Felleskjøpet
GJEV UT SONGHEFTER FOR BARN: Good Time Charlies barnesongar har positivt innhald, med mykje humor, dans og fri fantasi. (Foto: Oddleiv Apneseth)

Draumeblues for barna

Noko av det kjekkaste borna veit, er å bli spela for. Skal dette verkeleg ta av, treng du anten gitar og ei god songbok, eller lokale musikarar med blåtonar i blodet. 

Dette får du til gagns i morgon, når Good Time Charlie inviterar til mini-familiekonsert og bokslepp av songboka til Jubel og skrubbsår.

Det lokale bluesbandet Good Time Charlie er kjent langt utanfor byens grenser, og har mellom anna vore backingband for Lowell Fulson, Hubert Sumlin, James Cotton, Pinetop Perkins og Jimmy Dawkins. Dei har ni langspelarar på samvitet, og to av desse er reine barneplater, sunge på vestlandsdialekt. Slikt finst det ikkje mykje av.

Good Time Charlie kan også bookast til barneselskapet, med opning for eigen vaksenkonsert inn i dei blå timane.

«Draumeblues og blåsus» kom ut i 2013, og i fjor kom «Jubel og skrubbsår», to plater om alt frå å vera sjåfør for din eigen rakett, vera forelska utan å vete om det, og å ha fiskelukke, til forteljingar om venskap, kenguruar og rotekongar – alt sett til allsongvenlege tonar og fengande arrangement.

Alle barnesongane deira er også samla i to songhefter, med både tekstar, enkle notar og besifring til kvar av songane, slik at det er enkelt å akkompagnere til og med for dei av oss som slit med å treffe dei rette akkordane på klaveret. For dei minste er her også rikeleg med fargeleggingsoppgåver, slik at songhefta like fort kan bli ein baksetefavoritt på familiens små og større utfluktar (med musikken på bilstereoen, så klart).

Good Time Charlie kan også bookast til barneselskapet, med opning for eigen vaksenkonsert inn i dei blå timane. Repertoaret er stort etter 30 år på vegen, der varemerket er konsertar proppfulle av sjarm, speleglede og rå energi.

Good Time Charlie blei starta av Arle Hjelmeland (song og munnspel) tilbake i 1982. Han skriv alle tekstane, og nokre av låtane. Med på laget er Steinar Karlsen (gitarist og låtskrivar), Einar Olsson (trommer) og Morten Skage (bass). Barneplatene deira er utgitt på Apollon Records.

Good Time Charlie inviterar til mini-familiekonsert og bokslepp av songboka til Jubel og skrubbsår. Apollon platebar, laurdag 21. mai kl. 14.00.

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this