Julemagasinet Horisont
STØTTAR ROSA SLØYFE-AKSJONEN: Oddny Miljeteig heldt opningsinnlegget då Kreftforeningen i Bergen gav startskotet for årets Rosa Sløyfe-aksjon. – Det var ein milepæl for meg, både fordi det er ei viktig sak som berører mange, og fordi det var forferdeleg godt å kjenne at eg fekk det til, seier ho.

– Eg har bedt mykje til Gud, men har ikkje klart å seie «la din vilje skje»

– Sjølv om eg er eit kristent menneskje, for det er eg, så er eg redd for å døy, seier vår lokale SV-dronning, Oddny Miljeteig, som no er erklært kreftfri etter eit svært vondt og stritt år.

Sjuk eller ei, det er alltid ein fest å prate med Oddny. Ho er sprudlande, lattermild og hjarteleg til stades, til trass for at ho framleis har tunge dagar etter eit år med stråleterapi og totalt åtte cellegift-kurar. Slikt set spor, også for ein seig SV-krigar oppvaksen i ein potetåker i Åkrafjorden. No bur ho i eit koseleg enderekkehus like ved Brann Stadion.

– Det kjentes som om døden såg meg rett inn i andletet. Eg blei forferdeleg redd.

– Eg er ikkje friskmeld, men lækjarane seier at eg er kreftfri, opnar ho, og bankar lett i bordet medan ho set fram nytrukken kaffi og søte kjeks.
– Det har vore ei rimeleg tøff tid. Cellegifta er ikkje til å spøkje med, men lukkelegvis både reagerte og responderte eg godt på den.

Oppdaga det sjølv

Tidlegsommaren i fjor var prega av mange varme dagar med skinande sol og skyfri himmel. Slik var det også for Oddny Miljeteig, som såg fram til å segla inn i Bergen Rådhus, anten som ordførar eller som sosialbyråd.

Lite såg ut til å kunne gå gale, og Oddny gledde seg til valkampen. Så fekk ho ei uvanleg sterk kløe under høgre arm. Dette var ikkje noko teikn på nye politiske vindar, men kroppen sjølv som gav henne eit tidleg varsel om at noko ikkje var heilt som det skulle.

– Eg var ein idiot som ikkje gjekk til mammografi då eg blei innkalt i forfjor haust, fortel ho.
– «Det feilar ikkje meg noko» tenkte eg. Det er ikkje sikkert at dei hadde oppdaga noko heller. Men då den kløa kom, kjende eg ein klump under armen som ikkje let seg vekkforklara.

Kom raskt til

Ho ringde straks til fastlegen, og fekk time dagen etter. Han henviste henne vidare til Haukeland universitetssjukehus, der ho kom til nesten utan ventetid.
– Eg ville fortrengje tanken på kreft, og prøvde meg med at «det passar litt dårleg» då eg fekk time. «Jeg tror nok at du må prioritere dette» svara den gilde dama i telefonen. Då skjøna eg at her var det berre å koma seg avgarde.

På sjukehuset fekk ho konstatert at ho hadde brystkreft, med spreiing til lymfekjertlane under armen.
– Eg har alltid vore flink til å kjenne etter kular i brysta mine, men denne kulen låg så djupt at den hadde klart å gå unna radaren for meg. For meg var dette ein nyttig lærdom, seier ho.

– Eg var ein idiot som ikkje gjekk til mammografi då eg blei innkalt.

– Brysta endrar seg ulikt etter overgangsalderen. For enkelte blir dei meir mjuke, medan andre får meir harde kjertlar, slik som meg. Då blir det vanskeleg å finna kuler. Moralen er difor at ein både må vera flink til å kjenna etter sjølv og huta seg avgårde til mammografi når ein vert innkalt.

– Blei du redd då du fekk diagnosen?
– Det er kanskje annleis for dei yngre, sidan dei fleste som får brystkreft i dag overlever. For meg kjentes det som om døden såg meg rett inn i andletet. Eg blei forferdeleg redd. Det er dei nok vane til på Haukeland. Dei har teke veldig godt vare på meg. Eg sat nesten på fanget til ein av sjukepleiarane. Mentalt gjorde eg det.

miljeteig1
REDD FOR Å DØY: – Eg har bedt til Gud om at eg må få lov til å leve. Ikkje fordi eg trur at eg gjer så stor skilnad her på jorda, men eg synest at eg må få lov til å bli eldre.

