nerboe1
BENKEPLASS PÅ GALLERIET: – Det hender at benken er oppteken når me kjem, men folk forstår at det er me som skal sitje her, når dei ser oss kome med spaserstokk og det heile. Me tre held godt saman, og er einige om å sjå lyst på tinga, seier Arvid Seim (83), som sit heilt til høgre. Dei to andre er (frå venstre) Erling Kongsvik (88) og Kåre Pedersen (94). (Foto: Odd Nerbø)

Ansikt frå Bergen

Del artikkelen i Sosial medier

Dei siste par åra har BT-fotograf Odd E. Nerbø gått rundt i Bergen med kamera og notisblokk og snakka med folk han synest ser interessante ut. No er 150 av dei samla mellom to permar.

– Den vestlandske folkesjela er jordnær, og blir ikkje skremd av å slå av ein prat; eller frette, som dei sa; med ein dei treffer langs vegen.

– Eg har ein veldig stor kjærleik til Bergen. Sjølv om eg har reist mykje, har eg alltid likt best å fotografera her, seier Odd E. Nerbø.

Opphavleg kjem han frå Aukra i Romsdal, ein kommune så langt vest at den unge Nerbø trudde han kunne sjå til England.

– Det såg slik ut på kartet. Me kan ikkje det, men det er nok nære på, seier han i dag, og smiler litt slik lunt, slik ein ekte vestlending gjerne gjer.

KJØPTE KAMERA FOR
KONFIRMASJONSPENGANE

Faren var amatørfotograf, og Nerbø fekk tidleg tilgang til bra fotoutstyr. Favorittkameraet var eit tysk Voigtländer med ei bra normallinse. Etter at han var konfirmert, tok han gåvepengane med inn til Molde, og brukte dei på eit Nikkormat-kamera. Dette var eit pris- og forbrukarvenleg Nikon-kamera, og nyt framleis stor respekt blant fotografar.

– Dette var i 1970. Saman med 35 mm og 80 mm linse betalte eg 3500 kroner for det, noko som var ei lita formue den gongen. Far min sa at når du kjøper så fint utstyr, så må du satse på det.

BILETSERIE FRÅ BOKA

DEN SISTE GENSAREN
DEN SISTE GENSAREN

– I august, på bursdagen min, sovna Marta inn. Det var den verste dagen i mitt liv. Ho var den einaste kjærasten eg har hatt. Marta var så meisterleg til å strikka. Eg har ikkje tal på alle gensarane eg fekk. Den eg har på meg i dag, er den siste ho fekk ferdig, fortel Trygve Hjønnevåg (82).

FANN KJÆRASTEN PÅ SARTOR SENTER
FANN KJÆRASTEN PÅ SARTOR SENTER

– Me er tre systre frå Filippinane som alle har gifta oss med ein norsk, fortel Grace Løvås, som traff ektemannen Leif Harald Løvås fyrste gongen ho kom til Bergen for å vitje den yngste systra. – Eg møtte Leif Harald på Sartor senter. No har me to barn. Leif Harald er morosam og flink til å ordne alle ting. Vår felles hobby er fisking.

RØRT AV OMTANKEN
RØRT AV OMTANKEN

Marie Elizabeth Melly (24) er råka av sjukdomen multippel sklerose (MS). – Mitt håp er behandling i utlandet, men det kostar 500.000 kroner. Dei pengene har eg ikkje, fortel ho. No har kjente og ukjente sett i gang innsamlingar for å hjelpa meg. Det er så rørande at folk er så snille. All omtanken eg opplever er med å halde motet mitt oppe.

MEISTERBOKSAREN GODTFRED
MEISTERBOKSAREN GODTFRED

Gerd (81) og Godtfred (82) Ulvestad har vore saman sidan tidleg ungdomstid. Han vaks opp i eit tøft gatemiljø på Hødden. Redninga blei at han tidleg kom inn i boksemiljøet. Ein av gutane i gata fekk ofte juling av faren. – 13 år gamal banka eg på hos dei. Eg sa til faren at han måtte slutta å pryle sonen, ellers skulle han få med meg å gjera. Då blei det slutt på mishandlinga, fortel Godtfred. – Seinare blei eg noregsmeister i boksing, men Gerd ville helst at eg skulle leggja opp. Då gjorde eg det.

FEKK KLEM
FEKK KLEM

Asa Shimada er kunstnar, og har budd fleire år i Bergen. Då ho vitja foreldra i Japan i fjor, fekk ho for fyrste gong i sitt liv ein klem frå mora. – Der eg vaks opp er det ikkje vanleg, fortel ho. Tilbake i Bergen skreiv ho eit langt brev til faren om kor glad ho er i han og mora. – No ringer han meg fast kvar veke. Neste gong eg vitjar dei, trur eg det blir klem frå han også.

FRIDDE I 1959, FEKK JA I 2017
FRIDDE I 1959, FEKK JA I 2017

Då han var elev på Stend, spurte Elling Hornenes Skartveit kjøkenjenta Oddny Fauske om ho ville bli kona hans. – Ho svarte at ho likte meg godt, men kunne ikkje bli bondekone på Tysnes. Eg gløymde aldri Oddny, og vart verande åleine. Ein dag i oktober 2013 ringde Oddny. Ho ville gjerne treffa meg. I sommar vart me mann og kone i Onarheim kyrkje, 58 år etter at eg fridde fyrste gongen, fortel Elling.

