RUNDTUR MED DAMPSKIP, TOG OG BUSS: Under namnet Bergen Heritage Tour inviterar Stiftelsen DS Stord 1, Veterantoget Gamle Vossebanen og Veteranbusslaget til historiske rundturar i sommar, nokre av dei som ein del av Kystsogevekene. Biletet viser DS Stord 1, som blei bygd i 1913 og gjekk i rutefart for HSD fram til 1969. (Foto: Kjell Magnus Økland)

Då fjorden var ferdselsveg

– Hordaland har 8500 kilometer med strandline. Det er lenger enn den italienske kysten, seier dagleg leiar i stiftinga Kystsogevekene, Kjell Magnus Økland, som helga etter fellesferien bles til start for nok ei halvannan månads lang feiring av kystkulturen her vest.

Den offisielle opninga av Kystsogevekene 2018 inngår som ein del av veteranbåtfesten Fjordsteam, og blir ein gedigen folkefest på Bryggen i Bergen laurdag 4. august.

– Fjordsteam blir truleg den største utandørs hendinga i Bergen i 2018, med mindre Brann vinn serien, seier Økland.

ARRANGEMENT I 22 KOMMUNAR

Fjordsteam byrjar torsdagen og avsluttar søndagen, medan Kystsogevekene vil halde det gåande like fram til 16. september – med ei lang rekkje kystkultur-arrangement i dei 22 deltakande kommunane.

– Det blir lagt opp til arrangement både på sjø og land, der fellesnemnaren er at det handlar om eller fremmar kystkulturen, forklarar Økland, som byrja i stillinga i januar i fjor.

– Til no har eg konsentrert meg om oppdatering og nystart av Kystsogevekene. Konseptet har eit stort potensiale, men gjekk kanskje litt på tomgang, medgjev han.

– Båtane skal ikkje berre vere kulisser. Folk må få ta på og prøve ting.

– Målet vårt er å ha fleire aktivitetar der publikum blir meir deltakarar og aktørar om bord i båtane, i staden for at dei berre er tilskodarar som får servert kaffi og vafler på land. Båtane skal ikkje berre vere kulisser. Folk må få ta på og prøve ting.

– Det blir mange gamle båtar?

– Sjølvsagt; eg er ikkje bekymra for at me ikkje får den nødvendige dosen av gamle tradisjonsbåtar.

SER FRAM TIL OPNINGSFESTEN:  – Fjordsteam-festivalen blir truleg den største utandørs hendinga i Bergen i 2018, med mindre Brann vinn serien, og er såleis eit passande høve for Kystsogevekenes opningsmarkering, seier Kjell Magnus Økland. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

Samtidig handlar Kystsogevekene om mykje meir enn dét; uttrykket «kystkultur» kan romme mange ting, og kan vere heilt ulikt ytst på Hernar samanlikna med inst i ein fjord.

– Det me ynskjer å få fram, er korleis sjøbasert aktivitet har påverka livet vårt her vest. Før var sjøvegen einaste måten å reisa på, anten ein skulle «te bydn» eller «te kyrkjes».

KYRKJEFERD I VETERANBÅTAR

– Fjordsteam blir truleg den største utandørs hendinga i Bergen i 2018, med mindre Brann vinn serien.

Det siste blir det faktisk høve til å gjenoppleva allereie på Kystsogevekenes andre dag. Søndag 5. august vil nemleg veteranbåtane MS Vestgar, MS Atløy og MS Granvin gå frå Bergen til Hamre kyrkje, der det, i samarbeid med Kystsogevekene, vert halde festgudsteneste.

Veteranbåtane vil leggje inn stopp i Biskopshavn, Eidsvåg, Salhus, Frekhaug og Steinestø, og returnere same leia etter gudstenesta. At nettopp Hamre kyrkje blei vald ut, er ikkje tilfeldig.

Ifølgje Digitalt Museum var Hamre prestegjeld, eller Hamarr, like frå mellomalderen eitt av dei største på Vestlandet, og strekte seg frå Sandviken ved Bergen og heilt til Modalen og Eksingedalen.

– Eg skjønar litt kvifor, seier Økland.

– Når du tenkjer på sjøvegen, så ligg Hamre kyrkje supersentralt til på eit hjørne av Osterøy, like ved der Osterfjorden, Sørfjorden, Byfjorden og Radfjorden frå nord møtes som i ein kross.