Ba til Gud

– Er du redd for døden?
– Ja, det har eg vore heile tida. Sjølv om eg er eit kristent menneske, for det er eg, så er eg redd for å døy. Eg vil ikkje døy. Eg har bedt mykje til Gud, men har ikkje klart å seie «la din vilje skje». Eg har bedt om at eg må få lov til å leve. Ikkje fordi eg trur at eg gjer så stor skilnad her på jorda, men eg synest at eg må få lov til å bli eldre.

Midt oppe i alt det vonde, eller «herkjet», som ho uttrykkjer det på den syngjande dialekta si, opplevde ho gleda over å få sitt første barnebarn.
– Det er stort, og det kjennes ekstra sterkt å få sjå eit nytt liv koma til når eg sjølv har vore så redd for døden. Folk trur ikkje det om meg, men eg er nok ei pingle.

Viktige ord

– «Du blir nok sett på som ei veldig tøff dame. Hugs at det kan bli ei tilleggsbelastning» sa han. Dei orda hjalp meg mykje når eg var aller mest nedkøyrd.

Når det gjeld fagfolka på Haukeland universitetssjukehus, så får ho ikkje fullrost dei nok. Ho hugsar spesielt godt to viktige ting dei sa til henne før ho byrja på cellegift. Det eine var at dei ba henne hugse at det var dei som hadde ansvaret for å behandlinga.

– Det var meg til stor trøyst i mine svartaste stunder. Eg tenkte at, javel, då kan ikkje eg gjera noko frå eller til anna enn å lya. «Eg skal vere den lydigaste pasienten de har sett» svara eg.

– Kva var det andre dei sa?
– Å, det var ein ung vikarlege. Han må nok ha fått ei god opplæring, for han kom til meg med eit heilt vedunderleg råd. «Du blir nok sett på som ei veldig tøff dame. Hugs at det kan bli ei tilleggsbelastning» sa han. Dei orda hjalp meg mykje når eg var aller mest nedkøyrd.

– Du klarte å vise at du var redd?
– Akkurat det kom heilt av seg sjølv. Eg har vore der kor angsten tek kontroll. Då nyttar det ikkje å snakke fornuft til deg sjølv. Det einaste som hjalp då, var å hugse på at legane sa at eg hadde god prognose. Når eg nekta å høyre på det, sa mannen og ungane mine at «me vel å høyre meir på legane enn på deg»

Ho smiler breidt.
– Familien har vore ei vedunderleg støtte for meg i denne tida.

miljeteig2
ANGSTEN TOK OVER: – Eg har vore der kor angsten tek kontroll. Då nyttar det ikkje å snakke fornuft til deg sjølv, seier Oddny Miljeteig.

Åtte cellegift-kurar

– Var legane ærlege med deg?
– Ja, hundre prosent. Er det noko dei ikkje gjer, så er det å gje falske håp. Dei er heller litt forsiktige andre vegen.

Ho stoggar litt, tenkjer seg om.
– Men dei var også flinke til å fortelja meg akkurat nok på rett tidspunkt. Folk reagerar individuelt på cellegift. Eg fekk to ulike typar, og dei sa at det berre var den fyrste det fulgte kvalme med.

– Det var litt som å køyre gjennom Bømlafjord-tunnelen, der du ser desse kilometermerka som seier kor langt det er igjen.

– Det dei ikkje sa, var at den andre typen slo meg fullstendig til jorda. Eg var glad for at eg ikkje visste det på førehand. Då slapp eg å bruke krefter på å grue meg. Dei sa berre at eg ville få noko som likna på influensasymptom. Det var berre førebokstaven.
Totalt har ho vore gjennom åtte kurar med cellegift det siste året.

– Korleis var det andre gongen, då du visste kva som kom?
– Eg hadde ikkje noko val. Eg visste at eg måtte ha dei kurane for at dei skulle kunna operera vekk skiten.