BENKEPLASS PÅ GALLERIET
BENKEPLASS PÅ GALLERIET

– Det hender at benken er oppteken når me kjem, men folk forstår at det er me som skal sitje her, når dei ser oss kome med spaserstokk og det heile. Me tre held godt saman, og er einige om å sjå lyst på tinga, seier Arild Seim (83), som sit heilt til høgre. Dei to andre er (frå venstre) Erling Kongsvik (88) og Kåre Pedersen (94).

Dermed begynte han på fotograflina ved dåverande Sogn Yrkesskole i Oslo. Då han var ferdig der, fekk han militærteneste som fotograf i Mannskapsavisen i Forsvaret.

– Det var ei fin tid. Eg hadde kontor på Akershus festning, og kunne reise fritt kor eg ville i Noreg, så det var 12 månader med luksustilvære.

Mannskapsavisen mottok dagleg aviser frå heile Noreg, og den framleis unge Nerbø la spesielt merke til Bergens Tidende.
– Eg hadde gode minner frå Bergen, etter at eg hadde sommarjobb som mannskap på ein snurpar då eg var 15 år. Me fiska sild utanfor Shetland, og var ofte i Bergen og leverte fangsten.

FEKK JOBB I BT

folkivest fakta
Meir informasjon: samlaget.no

No kan me gjera eit byks fram til hausten 1976, då den nylig dimitterte fotografen reiste på fromme og lukke til Bergen. Han ordna seg hybel, og fekk jobb med det same; fyrst eit tre månaders vikariat i dåverande Morgenavisen, deretter, nærast på slump, i Bergens Tidende.

– Eg fekk jobben fordi ein av BT-fotografane hadde sklidd på holkeføre og brukke armen. Den fyrste jobben var på Frekhaug, der eg dekka ein juletrefest for innvandrarar. Sidan har Bergens Tidende vore avisa mi – og Bergen byen. Etter to år i Oslo, var det som å kome heim, hugsar han.

– Her kunne eg snakke med alle som den største sjølvfølgje. Prøvde eg noko liknande i hovudstaden, blei eg møtt med eit mistenksamt blikk. Så det kjendest som ei stor frigjering. Eg har opplevd det same på heile Vestlandet, ja, ta gjerne Trøndelag med også.

– Er det kystfolket som er slik?

– Ja, eg trur det. Kanskje me har vore vant med å vera meir avhengige av kvarandre. Den vestlandske folkesjela er jordnær, og blir ikkje skremd av å slå av ein prat; eller frette, som dei sa; med ein dei treffer langs vegen.

– Då nærmar me oss vel også det boka di – og BT-serien den er basert på – handlar om?

– Ja. Eg har likt godt å fotografera folk som eg treffer midt i byen. Etter kvart oppdaga eg at dei aller fleste også har ei historie å fortelja.

FÅR SJELDAN NEI

Folk i vest-serien er inspirert av fotobloggen Humans of New York (humansofnewyork.com), som blei starta i 2010 av fotografen Brandon Stanton. BT-serien byrja for rundt tre år sidan med at dåverande biletsjef Eir Stegane (no nyhendeleiar) ba Nerbø om å gjera noko liknande. Sidan har serien hans stått på trykk to gonger i veka.

– Det byrjar med at eg tenkjer at «det blir eit bra bilete». Så spør eg om dei vil bli med på bilete; fortel at eg lagar BT-spalta Folk i vest. Mange er allereie kjend med den.

– Då eg blei spurd, hadde eg allereie lenge levert kvardagsbilete til side 2-spalta Blikk. Tekstane der var nok litt friare; det gjekk gjerne på å vise folk som heldt på med sitt. I den nye spalta kunne eg kome tettare på folk.

– Korleis finn du fram til dei du tek portrett av? Planlegg du bileta?

– Nei. Eg går rundt i byen og ser, ofte i timevis utan å finne noko. Eg veit aldri heilt kva eg ser etter før eg ser det. Det kan vere ein detalj, eit smil, kleda dei har på, måten dei går på. Mange av bileta er av to personar, anten det er vener, eit par eller far og son; eg likar godt den dobbeltheita. Det byrjar med at eg tenkjer at «det blir eit bra bilete». Så spør eg om dei vil bli med på bilete; fortel at eg lagar BT-spalta Folk i vest. Mange er allereie kjend med den.

– Hender det at nokon seier nei til å bli fotografert?

– Nei, det skjer nesten aldri. Eg trur eg kan telja på ei hand dei gongane nokon ikkje ville stilla opp på bilete.

– Korleis har serien utvikla seg undervegs? Er det nokre tema som går igjen?

– Vel, det går alltid kort tid før dei eg snakkar med fortel noko personleg. Når eg treffer eldre ektepar, spør eg ofte om korleis dei møtte kvarandre. Då fortel dei historia si med stor glede.

– Det same gjeld også for folk som er einsame, og kanskje litt triste; dei fortel også gjerne om kva som har skjedd. Serien handlar på ein måte om dei viktige tinga i livet, anten det er sorg eller glede, kjærleik eller tap.

nerboe2
TIDSBILETE FRÅ BERGEN OG VESTLANDET: – Folk i vest-serien er eit kvardagsdokument frå Bergen og Vestlandet, og folka som lever her, seier Odd E. Nerbø, og legg til at det kjennes som eit privilegium å få arbeide med dette. (Foto: Aicha Bouhlou)

Del artikkelen i Sosial medier

Magne Fonn Hafskor
Journalist i Bergensmagasinet. Send meg en epost

Relevante artikler

Topp
Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this