer om vi kan ha det vesle ekstra i kvardagen og førebu jula som høgtid.

Kvinneløna står og stangar på 86-87 prosent av mannsløna. Det er kvinnefråtrekket.

Økonomisk sjølvstende er grunnmuren i kvinnefrigjering. For ja, 8. mars er det kvinnefrigjering vi talar om. Ikkje likestilling. Likestillingsomgrepet er for veikt. Det har i seg at det underordna kjønnet skal nå opp til det overordna kjønnet. Men kvinnefrigjering skal ikkje skje på mannssamfunnets premissar.

I kvinnefrigjeringa er det kvinners kropp, liv, arbeid og premiss som må leggjast til grunn. I eit slikt perspektiv vert kvinneleg verneplikt i beste fall visjonslaust og heilt likestilt foreldrepermisjon ei slags statsfeministisk teljekant-likestilling som ikkje tek utgangspunkt i kvinna.

8. mars er kvinnerørslas internasjonale kampdag, nett som 1. mai er arbeidarrørslas internasjonale kamdag. Og festdag. For på desse dagane feirar vi våre sigrar og manifesterer våre kampar. Og nei, det er ikkje berre «utfordringar», det er kampar, mine damer (og herrar)!

Arbeidarkvinnenes forløpar til 8. mars i Noreg var Fyrstikkarbeidarstreiken i 1889. I oktober la fyrstikkararbeiderskene på Bryn og Grønvold fyrstikkfabrikkar i Kristiania ned arbeidet – mot dårlege arbeidsforhold og eit lønsnedslag på 20 prosent. Dei fekk stifta fagforeining, og med det gjeve signalet til ei brei organisasjonsrørsle av kvinnelege arbeidarar, i og utanfor industrien.

Clara Zetkin, ei kvinnesakskvinne det står respekt og heilt ekte kvinnehistorie av.

Det var i 1910 at den internasjonale sosialistiske kvinnekongressen i København vedtok å innstifta Den internasjonale kvinnedagen som eigen kampdag for kvinners rettar, og for freden. Kongressen talde 130 kvinner frå 16 land, blant dei Anna Gjøstein frå Noreg. Det var Clara Zetkin som reiste forslaget, og difor er 8. mars uløyseleg knytt til hennar namn. Clara Zetkin, ei kvinnesakskvinne det står respekt og heilt ekte kvinnehistorie av.

Det er uvisst kva land som først tok opp feiringa av kvinnedagen. Tyskland, Austerrike, Danmark og Sveits var tidleg ute, fylgde av Frankrike i 1912 og Russland i 1913. I 1914 fall 8. mars på ein søndag, og dette var fyrste gongen datoen vart fast kopla saman med kvinnedagen. I det norske tidsskriftet «Kvinden» reknar ein med at demonstrasjonane det året hadde samla 80.000 deltakarar.

I ein del historieskriving har Arbeidarkvinnedagen 8. mars 1917 vorte tilskriven å utløysa februarrevolusjonen i Russland. Det båra laus med demonstrasjonar og opptog. Arbeidarkvinnene gjekk ut på gata og krov «brød og fred». Dette vart, i følgje Aleksandra Kollontaj, ein av faktorane som utløyste februarrevolusjonen, og med det tsarveldets fall. Aleksandra Kollontaj var forresten verdas fyrste kvinnelege diplomat og ambassadør!

8. mars fekk først skikkeleg gjennomslagskraft med den nye kvinnerørsla, i Noreg frå og med 1973.

Både fyrste verdskrigen, den fascistiske frammarsjen i mellomkrigstida og så andre verdskrigen skuva 8. mars i bakgrunnen eller stogga han heilt. Den 8. mars 1945 vart det rett nok halde ein internasjonal kvinnekonferanse i Albert Hall i London. Skipinga av Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund tok oppatt 8. mars-tradisjonen etter krigen. Men 8. mars fekk først skikkeleg gjennomslagskraft med den nye kvinnerørsla, i Noreg frå og med 1973.

Raudstrømpene oppstod i USA på 60-talet som ein radikal motsats til tidlegare «blue stockings». Kvar 8. mars kler eg på meg knallraude strømper og kjenner på arven frå tidlegare generasjonars kvinneforkjemparar.

Kvinnekampen er, som arbeidarkampen, internasjonal. Det har med oss alle å gjera at jenteborn i titusental i India og Kina framleis vert sette ut for å døy – avdi dei har «feil kjønn»! At Trump kuttar bistand for kvinnehelse og reproduktive rettar vil bety død for tusenvis av kvinner og utrygge abortar for endå fleire. At einslege, kvinnelege forsørgjarar her heime toppar fattigdomsstatistikken – det er kvinneundertrykking og manar til kvinnekamp.

Bergens eigne Shilan Shorsh møtte døden 39 år gammal etter langvarige trugsmål og trakassering. Heile Noregs Amal Aden må ha politivakt med seg kvarhelst ho går. Det er alle kvinnners sak! Dei «skamlause» unge kvinnene skal ha vår alles solidaritet!

LHBT+-befolkninga må få si frigjering utan at  kvinner skal usynleggjerast, medan manns-omgrepet skal stå endå meir fjellstøtt.

Så ser det ut til at vi, 107 år etter Clara Zetkin sitt banebrytande forslag om ein internasjonal kvinnedag, må ta kampen for sjølve kvinneomgrepet. Green Party i Storbritannia skal ha foreslått at kjønnskategoriane skal vera «men» og «non-men.» Det er så vi fyk attlengs gjennom hundreåra via Aristoteles til kvinna som skapt av mannens ribbein.

Kjønnsforskinga vitskapleggjer visstnok dette, eller liknande. Dette er alvorleg. For det finst ingen kvinnekamp utan at «kvinne» finst som omgrep. LHBT+-befolkninga må få si frigjering utan at  kvinner skal usynleggjerast, medan manns-omgrepet skal stå endå meir fjellstøtt.

Kvinnekampen krev tolmod – og utolmod. Nye generasjonar kjem til, kvart år, og kjempar for gamle og nye saker. Seks timars arbeidsdag er eit snart 100 år gammalt krav som stadig er like omstridd og grensesprengjande. Sexkjøpslova må forsvarast dagleg mot den internasjonale prostitusjonslobbyen, som ikler seg mange andlet, i Noreg jamvel Amnesty sitt andlet.

For kvinnekampen gjeld det at gamle kampar stadig er nye kampar – og jamvel visjonære kampar, tiår etter tiår. Vi kan trygt slå fast at 8. mars markerer 107 år som føre si tid!

Oddny Irene Miljeteig er nestleiar i SV, gruppeleiar for SVs bystyregruppe i Bergen og leiar for bystyrets Helse- og sosialkomite. Ho har vore sjukemeld sidan sommaren 2015.

LES OGSÅ:
Erna Solberg: – Året har 365 kvinnedager
Camilla Stoltenberg: Hvor ble det av alle gutta?
Marte Mjøs Persen:  Fortsatt langt igjen til likestilling
Silje Hjemdal: – Slutt med hetsingen av kvinner
Sølvi Martinsen: Pensjonsråd for kvinner

ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this