Lyset i enden av tunnelen

Ho klarte å tenkje at dette var noko ho måtte gjennom. Og for kvar kur som var overstått, var det ein færre.
– Det var litt som å køyre gjennom Bømlafjord-tunnelen, der du ser desse kilometermerka som seier kor langt det er igjen.

– Det var lys i enden av tunnelen?
– Ja, for eg fekk stadig positive tilbakemeldingar om at kulen hadde minka. Spesialisten som såg til meg målte den med skyvelær. Eg hugsar då han sa til meg at «no kan eg kanskje kjenna litt forandring». Så snudde han seg mot meg og smilte. «Dette var bra» sa han. Smilet var heilt ekte, han var tydeleg glad på mine vegner.

– Har du vore sint undervegs?
– Nei, det har eg ikkje hatt krefter til. Men eg har tenkt at det er urettferdig. Dei sa på Haukeland at krefttypen eg hadde ikke kunne skuldast arv. Det var rett og slett uflaks. Hadde eg endå røykt, så eg kunna skulda på det.

Saknar «heimagarden»

Bergensmagasinets fotograf bryt inn i samtala. «Kva har du sakna mest i denne tida?» spør han. Svaret kjem nesten umiddelbart.
– Eg har ikkje vore på heimagarden i Åkrafjorden sidan eg blei sjuk. Det er barndomsheimen min. Eg har ikkje hatt krefter til å reisa dit. Eg plar seia at det er der sjela mi bur. Når det har gått fot lenge sidan eg har vore «heima», kjenner eg at eg må inn dit og hente sjela mi.

– Sjela di bur vel litt i bystyresalen også?
– Ja, og det var moro at me gjorde eit såpass bra val i fjor.

– Dåke tulla vel vekk litt byrådsmakt?
Dette er nærast eit kodeord for henne, for med eitt er den gamle bystyregløden tilbake i andletet hennar.

Fleirtalsbyråd utan SV

– Dei skal vere glad for at det ikkje var meg dei hadde invitert til byrådssamtalar. Det er ikkje slik ein forhandlar med folk.

– Det var rett og slett slik at Arbeiderpartiet valde Venstre istaden for oss. Då me blei invitert til uformelle samtalar, hadde dei allereie sett ned berebjelkane for ei byrådsplattform, slår ho fast.
– Dei skal vere glad for at det ikkje var meg dei hadde invitert til byrådssamtalar. Det er ikkje slik ein forhandlar med folk. Eg trur at dette blei gjort på høgaste hald i Arbeiderpartiet

Ho gler seg likevel over at det førre byrådet blei byta ut.
– Me ser endringane kvar dag, blant anna på korleis det no vert satsa på tenester og tiltak for utviklingshemma, noko me i SV også vil ha litt av æra for.

– Men det forundrar meg å sjå kor lite villige dei er til å gjere noko med fattigdomen i Bergen. Eg siktar då til alt som har med sosialhjelp å gjera. Den blir ikke ein gong indeksregulert. Der viser byrådet seg både kyniske og likesæle.

Det tek nok likevel enno ei tid før Oddny er klar for å gjeninntre i bystyresalen, sjølv om ho er fast bestemt på at ho skal det.

miljeteig3
TO GODE VENER: – Det er stor skilnad på å kome heim til eit tomt hus og eit hus med katt. Det har eg fått erfara det siste året. Eg trur at ho har vakta meg litt, seier Oddny Miljeteig.

Ein tur rundt kvartalet

– Det er enno slik at eg ikkje veit kva form eg er i frå dag til dag. Denne veka har eg hatt nokre dagar med mykje aktivitet. På mandag gjekk eg ein tur til Danmarksplass; det var som å springa halvmaraton. I går gjekk eg ned til byen, og då kjende eg på meg at dagen i dag ville bli grei.

– Det går litt betre for kvar dag?
– Vel, det går både opp og ned. Eg har framleis lange stunder på sofaen. Men eg har meir krefter no enn då eg var på det dårlegaste, etter komplikasjonar og strålebehandling. Då var det ikkje mykje hopp i meg, fortel ho.

– Eg måtte vite at det var kort veg heim igjen, både fysisk og psykisk. Nokon gongar måtte eg tvinga meg sjølv til å setja den eine foten framom den andre.