OSELVARAR OG OPTIMIST-JOLLE: Folkeakademiet i Sund og Sund Kystlag er sentrale arrangørar for Trellevikstemnet, som er ein del av Kystsogevekene – med arrangement både på land og sjø. (Foto: Kjell Magnus Økland)

Den noverande Hamre kyrkje blei antakeleg bygd i 1622 (altertavla har inskripsjonen 1622), og har dermed stått i snart 400 år. Det største jubileet blir likevel i 2024, då det kan markerast at det er 1000 år sidan Mostratinget vedtok at Hamre skulle vere hovudkyrkje for heile Norhordland.

– Du får eit viss historisk sus over deg når du vitjar kyrkjebygningar med så lang historie, seier Økland, som lovar at det vil bli sett av tid både til musikk og omvisning under arrangementet, før veteranbåtane returnerar til byen kl. 13.00.

På vegen tilbake vil dei tre båtane treffe andre veteranbåter nord i Byfjorden, som dei så vil kappkjøre med inn mot byen.

– Blei kyrkjegjengarane frakta i så store båtar i gamal tid?

– Nei, det vanlege i gamal tid var at det vart nytta robåtar. Poenget vårt er å få fram kvifor kyrkja blei plassert der ho er, og å visa at sjøen var den viktigaste ferdselsvegen i gamal tid. Så det er litt i folkeopplysningas teneste. Samstundes trur eg at det vil bli ei fin oppleving for alle, og noko me kan gjere fleire gongar.

FLEIRE KYRKJEREISER

Faktisk vil det by seg fleire høve allereie under årets vidare markering av Kystsogevekene.

– Me håpar å få til sjøvegs kyrkjereiser på alle dei sju søndagane som er innanfor festivalen, opplyser han.

Avtale er allereie gjort med Herdla kyrkje, der blir sett opp rute med veteranbåten Vestgar frå Kystmuseet i Øygarden og Vikebø til Herdla søndag 2. september.

– Eg håpar at ideen kan spreie seg; at folk tenkjer «dette kunne vore gjort i vår kyrkje». Det einaste kravet me stiller, er at kyrkja må vere plassert i nærleik av fjorden.

SKULEDAG PÅ SJØEN: Skuleelevar frå Nordhordland fekk i fjor ein heil skuledag om bord i Brørvikskuto, som er ein kopi av ei gamal ostraskute brukt til å frakte ved for salg frå Bolstad og Stamnes og inn til byen. (Foto: Kjell Magnus Økland)

Økland trur at dette er eit konsept som Kystsogevekene kan byggja vidare på, med nye kyrkjer og nye opplevingar for kvart år. Samstundes kan ein bruka høvet til å fortelja den einskilde kyrkjas historie.

– Eg og Ragna Sofie Grung Moe ved Bjørgvin bispedømmekontor hadde ideen. Me har oppmoda Hamre om å ta i bruk lokalavisa; skriv at det er noko ekstra som skjer, og gjerne få fram litt av Hamrekyrkjas lange historie.

– Det gjeld vel også for Herdla kyrkje?

– Ja, og historia der fortenar verkeleg å bli fortalt.

Kvar av bøndene blei pålagd å bidra med eitt mål brotstein.

Denne kyrkja blei riven etter å ha blitt stormskada i 1861. Ved gjenoppbygginga to år seinare var det krav om at den nye kyrkja måtte utvidast, og kvar av bøndene blei pålagd å bidra med eitt mål brotstein.

Denne forteljinga skal gjenskapast i Herdlevågen like etter gudstenesta 2. september. Det vil då kome fem robåtar lasta med stein, som så vil bli lasta over på ei vogn og trukke av hest fram til kyrkja.

– Me tenkte at steinen kan brukast til å laga noko; og få fram korleis folk har slite for å få bygd kyrkjene våre. Eg er viss på at det finst mange liknande historiar; det gjeld berre å få dei fram.

AVSLUTTAR MED SEGLSKUTEFEST

Kystsogevekene varer som nemnd i sju veker, frå laurdag 4. august til søndag 16. september, med ei rekkje ulike aktivitetar i 22 kommunar – frå Gulen i nord til Sveio i sør. Årets avslutning blir med ein eigen tre dagars seglskutefest i Rosendal.

– Mange litt mindre skøyter og skuter med segl er allereie påmeld, seier Økland, og fortel at ideen oppstod spontant i fjor, i og med markeringa av at det var 140 år sidan galeasen Loyal blei bygd i Rosendal av Knut Johannesen Nes.

FOTTUR I FJELL: Som ein del av fjorårets festival arrangerte Fjell kulturminnelag vandretur på Algrøyna for å høyra om og gå i fotefara til folka som gjorde «det store sildastenget» vinteren 1924. Fleire fekk betalt eigne hus på det vidgjetne notkastet. (Foto: Kjell Magnus Økland)

Dette var same mann som bygde hardangerjakta Gjøa; båten som Roald Amundsen brukte under reisa gjennom Nordvestpassasjen. Loyal har vore omfattande restaurert i seinare år, og var frå 1997 i bruk som turist- og opplevingbåt med base i Bergen og Forlandsvåg, før den blei seld til Florø i 2015.

Entusiastar i Rosendal restaurerar no ei anna skute, Gurine, som dei håpar å ha klar til sjøsetting til neste år. Dette er eit stort prosjekt som Interesselaget for Galeas Gurine (nettside: gurine.no) har arbeidd med i 6-7 år.

– Eg trur dei har lagt ned nærare 35.000 dugnadstimar så langt. Dei som gjer det, er ein god gjeng med stort pågangsmot.

– Det er vel ord som kan passa på deg og Kystsogevekene også. Kvifor gjer du dette?

– Det er eit stort spørsmål. Eg kan svare med å sei at sjøen alltid har vore ein uhyre sentral del av det å vere vestlending. Du kan få eit viktig sitat – som er at dei norske tradisjonsbåtane har vore forutsetninga for å kunne busetje seg langs norskekysten. Ein båtlaus mann er bunden til landet.

Gjennom dei siste 50-60 åra har dette endra seg dramatisk, ved at vegen på land heller enn sjøen er blitt reisemåten. Historisk sett er dette ei svært gjennomgripande endring.

– Thor Heyerdahl var oppteken av at folk heiste segl før dei sala hest. 90 prosent av verdas varetransport skjer framleis på sjøen og havet. Så det eg tenkjer, er at det er viktig å lage arrangement som får fram sjøens betydning – både tradisjonelt og framover. Eg trur nok at ein god del av framtida her på Vestlandet også vil vera avhengig av marine næringar.

Kystsogevekene vert arrangert i perioden frå 4. august til 16.september. Meir informasjon: kystsogevekene.no

REGATTA I HJELTEFJORDEN: Starten på Haustormseilasen til Fedje går også i år på Herdlaflaket i Hjeltefjorden. (Foto: Kjell Magnus Økland)

Fakta

Kystsogevekene

  • Kystsogevekene er ei samling av kulturarrangement i Hordaland og Gulen, og har vore arrangert årleg sidan oppstarten i 1997.
  • Alle arrangementa under denne paraplyen finn stad tidleg på hausten, og vert promotert av Stiftinga Kystsogevekene – som har Hordaland fylkeskommune som den viktigaste økonomiske bidragsytaren.
  • Dei siste åra har det vore 150-200 arrangement i dei 22 vestlandskommunane som er med i mønstringa: Sveio, Bømlo, Kvinnherad, Stord, Fitjar, Tysnes, Austevoll, Os, Fusa, Bergen, Sund, Fjell, Øygarden, Askøy, Osterøy, Meland, Lindås, Masfjorden, Radøy, Fedje, Austrheim og Gulen.
  • Føremålet er å skapa kultur- og reiselivsopplevingar og å styrka identiteten i kystdistrikta. Auka trivsel, vekst og nye arbeidsplassar er andre viktige målsettingar.
  • Kystsogevekene har sitt utspring i prosjektet Kulturformidlinga Håkon den gode, som starta med Håkonarspela – skrive av Tysnes-forfattaren Johannes Heggland (1919-2008).
  • Initiativtaker og daglig leiar av Stiftinga Kystsogevekene gjennom ei årrekke var Ragnhild Randal.
  • Noverande dagleg leiar er Kjell Magnus Økland. Han er opphavleg frå Tysnes, og gav i 2016 ut boka «Oselvar – den levande båten». Kontoret hans er i Wigandgården – like ved Fylkesbygget.
  • Meir informasjon: kystsogevekene.no
Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost
ANNONSE:

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this