– Eg vågde meg ikkje ein gong ut på den turen eg hadde laga meg; at eg kvar dag gjekk mekanisk rundt Brann Stadion. Etter strålebehandlinga gjekk eg berre rundt kvartalet her, og så kjende eg etter om eg kunne klara ein runde til. Eg måtte vite at det var kort veg heim igjen, både fysisk og psykisk. Nokon gongar måtte eg tvinga meg sjølv til å setja den eine foten framom den andre.

– Var det på legens råd at du likevel gjekk desse turane?
– Ja, absolutt. Eg hadde jo sagt at eg skulle vera lydig, så eg gjekk det eg klarte. Når eg kom inn igjen, kjentes det som om eg hadde vore til fjells. Då var det greit å leggja seg på sofaen.

Ein firbeint ven

– Eg ser på Facebook at du er oppteken av katten din. Korleis har det vore å ha ansvaret for den på slike dagar, når du helst ville vera i fred?
– Katten har betydd mykje meir for meg enn ein skulle tru. Då eg var på det dårlegaste, kom ho og la seg oppå meg. Der låg ho. Når eg ligg på sofaen no, kjem ho meir anstigande, stangar med hovudet og krev kos. Slik var det ikkje då. Det var nesten som om ho forstod at eg var dårleg.

– Det var nesten som om katten forstod at eg var dårleg.

Ho stoggar litt, ser bort på den nydelege svarte skogkatten. Eg kunne skrive at det blenkjer i ei tåre, men det ville vore dikterisk fridom.
– Eg har alltid hatt katt, seier ho.
– Det er stor skilnad på å kome heim til eit tomt hus og eit hus med katt. Det har eg fått erfara det siste året. Eg trur at ho har vakta meg litt.

miljeteig-fakta1
VIKTIG SYMBOL: Den norske Rosa sløyfe-aksjonen har siden starten i 1999 samla inn nærare 160 millionar kroner.

Fakta

Rosa sløyfe-aksjonen

  • Rosa sløyfe (Pink Ribbon) har sitt opphav i USA, der amerikanske kvinner på byrjinga av 1990-tallet la fram krav om meir pengar til brystkreftforsking.
  • Sidan har organisasjonar, bedrifter og privatpersonar årleg via oktober månad til Rosa sløyfe-aksjonen. Aksjonen har blitt arrangert i Noreg sidan 1999.
  • Målet er å vise solidaritet med brystkreftramma, få ut informasjon og auke kunnskapen om sjukdomen.
  • Rosa sløyfe-aksjonen er internasjonal. I Noreg står Brystkreftforeningen og Kreftforeningen saman om aksjonen.
  • Kjennemerket er den rosa sløyfa, som i Noreg er varemerkeregistrert av Kreftforeningen og Brystkreftforeningen.
  • Les appellen Oddny Miljeteig heldt på Rosa Sløyfe-arrangementet på Fløyen 1. oktober.
  • Brystkreft er den mest vanlege kreftforma blant kvinner. 3324 kvinner fekk brystkreft i 2014. Førekomsten har auka mykje dei siste tiåra.
  • Ein del av auken kan tilskrivast mammografi, som no blir tilbode alle norske kvinner mellom 50 og 69 år. Dette programmet avdekkar fleire krefttilfelle på eit tidleg stadium, noko som betrar sjansen til å overleva.
  • Dei fleste kular i brysta er ufarlege. Men dersom du oppdagar ein ny kul som du er usikker på, bør du få den vurdert av lege.
  • Ein kul i armhola som ikkje går vekk kan også vere teikn på at noko er galt. Andre symptom kan vere endringar med brystvorta eller i huda over brysta.
  • Brystkreft råkar også nokre få menn. Prognosen er blitt betre, og rundt 9 av 10 kvinner som vert råka, er i live fem år etter diagnosen.
  • Det er ikkje avdekka nokon eintydig årsak til kvifor stadig fleire kvinner får brystkreft. Rundt fem prosent av tilfella skuldast sannsynlegvis arv.
  • Ein del tilfelle kan truleg forebyggjast ved mindre alkoholforbruk, omlegging av kosthald og auka fysisk aktivitet.
  • Meir informasjon: kreftforeningen.no og brystkreftforeningen.no

 

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this